Anmeldelse

Suikoden IV

Har du nokon gong tenkt på å lage spel sjølv? Har du sett eit spel, og tenkt kor mykje betre du kunne ha gjort det? Du kjem til å tenke den tanken ofte om du spelar Suikoden IV, tru meg.

Side 1
Side 2

Lange lastetider Store delar av spelet forgeår enten i små byar, eller på havet. Det som kjenneteiknar byane er at dei er tomme, og blotta for liv. Du kan snakke med folk, men har du snakka med dei ein gong, er det tvilsomt om dei nokon gong har noko nytt på hjarte. Atter ein gong blir også lastetidene eit problem. Det kan vere snakk om minimale område, men likevel er dei delt opp i mange soner, som du må gjennom lange lastetider for å kome gjennom. Det er rett og slett håplaust. Grafikken er på ingen måte imponerande, og det er vanskeleg å forstå kva det er som skal ta så lang tid.

Tid er også eit aspekt når du seglar på havet. Først og fremst sidan det kan ta veldig lang tid å kome frå ein stad til ein anna. Om du ikkje likte båten i Zelda: The Wind Waker, kjem du til å hate Suikoden IV. Det tar ikkje berre lang tid, men det er faktisk ganske ofte vanskeleg å legge til hamn ved ein by. Det kan verke som om usynlege veggar hindrar deg frå å gå i land, og skipet svingar unna, gong på gong. Denne prosessen kan etter kvart utløyse mange kampar du eigentleg ikkje burde ha vore nødt til å gå gjennom. Det følest enkelt og greit som om det er svært dårleg gjennomtenkt.

Underhaldande slag på havet Litt betre gjennomtenkt er slaga du tar del i på havet. Du vil då bli presentert med eit rutenett, der du flyttar skipet ditt rute for rute. Du kan bevege deg fleire ruter i kvar retning, noko som gjer det absolutt mogleg med taktisk planlegging. Før ein kamp må du også bemanne skipet. Du må velje kva type runemagi du vil skal brukast i kanonane, og dette kan ha mykje å sei for utfallet. Dei forskjellige typane for runer er svake eller sterke mot kvarandre avhengig av element. Kvart element er illustrert med eit lite symobl, og du får også ei enkel oversikt over kva som er bra mot kva, noko som kan vere veldig praktisk om du er usikker på kva element eit symbol representerar.

Sjølv om det ikkje akkurat er eit visuelt mesterverk, er grafikken heilt grei. Karakterdesignen varierar frå midt på treet til veldig god, og animasjonane er jamt over veldig bra. Proporsjonane på folka skurrar likevel litt. Dei har forferdeleg lange bein, og korta armar som knapt rekk ned til hofta, noko som får mange personar til å sjå tvers igjennom tåpelege ut. Det er ikkje alltid like tydeleg, men legg du først merke til det, er det vanskeleg å gå tilbake. Reint bortsett frå karakterdesignen kunne det ha vore fint med litt meir forsegjorte effekter, spesielt i kampane. Å sende eit lyn ned frå himmelen har aldri sett så tamt ut. Om ein trekk fram Final Fantasy X-2 sine nydelege effekter, blir dette som eit skot i foten i samanlikning.

Lyden imponerar i mykje større grad. Trass i den forferdelege lyden av traskinga til hovudpersonen, inneheld spelet svært solid stemmeskodespel. Suikoden IV er eit godt eksempel på korleis overbevisande skodespel kan løfte eit spel opp, og gjere det mykje meir interessant å følgje med på. Mellomsekvensane i Suikoden IV endar faktisk opp som noko av det mest interessante med heile spelet, og det er eigentleg litt skummelt, sidan det burde vere spelmekanikken som får deg til å kome tilbake. Musikken er heilt grei, og har melodiar som passar godt til dei forskjellige områda og hendingane i spelet, men det er ingenting som kjem opp mot til dømes musikken i Star Ocean: Till the End of Time. Den blir dessverre litt for anonym, og du legg sjeldan spesielt godt merke til den.

Konklusjon Suikoden IV endar opp som eit spel for spesielt interesserte, og det er vel kanskje ikkje det beste alternativet å gå etter. Om du er ny til sjangeren er det mange spel der ute du heller bør prøve, som byr på mykje betre valuta for pengane. Suikoden IV har ingenting som gjer spelet spesielt, det har ingen unike styrker, men blir heller eit godt eksempel på eit jamt over middelmådig spel. Det er ikkje dårleg, det har svært få ting som trekk ned opplevinga, reint bortsett frå dei mange lasteskjermane du må gjennom. Det har heller ingenting utanom ei god historie som trekk det opp. Du møter sjeldan på dei heilt store utfordringane, og spelet følest kanskje litt for enkelt. Du kan nok oppleve nokre hyggeleg stunder i dei timane det varer, men ikkje forvent deg noko stort, for det er det absolutt ikkje.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden