Anmeldelse

Shadow Hearts: Covenant

Sett til Europa i tida rundt første verdskrig, blir det tidleg klart at Shadow Hearts: Covenant ikkje er eit typisk rollespel frå Japan. Det gjer det på ingen måte vanskelegare å forelske seg i.

Side 1
Side 2

Om koordinasjon og ringar For både fysisk og magisk skade, eller om du berre vil helbrede laget ditt med ei plante, gjeld det å ha forholdsvis god koordinasjon mellom hand og auge. Alt du gjer i ein kamp blir utført via ein ring. Denne ringen er inndelt i fleire felt du må treffe for å lukkast med noko, og når du skal trykke inn knappen blir vist ved hjelp av ein visar som roterar som på ei klokke. Dei fleste karakterar byrjar med eit felt i ringen, men ved å finne forskjellige gjenstandar kan du oppgradere ringane til å ha til dømes fire felt. Kvart felt har også eit tynt rødt felt som gir ein bonus på det du vil utføre. Ringen kan modifiserast på mange måtar som både gjer det lettare å treffe riktig, eller å legge statusmodifikasjonar på fienden.

Kampane i Shadow Hearts: Covenant kjem på tilfeldige tidspunkt, men Aruze har funne ein svært bra balanse mellom kor ofte dei skal dukke opp. Det er ikkje som i Suikoden IV der kampane dukkar opp for kvart femte steg, og du får faktisk god tid til å springe rundt utan å bli avbroten. Når det først dukkar opp ein kamp er det uansett så pass underhaldande at det ikkje er irriterande. Det kan likevel bli litt monotont å springe rundt i visse område. Nokre av områda er enkelt og greitt labyrintar i stor skala. Du har inga aning om kvar du skal gå, og det er så mange vegar å velje mellom at ein lett blir forvirra.

Litt hjernebryderi for den trengande Andre område er prega av oppgåveløysing som varierar i omfang og vanskegrad. Nokre område skal ha deg til å til dømes velje fargekombinasjonar for å skape deg ein veg. Andre skal ha deg til å trykke på knappar for å aktivere blokker du kan gå på, og det kan ofte vere litt å bryne seg på. Oppgåvene blir uansett sjeldan for vanskelege, og det tar deg ikkje eit halvt hundreår å bli ferdig. Det er nok til at du føler deg litt ovenpå før neste utfordring. Områda du besøker er eit paradis for dei som skal ha med seg alt i eit spel, for det er mykje å hente for entusiastar av minispel. Du har til dømes den kanskje litt i overkant homofile skreddaren som er på jakt etter "stud"-kort. Eventuelt kan du prøve å finne alle dei forskjellige cresta du kan finne, noko som igjen byr på positive overraskingar.

Eit solid eventyrspel er ingenting om historia ikkje held mål, og dette er vel kanskje Shadow Hearts: Covenant si sterkaste side. Historia er ikkje direkte original i den store samanhenga, men den er god, og er svært godt fortalt. Dei forskjellige personlegdomane er veldig godt framstilt, og du føler etter kvart at du blir godt kjent med hovudpersonane, og korleis dei tenker. Noko som kjenneteiknar eit godt rollespel er gjerne at du genuint bryr deg om karakterane, og her bryr du deg nesten umiddelbart. Samtidig blir historia løfta opp av eit uanstendig bra lydspor, og gjennomført skodespel. Kvar karakter si personlegdom kjem godt fram gjennom stemmene, frå den litt negative Yuri, til Joachim som trur han er ein superhelt, og derfor snakkar med stor og buldrete stemme.

Det blir også gjort god bruk av gode kameravinklar i filmsekvensar, og kjenslene til karakterane kjem godt fram i ansikta deira. Sjølv om det godt kunne ha vore meir bevegelse i ansikta, kan ein likevel sjå korleis dei har det. Generelt sett er grafikken i Shadow Hearts: Covenant veldig fin. Den vil ikkje imponere nokon, men gjer jobben sin på ein tilfredstillande måte. Designen er god, og områda du besøker varierar frå å vere heilt greie, til direkte spektakulære. Stikkordet er at det følest personleg og ekte, ikkje som eit plagiat av alle andre spel der ute, men som eit spesielt spel med sjel. Det einaste som verkeleg trekk ned er at det er ein del kantete linjer ute og går, noko som i visse situasjonar kan bli ganske stygt.

Konklusjon Det er forfriskande å sjå eit rollespel frå Japan som bryt med mange av dei typiske retningslinjene slike spel kan sjå ut til å følje. Det er ingen absurde frisyrar eller enorme våpen. Det endar om som ein litt skrudd versjon av vår eiga verd, med monster og magi. Shadow Hearts: Covenant er sannsynlegvis eit så bra rollespel som ein kan håpe på i år. Det er gjennomført, har ein særeigen stil, og fungerar på alle område. Det er ei god historie med godt utvikla karakterar, men som aldri tar seg sjølv for seriøst, men slepp ut nokre humoristiske gullkorn no og då. Har du lyst på eit skikkeleg gjennomført rollespel med ei god historie, som kan gi deg ein god latter no og då, er Shadow Hearts: Covenant definitivt spelet for deg.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden