Sniktitt

Contrast

Spanande plattformspel let deg utforske dimensjonar.

LOS ANGELES (Gamer.no): Nokre spel brukar gamle og godt utprøve idear for å lage noko nytt og hakket betre som likevel held seg innanfor trygge rammer. Andre bruker gamle og godt utprøvde idear for så å smelte dei saman til noko heilt nytt som sjølv om det er instinktivt gjenkjenneleg, likevel framstår som noko friskt og nesten risikofullt.

Contrast er eit spanande spel på svært mange måtar. Det er eit plattformspel, eit eventyrspel og ei historie. Det har eit fascinerande univers som dreg deg inn det sekundet du plukkar opp kontrollaren, og det har ei visuell drakt som gjer det til noko heilt unikt.

Er det nesten for godt til å vere sant?

Contrast byr på utfordringar i fleire dimensjonar.

Idear frå notatblokka

På E3-messa fekk eg gleda av å spele Contrast ei stund. Eg forsvann inn i den unike verda spelet byr på, før eg fekk slått av ein prat men mannen bak; Guillaume Provost frå Compulsion Games. Tidlegare jobba han for Arkane Studios medan dei jobba tett med Valve for å få ut Orange Box. Dette blei starten på Contrast, fortel han til Gamer.no:

– Eg blei veldig inspirert av Portal og ville lage ein mekanikk som hadde mykje djupne over seg. Eg fekk ideen på ein kafe i Lyon sidan eg var freelancer og alle klientane mine var i statane. Dei dei stod alle opp i tre-tida, så eg gikk til kafeen og studerte mandarin og skribla ting på ei blokk.

I Contrast tek du på deg rolla som ein akrobat som må hjelpe den vesle jenta Didi med å kome seg gjennom ei rekke personlege problem. Dette blir gjort ved at Didi tek deg med til ei fantasiverd som fungerer som ein visuell representasjon av det ho opplev i kvardagen. I denne verda må du bryne deg på både praktiske oppgåver i kjend plattformstil, sam oppgåver som krev at du tenkjer litt. At du tek på deg rolla som ein vakker og nær perfekt akrobat var eit gjennomtenkt val:

– Det var viktig for oss å skape ein person som ville kunne fungere som ein person jenta enten ser opp til vil vere som, eller som kan vere ein storesysterfigur, fortel Provost.

Noko av det første som slo meg i mitt møte med Didi var kor overbevisande den vesle jenta var. Ho både såg og høyrdest ut som ei lita jente, og hadde ein naivitet over seg som er vanskeleg å oppnå om ein brukar vaksne skodespelarar i rollene som born.

Didi er svært truverdig og lett å like.

– Det er faktisk ei ni år gammal jente som har stemma til Didi, fortel Provost meg før han held fram:

– Det er alltid ein risiko å bruke born som skodespelarar, nesten som å trille ein terning, men denne gongen gjekk det veldig bra. Ho bringer ein autensitet til rolla som vi ikkje kunne fått elles.

Smart og nytenkjande

Les også
Anmeldelse: Contrast

I Contrast får du bryne deg på snedig og smart bruk av tradisjonelle plattformsekvensar i fleire dimensjonar. I utgangspunktet spelar du eit spel i tredjeperson der du kan hoppe, klatre og utføre oppgåver i miljøet. Finn du nokre skuggar derimot, kan du gli inn i dei og det heile endrar seg til å bli eit plattformspel der du spelar skuggen din, og må bryne deg på heilt andre utfordringar.

For å finne vegen ut av eit område må du ikkje berre køyre på og kome deg gjennom ulike hinder. Du må i tillegg studere lys og skugge for å sjå kvar du kanskje kan gå. Nokre gongar er vegen låst, medan den andre gongar igjen opnar seg opp på finurlege måtar. Ein gammal hestekarusell blei eit solid døme på korleis skuggane kan skape ei heilt ny verd. Langs ein vegg kunne eg sjå hestane gå opp og ned medan dei sakte for framover. Jobben med å kome meg over dei for å nå eit tak blei både utfordrande og engasjerande.

Å berre gi seg i kast med desse plattformsekvensane er ikkje alltid nok. Nokre gongar må du til dømes manipulere området du er for å kome vidare. Kanskje må du flytte på noko for å få det til å kaste ein skugge du kan bruke, eller kanskje må du slå på nokre lys som dannar nye skuggar. Det blir etter kvart tydeleg at settinga til spelet er perfekt for dei utfordringane som møter meg, noko Provost fortel med dei har vore veldig beviste på under utviklinga:

– Det største for oss var å finne ei setting som passa mekanikkane. Først landa vi på Film Noir sidan det er ein sjanger som har brukt skuggar til stor effekt. Etter kvart som karakterane blei designa blanda vi det heile med burleske-perioden frå 1920-talet. Så det er ei blanding mellom 1920-åra og Film Noir frå 40-talet.

Mora til Didi er kabaretsongar, ei verd Didi kanskje burde haldast utanfor.

Representerer indre problem

Verda du og Didi utforskar hjelper ho med å handtere vanskelege familiesituasjonar som vil prege mykje av historia i spelet. Dei stemningsfulle fargane og den kalkulerte lyssetjinga er umiddelbart slåande med ein fargerik, men nedtona presentasjon som sender tankane mange år tilbake tid. Valet på uttrykk var langt frå tilfeldig fortel Provost, og samanliknar tanken bak med filmen Pan's Labyrint:

– Du vil gå gjennom ein del ganske seriøse situasjonar med foreldra hennar i spelet, og vi ville lage ei historie som var litt meir interessant enn ditt typiske «redd verda»-scenario. Dette er ikkje eit barnespel. Vi har ikkje vald i spelet, men vi tek for oss vaksne tema.

For å oppnå dette gjekk Provost og teamet hans inn for å lage karakterar som ikkje er perfekte. Mora er kabaret-songar, noko som blir ei motsetning i forhold til morsrolla. Faren er heller ikkje perfekt, noko som raskt blei tydeleg i ein sekvens der du og Didi blir vitne til ein krangel mellom mora og faren. Foreldra har sine feil, men dei elskar likevel dottera si. Problemet er at det ikkje alltid er like flinke til å vise Didi dette, og den vesle jenta endar ufrivillig opp med å bli vitne til situasjonar ho helst burde ha unngått.

Over det heile er det den mektige stemninga sit best medan du spelar. Filar ein fekk finstasen er mekanikkane svært enkle, men måten den er samansette på, og den totale innpakninga gjer opplevinga til noko heilt spesielt.

Skuggane kan by på store utfordringar.

Konklusjon

Det treng ikkje vere stort for å vere flott. Contrast er eit lite spel du kan laste ned og heilt sikkert runde i løpet av ein kveld, men det gjer det på ingen måte mindre verd enn større titlar. Compulsion Games ser ut til å ha skapt noko heilt spesielt. Contrast byr på ei svært spanande verd som sender deg inn i uhyre stemningsfulle område der du får utforske fleire dimensjonar medan du prøvar å hjelpe den vesle jenta Didi.

Historia vil ikkje bli hovudfokuset i spelet, men av det vesle eg har spelt er den likevel så sterk og interessant at tankane mine hang meir på den enn på sjølve spelet medan eg gav meg ut på nokre hopp og sprang i skuggane. Den byggjer opp under dine praktiske oppgåver, og gjev spelet ein heilskap som kan bli riktig magisk om ein skal kunne døme etter den vesle smakebiten eg har fått.

Contrast kjem i sal for Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 til hausten. I tillegg blir det tilgjengeleg på PlayStation 4 på lanseringsdagen.

Siste fra forsiden