Samarbeid for fire spelarar i Halo 3

På ein pressekonferanse i Amsterdam har Bungie kunngjort ein heftig samarbeids-modus i Halo 3.

Blant alle dei som har kosa seg med Halo-serien dei siste åra, er det svært mange som har brukt mykje tid på å samarbeide med andre om å spele gjennom kampanjen. Det store spørsmålet for mange har av naturlege grunnar vore korleis samarbeid vil fungere i Halo 3. Først og fremst har mange lurt på om vi får samarbeide over Xbox Live som i til dømes Gears of War, men eit omlag like viktig spørsmål har vore om vi kan få spele fire stykke i lag, i motsetning til standarden som er to spelarar.

Skjermbilde frå Halo 3

No er den gledelege nyheita endeleg her. Frå Computer and Video Games får vi høyre at Halo 3 vil støtte speling for fire spelarar over Xbox Live. Nyheita blei kunngjort på ein pressekonferanse i Amsterdam. Lokal maskin er framleis begrensa til to spelarar på delt skjerm, men du kan logge deg på Xbox Live for å spele saman med to til.

I staden for å springe rundt som fire identiske versjonar av Master Chief, vil kvar spelar få ei bestemt rolle. Spelar nummer ein vil tre inn i rolla som Master Chief. Spelar nummer to vil spele som Arbiteren vi blei introdusert for i Halo 2, medan dei to resterande spelarane vil vere Elitar (soldatar frå Covenant-rasen). Desse fire karakterane vil vere heilt identiske å spele, bortsett frå at startvåpna vil variere.

Det blir interessant å høyre kva dette vil bety for historia i spelet, med tanke på at Arbiteren og Elitane var blant Master Chief sine argaste fiendar i Halo 2. Litt meir informasjon kan du finne på Bungie sine nettsider, i tillegg til ei skildring av dei to nye Elite-soldatane.

Halo 3 har lanseringsdato 26. september, i mellomtida kan du ta ein kikk på våre inntrykk frå Halo 3-betaen i vår.

Siste fra forsiden