Svart Xbox og filmsatsing til Europa

Microsoft har kunngjort at Xbox 360 Elite og Video Marketplace kjem til Europa.

Er det noko mange har venta på, er det ein større harddisk til Xbox 360. Tidlegare i vår kom Xbox 360 Elite ut i statane, ein svart Xbox 360 med større harddisk. No er turen komen for Europa, og den svarte maskina med 100 GB harddisk vil kome i sal 24. august.

Micrsoft har i tillegg avslørt ein heilt ny Halo 3-versjon av Xbox 360. Denne vil kome i ei blanding av grønt og gull. Maskina vil bli selt saman med eit headset, ei ladepakke, ein trådlaus handkontroll, 20 GB harddisk og eksklusive tema og bilete for maskina di. Denne maskina vil kome i sal samtidig med Halo 3, 26. september.

Samtidig med desse kunngjeringane på Microsoft sin pressekonferanse i dag tidleg, har dei fortalt at Video Marketplace vil kome til Europa i løpet av året. Denne tenesta let deg laste ned filmar og seriar frå Xbox Live, mot betaling med Microsoft Points. Det siste leddet i denne satsinga frå Microsoft er eit samarbeid med Disney, der klassiske filmar vil bli tilgjengelege på Xbox Live Marketplace.

Siste fra forsiden