Feature

Slik gjekk det med storspela på PC

Me sjekker status for The Last of Us, The Witcher 3: Wild Hunt og Hogwarts Legacy etter at utviklarane har fått tid til finpussing.

PC-spel har ein tendens til å modnast som fin vin. Dei blir betre med tid. Me har difor tatt ein ny kikk på tre ulike spel som me har skrive grafikkanalysar av ved lansering.

The Witcher 3: Wild Hunt Next Gen, Hogwarts Legacy og The Last of Us Part I har kome under lupen hos oss den siste veka.

Alle desse har hatt varierande omfang av trøbbel på PC ved lansering, og utviklarane har levert fleire oppdateringar som skal auke ytinga og gjere spela meir stabile.

Dessverre er det ingen av spela som er heilt friskmelde enno.

Rasande spelarar

Me startar med The Last of Us. Spelet fekk ein blytung start på PC då det lanserte i slutten av mars til ein brukarstorm utan like.

Dei aller fleste brukarmeldingane på Steam var negative den første veka. I dag er det rundt 50/50.

Hyppig krasjing, svært varierande biletefrekvens og hinsides lang lastetid av «shaders» var blant det folk klaga på.

Det tar framleis ei æve å laste inn shaders når du opnar spelet etter å ha endra noko med datamaskinen.

Lastetida er heldigvis ikkje like lang som før, men utviklarane må gjere eit større poeng ut av at ein bør vente til denne prosessen er ferdig før ein speler.

Innlastinga et av prosessorkrafta vår.

Sjølv med Intel sin flaggskipprosessor tar det eit stort jafs av biletefrekvensen i 1080p og 1440p under lastinga. Ytinga blir redusert med rundt 20 prosent.

Mindre krasjing?

I skrivande stund er det berre ti dagar sidan førre oppdatering, så me vil anta at utviklarane framleis jobbar hardt med å fikse feil. Det dukkar stadig opp nye brukaromtalar og forumtrådar om trøbbel i spelet.

Samstundes hevdar utviklarane å ha fjerna ei lang liste med ulike problem som fører til krasjing.

Me har ikkje opplevd noko som helst krasjing i vår speling, men som alltid er det variasjonar frå PC til PC. Her må ein nesten berre prøve og sjå om spelet er modent for eigen rigg.

Ein kan alltids be Steam om pengane tilbake dersom ein ikkje speler meir enn to timar, og heller kjøpe det seinare.

Det ser ikkje ut som oppdateringane har endra ytinga vår nemneverdig. Så langt er det berre i 1440p at biletefrekvensen har auka ein smule.

Den største skilnaden er at kameraet verkar meir stabilt når ein speler med mus og tastatur. Det er i alle fall noko.

Betre, men ikkje ferdig

Hogwarts Legacy hadde ei ganske knirkefri lansering samanlikna med The Last of Us. Spelet har likevel vore plaga med svak optimalisering, noko me merka spesielt godt på vår PC då me dekka det ved lansering.

Utviklaren la ut si førre oppdatering i starten av mars.

Det er spesielt små, korte dropp i biletefrekvensen som irriterte oss då spelet kom, og dette har utviklaren jobba ein del med.

Problemet er ikkje heilt vekke, men den nye testinga vår viser at når biletefrekvensen først fell, så er det til eit betydeleg høgare nivå enn før.

I 1440p er det lågaste FPS-nivået nesten dobla.

Det er framleis store variasjonar frå område til område, så utviklarane har ein del å gå på, men det har blitt mykje betre sidan lansering. Nokre oppdateringar til så køyrer nok spelet omtrent slik som det bør gjere.

Dette er relativt trygt å kjøpe for dei som har hatt tolmod til å vente.

Klassikar i ny drakt

The Witcher 3: Wild Hunt kom i ei oppussa utgåve i desember. Teknisk sett er ikkje dette eit nytt spel som dei to andre, men det får så vere.

Blant anna fekk det klassiske rollespelet strålesporing, ulike former for oppskalering og tilskott av nokre teksturmodifikasjonar.

Spelet har fått ei skikkeleg overhaling.

Men biletefrekvensen er det verre med. Der den originale versjonen av spelet no har skyhøg biletefrekvens på dei fleste PC-ar med litt musklar, er nivået i nyversjonen meir på linje med spel som kjem i 2023.

Vår RTX 4090 fekk biletefrekvensen omtrent halvert. Du kan forvente å halvere biletefrekvensen endå ein gong om du skrur på strålesporing.

Sidan i desember har ytinga med strålesporing auka med rundt 15 prosent på tvers av 1080p, 1440p og 2160p.

Noko skurrar

Prosessorbruken er fordelt meir jamt over kjernane enn ved lanseringa, og ytinga utan strålesporing har gått opp ein smule i 1080p. Samstundes er den redusert i 1440p. Her er me usikre på kva som faktisk har skjedd.

Det er i 4K at det verkeleg skurrar.

Her er ytinga til RTX 4090 gått frå 113 FPS i snitt til 72 i snitt. Det kan hende me gjorde ein feil ved testinga i 4K i desember, men det ser ikkje ut som det er mogleg å gå tilbake til den første versjonen for å dobbeltsjekke dette.

Uansett er det vanskeleg å forsvare ein så drastisk nedgang i flyten frå den originale utgåva av spelet. Biletefrekvensen er 57 prosent lågare i 4K enn før oppussinga.

Slik sett ville me mykje heller berre ha spelt den gamle oppdateringa med nokre modifikasjonar.

Snittet på testruta vår gjennom Hierarch Square i Novigrad er blant dei mest krevjande områda i spelet, men den visuelle kvaliteten har ikkje blitt mykje betre sidan 2015-utgåva.

I 4K i den gamle versjonen av spelet, som ein framleis kan teste, når me eit snitt på 177 FPS i same rute.

Det største problemet er framleis her

The Witcher 3: Wild Hunt er i utgangspunktet godt optimalisert, men har eit stort irritasjonsmoment som har vore der sidan 2015.

Vår testbenk

Vis mer
  • Prosessor: Intel Core i9-13900k
  • Kjølar: Asus Rog Strix LC II 360mm
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z790 Hero
  • Minnebrikker: G.Skill Trident Z5 6800-DDR5 32 GB
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor II 1200 watt
  • Kabinett: NZXT H7 Elite
  • Operativsystem: Windows 11 Pro

Du kan nemleg forvente jamlege dropp når biletefrekvensen kjem over 60.

Hyppigheita på problemet varierer frå skjermkort til skjermkort, men det blir neppe fiksa. Sannsynlegvis er det noko gale med grafikkmotoren som krev mykje for å rette opp i.

Med siste oppdatering opplever me at spelet frys ei lita stund etter at ein er innom ein meny. Det er ikkje verdas undergang, men det legg ein dempar på opplevinga.

Totalt sett er me ikkje veldig imponerte over CD Projekt RED her. Dei har litt å gå på enno.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden