Samletest

Logitech-mus

Dette er den beste gamingmusa til Logitech

Me testar produktrekkja til det bestseljande gamingmerket.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech er det leiande merket for gamingmus. Dei siste åra har dei produsert den eine bestseljaren etter den andre, og Logitech G Pro Trådlaus er framleis på førsteplassen på vår liste over gamingmus.

I fjor slapp produsenten ein drøss med oppdaterte versjonar av produkta sine, så i staden for å skrive fulle testar på kvar av dei, lagar me ein samletest på alt me har fått tilsendt. Felles for alle produkta me testar her, er at dei har fått den nye Hero-sensoren frå Logitech. Dei trådlause produkta brukar alle Lightspeed-teknologien til Logitech for oppkopling.

På utkikk etter ny gamingmus? Les guiden vår først »

Me har skrive ein del om Hero-sensoren før, og det er liten tvil om at Logitech er marknadsleiar når det kjem til teknologi. Sensoren deira er fullstendig feilfri. Den trådlause ytinga er òg det, og du kan rekne med at du får akkurat den same opplevinga trådlaust som kabla. Det er altså ingen forskjell mellom kabelkopling eller trådlaus kopling lenger.

Alle produkta brukar òg den same programvara, Logitech G Hub. Det er eit av dei mest detaljerte verktøya du kan få tak, og gjer absolutt alt du treng. Eg syns det nye designet er litt vanskelegare å finne fram i enn det førre, men når du først får taket på kvar ting er, kan du skru på det meste.

Me har testa fleire av produkta på lista under før, og difor skriv me berre korte omtalar om dei. Dei fulle testane ligg lenkja inn viss ein vil lese meir. Det er Logitech G403 Hero, G604 Lightspeed, G703 Lightspeed og G903 Lightspeed som er nye på testbenken vår. Av dei er det G403, G604 og G703 me ikkje har testa før. Dei får difor mest merksemd i testen.

Eit fellestrekk for alle relanseringane til Logitech er at dei kunne gjort langt meir med produkta. Det er fort gjort for dei å kutte i vekt og å jobbe med betra byggekvalitet, men dei fleste lanseringane her er nok gjort for å tene kjappe pengar.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

#1 – Logitechs ess

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 83 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Åtte + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Esportmus nummer ein

Beste bruksområde: Det meste

G Pro Trådlaus er framleis den einaste gamingmusa me har gitt 10/10, og det heilt sidan 2018. No kostar ho endå mindre. Byggekvaliteten er på topp, og ekstra modulære sideknappar gjer at denne ikkje berre gjer det fantastisk i skytespel og MOBA, men kan òg fint brukast i MMORPG eller i fotoredigeringsprogram.

Både i fjor og i 2018 var dette den klart beste trådlause datamusa du kunne kjøpe på marknaden. No er Razers Viper Ultimate ein potensiell konkurrent, som me snart skal teste. G Pro Trådlaus er framleis den nest lettaste, trådlause gamingmusa du kan få tak i.

Det er liten tvil om at dette er Logitechs desidert beste produkt.

10
/10
Logitech G Pro Trådløs
Logitech G Pro Wireless er den beste datamusa pengar kan kjøpe.
Feilfri sensor
Modulære sideknappar
Den lettaste trådlause musa du kan få tak i
Støtte for trådlaus lading
Briljant passform
PPT-knapp på undersida
Brukarvenleg programvare
Plass til vektlodd viss ein vil ha tyngre mus
Pris

Les hele testen »

Logitech G Pro Trådløs

Storleik: Mellomstor

Vekt: 96 (106 med lodd)

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Fem + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Ei ergonomisk mus med fantastisk komfort

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

#2 – For skytespelaren som vil ha mest mogleg komfort

G703 er det einaste av dei nye produkta i denne samletesten som Logitech faktisk har gjort noko anna med enn å berre skifte ut sensoren på. Vekta er nemleg redusert med 12 gram, slik at ho no veg rundt 96 gram. Det er respektabelt for ei trådlaus mus i denne storleiken. Kuttar dei 20 gram til er dette ein utfordrar for nummer ein-plasseringa.

G703- og G403-forma har alltid vore blant mine favorittar. Produkta ligg særs godt i handa, og dette er saman med SteelSeries Rival 600 mine mest behagelege gamingmus. G703 er berre ei mellomstor mus, men den kjenst ein del større ut på grunn av høgda. Det er få andre mus som er såpass høge og breie som denne.

Breidda og høgda gjer at ho fyller ut heile handa, og ligg perfekt i alle grepstypar. Du bør ha hender over 18 centimeter for å bruke G703 skikkeleg, elles kan ho bli litt for stor.

Musa har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Høgre- og venstre museknapp har kort vandring og ein fin lyd, mens sideknappane er velplasserte og har ein tilfredsstillande tilbakemelding. Rullehjulet er av gummi og plast, med klare og definerte trinn. Det er eit stykke unna kvaliteten på G502, G604 og G903, men det er framleis eit særs godt rullehjul. Dei andre har trass alt dei beste rullehjula av alle gamingmus.

Det einaste negative eg har å seie om G703 er om endringa Logitech gjorde, nemleg om vekta. Dei gjekk ikkje langt nok. G703 er framleis litt for tung for å konkurrere med dei aller beste skytespelprodukta, men viss komfort er viktigast for deg, er dette eit glimrande val.

Den betra batterilevetida er ikkje like betydeleg på denne som med G903 Hero, men du kan vente rundt 35 timar ut av batteriet med RGB på, og rundt 50–60 timar utan. Her er Powerplay eit betre val enn med G903.

8.5
/10
Logitech G703 Lightspeed
Ergonomisk mus med imponerande komfort, som fort kan bli eit toppval med ein vektreduksjon
Eksepsjonelt komfortabel
Lettare enn førre versjon
Feilfri sensor
Brukarvenleg programvare
Støtte for trådlaus lading
Gode knappar
Framleis litt for tung til skytespel anno 2020

Storleik: Stor

Vekt: 110 gram (120 med lodd)

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Ti + klikkbart rullehjul med to hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Allrounder med låg profil

Beste bruksområde: Det meste

#3–For den som vil gjere alt

Det verkar litt som om Logitech ønskjer å forvirre folk med G900-serien sin. Det er nemleg fire ulike produkt i serien, og alle er identiske i form og vekt. Den einaste forskjellen er sensoren, og om dei har støtte for Powerplay-ladematta eller ikkje. Fleire av produkta er framleis ute i butikkane, så her gjeld det å halde tunga rett i munnen.

Den nyaste i familien, G903 Hero Lightspeed, er altså oppgradert med Hero-sensoren. Den førre var for så vidt feilfri den òg, og hadde den same Lightspeed-teknologien, men Hero-sensoren bringar med seg ei seriøs oppgradering for batterilevetida. Førre generasjon klarar rundt eit døgn, mens denne skal kunne halde koken i rundt 140 timar med RGB. Utan lys klarar den visstnok 190 timar, mens den førre generasjonen gjekk tom etter rundt 40 timar. Eg har ikkje testa heile batterilevetida eksakt, men nye G903 haldt koken i rundt to veker med jamleg bruk utan behov for lading for meg. Det er altså ikkje noko stort behov for å ha Powerplay med denne. Då er plutseleg musa eit langt betre kjøp òg, med tanke på den stive prisen for både G903 og Powerplay.

Dette er framleis langt frå det beste produktet til Logitech, men først og fremst eit alternativ til G502 og G Pro Trådlaus for dei som vil ha ei litt større mus. Dei er alle gode allround-produkt.

Les heile testen av Logitech G903 her »

8.5
/10
Logitech G903 Hero Lightspeed
Gamingmusas altmoglegmann får utvida batterilevetid, men Logitech kunne gjort meir her.
Vekelang batteritid
Støtte for Powerplay
Ambidekstridesign
11 knappar
Justerbart rullehjul med to hastigheiter. Det klart beste du kan få tak i
Modulære sideknappar
God programvare
Høg vekt
Så-som-så komfort
Litt vel mjuke sideknappar

#4–Gaming og produktivitet i skjønn foreining

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 114 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Ti + klikkbart rullehjul med to ulike hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Drøssevis av knappar og ergonomisk design

Beste bruksområde: Det meste

Logitech G502 er ein av dei desidert mest populære gamingprodukta på marknaden, og i fjor tok produsenten sjansen til å tene litt meir pengar ved å kome med ei ny utgåve. 2019-versjonen av G502 har blitt oppdatert med HERO-sensoren og Lightspeed-støtte.

Den nye versjonen er nokre gram lettare, men elles er alt som før. Du får ei tung, men ergonomisk mus som passar alt frå skytespel til produktivitetsoppgåver takka vere heile ti knappar og eit fantastisk rullehjul. Me ville framleis gått for G903 eller G Pro Trådlaus i staden, men er du ute etter å erstatte den slitne utgåva di av G502 med ei ny, så er dette vegen å gå.

G502 stiller litt i same klasse som G903. Ho er meir behageleg å halde i handa, men til gjengjeld veg ho ein del meir enn G903 og har betydeleg kortare batterilevetid. Here gjeld det å balansere desse omsyna opp mot kvarandre. Kva er viktigast for deg?

8
/10
Logitech G502 Lightspeed
Den klart beste versjonen av G502, men den kostar skjorta.
Marknadens beste programvare
Trådlaus, med støtte for PowerPlay
Redusert vekt
Eit av dei beste datamus-rullehjula er blitt endå betre
Styrka byggekvalitet
Feilfri sensor med null forseinking
Svindyr
Framleis for tung til å kunne konkurrere med dei beste skytespelmusa

Les hele testen »

Logitech G502 Lightspeed

#5–Lita og billig, men utdatert

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 97 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Seks + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech HERO (feilfri)

Særpreg: Enkel og trådlaus toppmus til låg pris

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Er du ute etter ei billig trådlaus mus utan noko ekstra dilldall er Logitech G305 eit godt val. Her får du den same toppsensoren som på dei andre, men til ein tredjedel av prisen. Med AA-batteri held musa koken i opp mot 250 timar viss ein slår av RGB.

Problemet er at AA-batteri i ei gamingmus byrjar å gå litt ut på dato. Logitech har ikkje kome med noko ny versjon av G305 sidan ho kom ut i 2018, og det er på overtid.

Me gav G305 ein niar då ho kom, men ville neppe gitt ho meir enn åtte no. Det til trass for at det er ingen andre trådlause gamingmus i denne storleiken det er verd å bruke. Her bør det vere fint mogleg å få ned vekta med 30–40 gram for Logitech, og implementere støtte for Powerplay. G305 er framleis eit lurt kjøp, spesielt på sal, men det kan fort kome ein ny versjon av denne.

9
/10
Logitech G305
Logitech G305 gjer alt den skal.
Lang batteritid
Topp sensor
Behageleg i bruk
Billig
Ambidektridesign som ikkje kjem i vegen for funksjonalitet
Litt tyngre enn den treng å vere

Les hele testen »

Logitech G305

Storleik: Mellomstor

Vekt: 86

Tilkopling: Kabel

Knappar: Fem + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Ei ergonomisk mus med fantastisk komfort

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

#6–Gå heller for G703

G403 er ein litt lettare versjon av G703. Skilnaden er først og fremst at denne har kabel, og at G703 er trådlaus. Alt anna er identisk. For min del er ikkje kuttet i ti gram verd overgangen til kabel. Musa har ein lett og fleksibel kabel, men så lenge han ikkje når opp til Paracord-nivå, ser eg ikkje poenget i å velje G403 over G703. Prisen er i praksis den same.

Dette er framleis ei glimrande skytespelmus, men i og med at Logitech ikkje har endra noko på denne, er det like greitt å gå for G703. Eventuelt kan ein vente til neste generasjon, for eg har ein mistanke om at Logitech kjem til å hive seg på racet om å lage så lette datamus som mogleg.

7.5
/10
Logitech G403 Hero
Ergonomisk mus med imponerande komfort, men som er lite vits i å kjøpe når G703 finst.
Eksepsjonelt komfortabel
Feilfri sensor
Brukarvenleg programvare
Gode knappar
Kabel
Kostar nesten det same som G703

#7–For Wow-spelaren

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 136 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Tolv + klikkbart rullehjul med to ulike hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Produktet for den som treng masse knappar og god komfort

Beste bruksområde: MMORPG, produktivitet

G604 er Logitechs satsing på MOBA og MMORPG, som strengt tatt er ei langt betre kontormus enn til dømes Logitech MX Master 3. Det ergonomiske designet minner ein del om G502, men denne passar betre for dei med større hender.

Tommelstøtta er betydeleg meir behageleg enn på G502, og musa fyller heile handa slik G703 gjer. Til både produktivitetsoppgåver og gaming er dette ei veldig komfortabel form. Den er stygg som fy, men det kan me leve med.

MOBA-mus er generelt ganske tunge, og G604 er ikkje noko unntak. Denne veg 136 gram på vekta mi, og det med AA-batteri. Det er eit lite minus til. Til samanlikning veg Razer Naga Trinity rundt 120 gram.

Kvifor denne ikkje har støtte for trådlaus lading er eg usikker på. Som med G305 er du avhengig av eit batteri, som er spesielt rart med tanke på at G604 kom ut i fjor sommar. Batteriet held i over 200 timar som er godt innanfor dersom du har eit oppladbart AA-batteri, men det er litt tungvint.

G604 byr på heile tolv knappar samt eit klikkbart rullehjul med to hastigheiter. Dette er det same rullehjulet som du finn på G903 og G502–min soleklare favoritt av alle muserullehjul. Den interne konkurransen for produktivitetsmus frå Logitech er ganske tøff. Det er sjølvsagt berre kjekt for oss, for her kan ein finne akkurat den rette forma.

Sideknappane kviler på toppen av tommelen min. Dei er såpass distinkte at eg fint klarar å venne meg til kva som er kva på kort tid, sjølv om det er seks stykk side om side. Dei to «normale» sideknappane er litt mindre enn dei andre, som gjer det enkelt å finne dei. Noko eg ikkje er heilt fan av her er at dei store knappane har litt vel skarpe kantar, og eg kjenner at dei grev seg inn i tommelen viss eg dreg fingeren min bakover.

Naga Trinity har på si side heile tolv knappar på sida, så MMORPG-fans bør nok ta ein kikk på den òg. Eg har ikkje testa Naga enno, så eg kan ikkje gi noko samanlikning forbi det å vise til spesifikasjonar.

Høgre og venstre museknapp har ein meir dempa lyd enn merkebrørne til G604, men eg likar den godt. Som med G502 sit det to PPT-knappar på venstre museknapp. Desse er betydeleg mindre enn på G502, og det gjer at ein ikkje kjem borti dei ved uhell.

7
/10
Logitech G604 Lightspeed
Logitechs beste til kontorbruk og MMORPG, men ber preg av å ha gått ut på dato.
12 knappar
Justerbart rullehjul med to hastigheiter. Det klart beste du kan få tak i
Brukarvenleg programvare
Lang batterilevetid
Behageleg i bruk
Treng AA-batteri. Ingen støtte for Powerplay
Tung

#8 – Nostalgi med ny sensor

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 105 gram

Tilkopling: Kabel

Knappar: Sju + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Romskipmus som speler på nostalgikjensla

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Det er neppe noko stor overrasking av MX518 endar på botnen av denne lista, i og med at den er monaleg eldre enn dei andre. Dette produktet eksisterer først og fremst for å erstatte dei gamle travarane som framleis sit på pulten til MX500-fans.

Sett med 2020-auge er dette ei frykteleg stygg mus, men som med Hero-sensoren leverer feilfri yting og er behageleg i bruk. Den nye versjonen har vore på slankekur, og ein meir effektiv ein enn den G703 har vore gjennom. Elles er alt som før. Den same forma, den same utsjånaden og den same komforten. Eit solid produkt, men ikkje produsentens beste.

7
/10
Logitech G MX518
Logitech gjer bra betre, men er først og fremst for dei som vil ha ny MX518.
Feilfri sensor
Redusert vekt (men her kunne Logitech gjort meir)
Den same gode forma
Tynn og fleksibel gummikabel
Det same svake rullehjulet
Overflata blir glatt viss ein har sveitte hender, og dekkast fort med smuss

Les hele testen »

Logitech G MX518

Gamer.no er i ferd med å starte ei satsing på maskinvare, og vil gjerne ha tilbakemeldingar på kva me skal satse på framover. Me set pris på ris, ros og andre innspel om produkt de syns me bør teste.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden