Store endringar i The Witcher 3

No får du ikkje erfaringspoeng for å drepe fiendar.

Det er ikkje lenge sidan CD Project RED viste oss dei første glimta frå The Witcher 3. No har vi via Eurogamer fått fleire solide detaljar om det neste spelet i den populære rollespelserien.

Ei av dei største endringane er at du no berre får erfaringspoeng ved å fullføre oppdrag. Det betyr likevel ikkje at det er meiningslaust å jakte beist i villmarka. Geralt kan jakte på dyr for å samle ressursar han kan lage nye gjenstandar med, noko som blir ein viktig måte å tene pengar på. Kor mykje du tener på ulike gjenstandar vil på si side variere i forhold til den dynamiske økonomien i kvar tettstad.

Sjølve kampane vil utarte seg på ein litt annan måte. Kontekstsensitive angrep har blitt droppa i oppfølgjaren, men til gjengjeld får vi eit Fallout 3-inspirert system der du kan angripe sårbare punkt på fiendane.

No kan du ta ned fiendar ved å angripe sårbare punkt.
No kan du ta ned fiendar ved å angripe sårbare punkt.

Massiv verd

The Witcher 3 blir eit større spel enn sine forgjengarar, og hovudoppdraget skal ta omlag 50 timar å kome seg gjennom. Skulle du satse på å gjere alle sideoppdrag vil du derimot kunne bruke opp mot 100 timar. Verda kan ved vegs ende visstnok ende opp i 36 ulike tilstandar avhengig av handlingane dine, og spelet byr på tre ulike epilogar som alle er omlag ein time lange.

Alle områda i verda er tilgjengeleg frå byrjinga, og du vil ikkje møte nokon usynlege veggar. For å gjere reise gjennom verda så praktisk som mogleg kan Geralt no hoppe og klatre, samt at han kan ri på hestar eller sigle i båt. Spelet vil kome med fleire måtar for å kome seg raskt frå ein stad til ein annan, men nøyaktig kva desse går ut på har det ikkje blitt sagt noko om.

Maksnivået til Geralt i The Witcher 3 er satt til 60, og spelet vil by på hundrevis av ulike måtar du kan skreddarsy Geralt på. Fiendane vil ikkje skalere i takt med deg, noko som betyr at du må vere forsiktig med kvar du går i den opne verda. Du lett kan møte fiendar som er alt for kraftige for deg. På den andre sida vil fiendar som er mykje svakare enn deg kanskje overgi seg utan kamp.

The Witcher er kunngjort for Windows og PlayStation 4, og kjem i sal neste år.

Les også: The Witcher bekreftet for PS4
Les også: The Witcher 3 inspireres av Skyrims gripende verden

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen