Sonic Racing er på sett og vis Mario Karts litt uglesette veslebror. Sjølv om vi har fått mange flotte spel i serien som for mange toppa seg med Sonic & All-Stars Racing Transformed, har den ikkje heilt klart å ta igjen forspranget til Nintendos endelaust populære Mario Kart-serie.
For meg er det ikkje så vanskeleg å sjå kvifor. Mario Kart-serien er veldig tydeleg på kva den er, medan Sonic Racing heile tida byr på ein ny gimmick, og aldri heilt ser ut til å lande på noko. Det er både ein fordel og ei bakside, og med Sonic Racing Crossworlds kjem det enda ein ny vri; portalar som sender deg til heilt nye baner.
Identitetskrise
Før vi snakkar om kva Sonic Racing Crossworlds har å by på, må vi handtere det som etter mitt syn er seriens aller største problem; ein prekær mangel på identitet.
Litt av poenget med kart-spel er å finne seg sine favorittfigurar. Det er ein stor del av moroa. Artige og kule figurar er for mange langt viktigare enn kor god den einskilde er på aksellerasjon kontra handtering. Problemet til Sonic Racing Crossworlds er at så og seie alt du får å leike deg med er Sonic. Det er blå Sonic, svart Sonic, raud Sonic, rosa Sonic, stor Sonic, liten Sonic, og Sonic med mange ulike namn og kjønn, men like framt er det Sonic.
Til samanlikning har Mario Kart varierte figurar som Mario, Toad, Bowser, Peach, og mykje anna. Mario Kart har langt større variasjon, og det blir difor artigare å finne nokon å køyre med. Sega har gjort det riktig før, og Sonic & All-Stars Racing Transformed bydde på ein haug figurar frå ulike Sega-spel å køyre som, og vann på det. Kvifor Sega insisterer på å i all hovudsak fokusere på eit smalt utval svært like folk, er for meg eit mysterium.
Spelet byr riktig nok på enkelte figurar som ikkje tilhøyrer Sonic-universet, men Joker frå Persona 5 og Ichiban frå Yakuza: Like a Dragon er berre figurar som kjem i framtida, dei er ikkje tilgjengelege enno, og Minecraft- og Spongebob-figurane må kjøpast for ekstra kroner. Det framstår noko kynisk, å gøyme dei få unike figurane spelet byr på bak venting og/eller pengar på denne måten.
For den som treng meir
Sonic Racing Crossworlds er eit kart-spel for dei som tenkjer at Mario Kart blir hakket for enkelt. I utgangspunktet er det så og seie identisk. Du får velje mellom eit knippe sjåførar, før du vel bil. Alle har ulike ferdigehiter der nokon er betre på toppfart, medan andre kanskje er betre på aksellerasjon eller handtering.
I aksjon handlar det om å plukke opp gjenstandar som kan gjere livet surt for motstandarane, samt skrense seg gjennom svingar, og plukker opp myntar for å auke maksfarten.
Har du spelt Mario Kart dei siste tjue åra vil du mest sannsynleg kjenne deg igjen umiddelbart. Det er som å ta på eit par velbrukte hanskar, men det er likevel noko annleis her. Ein er ikkje umiddelbart like god som i Mario Kart, ein vinn ikkja kvart race like lett, og det er her styrka til Sonic Racing Crossworlds verkeleg kjem inn. Det er eit spel som krev meir av spelaren, og difor for mange kan ha lengre levetid.
Sonic Racing Crossworlds er it mykje meir utfordrande spel som kan nå mykje høgre fart enn til dømes Mario Kart World. Du må jobbe meir med eigne ferdigheiter. Ein dårleg skrens er ikkje nødvendigvis lett å hente inn her, du må stå i det, og i dei høgre temposegmenta blir det beinhard konkurranse. Det kan vere brutalt, men hjelpe meg så herleg det er å kome på førsteplass når du veit det var berre så vidt.
Flotte baner
Det er banene som er hovudpersonane i Sonic Racing Crossworlds. Det er ikkje uhorveleg mange av dei, men dei som er her er godt varierte og flott designa. Det er tydeleg at fokuset har vore på kvalitet over kvantitet, med baner som byr på svingar med akkurat perfekt svingradius til å skrense nydeleg gjennom dei, samt nok av avstikkarar og snarvegar til at ein får utforske, leike seg, og bli betre kjend med dei over tid. Portalane som tek deg til andre baner midtvegs i eit løpe er òg eit inspirert grep som tvingar deg ut av rutinekøyring. Portalane leier ikkje nødvendigvis til sam verd kvar gong.
Ein annan bonus er dei ulike kreftene spelet byr på. Sonic Racing-spela har hatt ein litt lei tendens til å byte ut alle symbola for kreftene for kvart spel, og gjerne har dei ikkje alltid vore like enkle å tyde. Ikkje så denne gong, for no har vi fått veldig tydelege symbol som utan tvil indikerer kva den aktuelle krafta gjer.
Nokre gongar må ein berre bruke ei kraft for å finne ut kva den gjer, men etter det har du hugsa det, sidan ikona alle har sterk visuell profil, i motsetning til den lange lista med nesten identiske symbol i Sonic Team Racing, er det lett å navigere blant alle kreftene.
Dei ulike kreftene byr i tillegg på mykje moro. Vi finn eit kjent og velprøvd utval, med raude og grøne prosjektil som fungerer nøyaktig som raude og grøne skal i Mario Kart. Vidare finn vi ein tornado som kan slå bort nærgåande konkurrentar, eller innkomande våpen. Ein veldig hendig detalj er at du no for beskjed om å trykke, slik at sjansen for å kaste bort eit forsvar ikkje forsvinn.
Det er sikkert lite av dette som for ein Mario Kart-veteran høyrest nytt ut, men det er spesielt ein del ved Sonic Racing Crossworlds som stikk seg positivt ut. Etter kvart som du køyrer og klatrar opp i nivå vil du få låse opp moglegheita for å slå på spesielle eigenskapar. Det kan vere å til dømes gjere ein førar med dårleg aksellerasjon betre på det, eller kanskje moglegheita for å samle inn tre krefter i staden for to, som er standard. Det er mykje å velje mellom, og vi får eit nivå av valfridom sjangeren ikkje byr på mykje av.
Eit groteskt lydbilete
Sonic Racing Crossworlds har mange flotte element som løftar det opp, og i nokre høve forbi Mario Kart World, men om det er eit område spelet driv meg til vanvidd, er det lyden.
Lyden er hard, ekkel, og plagsom. Først og fremst er volumet over alle haugar. Det er for mykje lyd på ei og same tid. Ikkje berre har vi den fine og nostalgiske lyden av ringar som blir samla inn, men det er alt spetakkelet rundt. Bilar, eksplosjonar, skrensing og alt er skrudd på maks. På toppen ligg eit intenst og kaotisk musikalsk bakteppe som sprenger gjennom resten.
Alt det her aleine kan handterast. Ein kan skru opp det ein vil ha meir av, og ned det ein ikkje likar, men utviklarane har bygd inn lydfilter som får lyden til å endre seg etter kva som skjer. Nokre gongar blir dei øvre frekvensane redusert, før dei kjem tilbake igjen. Brått dundrar bassen utan åtvaring og vekker huset. Det er som lydendringane ein opplever opm ein går inn og ut av ein bråkete klubb.
Eg tippar det er eit slags forsøk på å lage eit dynamisk lydbilete der spesielt musikken pumpar litt ekstra når du køyrer fort og bra, men resultatet er ufatteleg slitsamt. Lyden endrar konstant volum, og resultatet er at ein ikkje orkar halde på like lenge som i andre, liknande spel.
Konklusjon
På mange felt er Sonic Racing Crossworlds det sterkaste spelet i Sonic Racing-serien. Det byr på knallsterk køyring, flotte baner, og mykje hensynslaus moro. Om ein spelar aleine, saman med vener og familie i ein sofa, eller over nett, byr spelet på timevis med heftig køyring med ei lang rekke krefter og våpen som kan brukast for å kome seg opp og fram.
Det er synd Sega ikkje pøsar på med fleire ikoniske Sega-figurar. Det er her dei høyrer heime. La meg få køyre som Bayonetta, la meg køyre som barbaren eller baben frå Golden Axe, grav djupt og gi meg noko frå Guardian Heroes, gi meg ein apekatt frå Monkey Ball og Akira frå Virtua Fighter.
Det er her Sega kan feire seg sjølve, men dei gjer det ikkje. I staden dryppforar dei oss med litt nedlastbart innhald ein må vente på, samt figurar frå andre kjelder skjult bak betalingsmur.
Når vi sleng på eit direkte plagsomt lydspor endar vi opp med eit spel som trass sine enorme kvalitetar, ikkje klarar heilt å vippe Mario Kart World av pinnen. Det var nære.
Sonic Racing Crossworlds er ute no på PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Switch 2, Xbox Series S/X (testa) og Steam.