Test

Trust Gaming GXT 144 Rexx

Korleis fungerer denne krabbeklo-dingsen i Counter-Strike?

Me har testa den nye vertikale gamingmusa frå Trust.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vertikale speldatamus er definitivt ikkje noko ein ser kvar dag. Det har vore nokre slike produkt på marknaden, men dei har generelt sett vore relativt ubrukelege på grunn av dårlege sensorar. Dette har Trust Gaming bestemt seg for å gjere noko med.

Trust GXT 144 Rexx er ei ergonomisk gamingmus for høgrehendte med ein PMW3325-sensor og forholdsvis låg vekt. Datamus som desse fører til langt mindre slitasje på ledd i handa og armen, og kan vere eit praktisk verktøy for dei med senebetennelse eller karpaltunnelsyndrom. Lommeboka kan òg ta det med ro her, for prisen er på knappe 400 kroner.

Men det er ikkje til å kome unna at vertikale mus er ganske upraktiske og lite eigna til dataspel. Så korleis fungerer det eigentleg?

Design

Eg må innrømme at erfaringa mi med vertikale datamus er noko laber, så her har eg lite å samanlikne med når det kjem til form. Baksida av datamusa er forma som ei klo, slik at den skal liggje godt i handa. Venstresida har ei slags lomme for tommelstøtte, mens museknappane ligg på ein skrå bøy på den andre sida. Posisjonen til museknappane gjer at dette først og fremst er eit produkt for dei som brukar handflategrep. Eg klarar meg med klogrep, men det kan bli noko ubehageleg i lengda då ein gjerne har handbaken lengre ned på musematta enn med handflategrep. Fingertuppgrep er heilt håplaust, då museknappane bøyer inn i handa di. Skal ein bruke denne med berre fingertuppane må ein halde heilt bak på knappane, og då forsvinn poenget med produktet fullstendig.

Handflategrep er eigentleg det einaste som fungerer, men GXT 144 er veldig behageleg i bruk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det at handa kviler høgare enn på ei vanleg datamus gjer at du kan ha armen og olbogen i ein meir naturleg posisjon, som ledda vil takke deg for over tid. Den første timen var ubehageleg, men det handla mest om at eg ikkje er vand med denne typen produkt. Det er definitivt ein tilvenningsprosess her. Likevel gjorde eg det overraskande bra då eg hoppa inn i ein runde med Counter-Strike: Global Offensive – langt betre enn eg trudde eg ville. Treffprosenten tok eit monaleg stup nedover, men GXT 144 fungerer heilt ok. Dette er vel ikkje noko folk som har friske handledd kjem til å bruke uansett. Det eg slit med er at ein først og fremst berre kan bevege GXT 144 frå venstre til høgre med handleddet, mens ein må bruke armen for å dra den opp og ned. Slik er det ikkje med ei vanleg datamus. Dette gjer at høg følsemd er ein fordel når ein brukar denne. Du kan framleis bruke handleddet, men det kjennest tungt, og vil sannsynlegvis føre til seneskader viss ein gjer for mykje ut av rørslene.

Ryggen gir god støtte til handbaken viss du brukar rett grepstype.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette gjer òg at flikking i skytespel blir utfordrande. Vektpunktet i musa er veldig annleis enn det ein finn i ei vanleg datamus, så her må ein lære teknikken på nytt. No må det seiast at sjølv om ei datamus er retta mot dataspel, betyr ikkje det at ein må bruke den til skytespel. Til meir roleg speling der kjappe muserørsler ikkje er like nødvendige, vil GXT144 gjere det langt betre. Viss du er uheldig og pådrar deg musearm kan dette produktet vere ei god midlertidig løysing dersom du vil halde fram med speling, sett at du kombinerer det med trening.

Det at vekta er såpass låg hjelper ein del òg. Vertikale mus pleier å vere reine mursteinar å rekne, men denne veg ikkje meir enn 98 gram. Det er særs overraskande når ein ser kor stor den er. Skal ein derimot samanlikne storleik med andre mus, trur eg denne vil lande mellom lita og mellomstor basert på kor mykje av museknappane fingrane mine dekkjer. Grensa for bruk er vel hender på rett under 20 centimeter for denne, det til tross for at den totale storleiken er vesentleg større enn ei vanleg spelmus.

Knappar

Trust GXT 144 Rexx kjem med fem knappar samt eit klikkbart rullehjul. Sideknappane er godt innan rekkjevidde for tommelstøtta, slik at ein kan trykke på dei nesten like kjapt som høgre- og venstre museklikk. PPT-knappen på toppen er òg praktisk plassert, som i motsetning til vanlege datamus kan brukast med tommelen. Vanlegvis vil desse vere bak rullehjulet, og det gjer at ein må flytte på peikefingeren for å bruke PPT-knappane. Det slepp du her.

Rullehjulet sjølv er heilt greitt med klare trinn, men det er noko vaklevore. Museklikka er òg tilfredsstillande å bruke med kort vandring og eit skarpt klikk. Dog er dei litt for tunge for min smak.

Sideknappane er fornuftig plassert i forhold til tommelen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er òg eit seriøst problem her. Det er for lite mellomrom mellom museknappane, slik som det var på både HyperX Pulsefire Surge og Logitech G Pro Trådlaus då dei kom ut. HyperX var kjappe med å stoppe produksjonen og sendte ut nye utgåver, og Logitech har erstatta produkt med dette problemet.

Riktig nok er det litt meir mellomrom enn på produkta frå HyperX og Logitech her, men høgre- og venstre museknapp kan definitivt kome borti kvarandre, sjølv utan å presse dei innover. Slik skal det ikkje vere. Eg fekk prøve to ulike GXT 144, og begge to har det same problemet. Det er framleis ein del som speler med høgre museklikk som gå-knapp i staden for W, og då må ein halde inne knappen konstant. Gjer eg det på denne, merkar eg ofte av den andre knappen skrapar borti og lagar ein ekstra klikkelyd. Det kan òg skje at knappen midlertidig heng seg fast på den andre, og hindrar meg i å trykke ned skyteknappen fullt. Du kjem sannsynlegvis ikkje til å merke noko til dette viss du speler med standard kontrolloppsett, men det er likevel ein nybyrjarfeil i design av datamus som trekkjer ned karakteren eit hakk. Trust må definitivt lage meir rom mellom knappane til neste generasjon av denne musa.

Sensor

Trust GXT 144 Rexx er altså blant dei første vertikale mus til å ha ein skikkeleg gamingsensor. Eg merkar det er litt rart å spele med denne, men det handlar meir om forma enn sensoren. Den gjer jobben. Musa vil spinne ut i byrjinga, men det er på grunn av at det tar ei stund å venne seg til løftedistansen. Det er lett å bomma på landinga slik at den står skrått. For meg blir det naturleg å løfte GXT 144 når eg flikkar, som gjer at den tippar på sida og går over grensa for løftedistanse – som igjen fører til at den mistar sporing. Dette skjedde mest i løpet av den første veka med bruk, slik at eg trur ein kan venne seg av med dette over tid. Det er ein ny måte å bruke datamus på, som er vanskeleg å tilpasse seg etter femten år med vanleg spelmus.

Elles er pikselsporinga som den skal vere. Dette er tross alt ein av dei beste sensorane i mellomsjiktet. Sensoren er kanskje den fremste grunnen til å velje GXT 144 samanlikna med andre vertikale mus.

PMW3325 støttar PPT heilt opp til 10 000. Som nemnt over bør ein skru opp følsemda ein del for å bruke denne i dataspel, med mindre du berre siktar med armen. Eg brukar vanlegvis 800, men justerte opp til 1600 under testperioden av Trust GXT 144 Rexx for å kunne flikke.

RBG og programvare

Programvaren til GXT 144 er oversikteleg, men ver obs på at «improve pointer precision» står på når ein installerer programmet. Det bør slåast av med ein gong, elles vil du kunne merke akselerasjon på musa.

Museknappane kan kome borti kvarandre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programmet har nokre greie innstillingar for byting av eigenskapar på knappar og for å sette opp makro, samt justering av opp til fem ulike PPT-nivå. Kvart nivå vil endre RGB-fargane på musa, slik at ein ikkje mistar oversikt over kva PPT som er aktiv. Elles får du standardoppsett for RGB med val mellom stødig, pustande og blinkande fargar. Det er òg mogleg å justere litt på fart og frekvens på blinking, men du kan ikkje velje ulike fargar for rullehjul og logoen på baksida.

Konklusjon

Det er veldig kjekt at dette produktet eksisterer. Meir mangfald er alltid positivt. Vertikale gamingmus kjem ikkje til å bli noko slager for onlinespel, men for meir avslappa gaming vil dette vere ei kurant løysing for dei som slit med musearm eller liknande. Denne kan fint brukast til kontorarbeid i same slengen. Prisen er det heller ikkje noko å seie på.

Slik eg har forstått det, er det lite eller ingenting på marknaden av ergonomisk designa vertikale mus med ein sensor av eit slikt kaliber som PMW3325. Det, kombinert med relativt låg vekt, gjer GXT 144 til eit attraktivt produkt i seg sjølv. Derimot er det ting som skurrar. Det at GXT 144 Rexx berre fungerer med handflategrep er vel ein naturleg konsekvens av det vertikale designet, men problema med kvalitetskontroll er det vanskeleg å ignorere. Å ikkje ha tilstrekkeleg mellomrom mellom museknappane er ein bom i design av datamus. Dette bør fiksast. Museknappane skal ikkje kome borti kvarandre på ei spelmus. Det er ei oppskrift på trøbbel over tid.

Eg vil veldig gjerne sjå ein ny versjon av GXT 144 med betre kvalitetskontroll og ein 3360-sensor i mellom- eller entusiastklassen av datamus. For den smale målgruppa er dette kanskje det beste produktet på marknaden, men førebels manglar det finpuss her. Likevel kostar produktet berre litt over tre hundrelappar for tida, så du har ikkje mykje å tape på å ha dette som ekstra datamus. Eg kan godt sjå for meg at mange vil kjøpe denne for kontorbruk og litt lett gaming her og der.

Her kan du sjå ei full oversikt over alle testane våre »

6
/10
Trust GXT 144 Rexx
Trust bidrar til meir mangfald på marknaden, men det er ikkje noko mus for intens speling.
Den beste forma for ergonomisk design
Billig
God sensor
Fungerer overraskande bra i dataspel
Fletta kabel
Passar berre handflategrep
Lang tilvenningsperiode. Det vertikale designet gjer at løftedistansen ved flikking er skikkeleg vanskeleg å bli vand med
Ubrukeleg viss du brukar venstreklikk som fram-knapp. Museknappane kjem borti kvarandre, og kan låse

Siste fra forsiden