Sniktitt

The Witcher 2: Assassins of Kings Enhanced Edition

Vi har prøvd ein imponerande versjon av PC-slageren.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Det aller første som slo meg i det ein liten bataljon med krigsklare utsendingar frå polske CD Project RED geleida meg gjennom eit nytt område i Xbox 360-versjonen av The Witcher 2: Assassins of Kings var kor vanvittig pent det heile er. Jada, vi veit desse folka kan lage vakre spel, vi har sett det på PC i eit år allereie, men det er ikkje teknisk fiksfakseri eg snakkar om. Sjølv om The Witcher 2 på alle måtar ser ut til å tyne Xbox 360 til smertegrensa, er det noko heilt anna som gjer det direkte vakkert.

Eg trur på denne verda. Skyrim har kanskje vakre landskap og majestetiske fjell, men når eg tuslar rundt der får eg ei kjensle av at det er solslikkande solstatsfolk som har tatt flittige ekskursjonar til kaldare strøk for å studere rå natur.

Her bør det vere lett å gå seg vill.

I The Witcher 2 er det omvendt. Du ser umiddelbart at dette er eit spel laga av folk som etter alt sannsyn blei fødde på hesterygg i polens tjukkaste skogar, berre for å vakse opp på bark og muggsopp inntil sivilisasjonen tok dei. På mange måtar kan du seie vill natur ligg i blodet deira på ein heilt annan måte enn kva vi ser frå amerikanske studio. Eg fekk ei umiddelbar kjensle av undring og ei massiv trong til å utforske. Der eg i dei fleste vestlege rollespel stort sett prøvar desperat å finne vegen vidare i historia sidan områda og miljøa for min eigen del er totalt uinteressante, fekk eg i dette nye området ei enorm og uregjerleg trong til å bevisst gå «feil» veg for å finne ut kva eg kunne kome over.

Ingenting ser ut som om det er laga for hand. Der du finn eit tre ser det ut som om det har pressa seg opp mellom svære kampesteinar som for mange år sidan lausreiv seg frå dei bratte fjella som strekkjer seg oppover mot skyene. Planter av alle slag tvingar seg fram og har endra det som ein gong var grå og livlause steinlandskap til å bli frodig og grønt. Her spring du rundt, med ei stakkars dame på slep, og må kjempe mot alle dei som vil deg vondt.

Vitamininnsprøyting

The Witcher 2 handlar sjølvsagt om mykje meir enn berre skog og elskverdige landskap. Som seg hør og bør har heile sulamitten blitt formatert for å passe ein handkontroll, og det ser absolutt ut til at gjengen hos CD Project RED har gjort ein framifrå jobb.

Atmosfæra er tjukk i The Witcher 2.

Det nye kontrollsystemet burde vere lett gjenkjenneleg for alle. Knappane på framsida av kontrollaren styrer alle dei viktigaste basisfunksjonane i kamp, og du har lett tilgong på sterkt og svakt angrep, samt rulling og bruk av diverse teikn som gjev tilgang på magiske krefter. Eg har ikkje spelt så alt for mykje av The Witcher 2 på PC, men mitt umiddelbare inntrykk er at dette fungerer minst like godt som det gjer der, og på sett og vis er det hakket meir intuitivt.

Når eg spring rundt å denger laus på diverse soldatar og skrømt er det ingen barrierar mellom meg og fiendane, og ved å inkludere ein praktisk låsemekanisme har utviklarane gjort kampane enda meir smidige. Ein kan lett få inntrykket av at dette er eit svært stabilt actionspel, forkledd som eit djupt og omfattande rollespel, sjølv om det strengt tatt er omvendt.

For å dra nytte av oppdateringane i kampsystemet har utviklarane dytta inn ein heilt ny Arena-modus i spelet. I denne kan du spele mot bølgje etter bølgje av fiendar, og etter kvar bølgje går du opp eit erfaringsnivå. Dette er ein praktisk og kjapp (sjølv om utviklarane lovar at det vil ta lang tid å runde modusen) måte å finne ut korleis du vil oppgradere Geralt på, sidan du får full tilgang på heile erfaringssystemet. Du kan til dømes vie nokre timar til denne modusen før du går i gong med historia, slik at du veit kva veg å gå for å utvikle ein figur som passar din spelestil på best mogleg måte.

Eit anna poeng med arenaen er å samle inn så mange poeng som mogleg for å kome høgt opp på rangeringslistene. Skulle du vere så uheldig å døy får du ikkje sanka inn fleire poeng, men du kan likevel halde fram med å spele om alt du eigentleg er interessert i er å vinne over fiendar og byggje opp Geralt.

Konklusjon

Les også
Anmeldelse:

Det er ingen tvil om at det er ei temmeleg solid underhaldningspakke du har i vente om du går til innkjøp av The Witcher 2: Assassins of Kings: Enhanced Edition. Xbox 360-versjonen kjem på to diskar og vil innehalde alt av innhald som har dukka opp i PC-versjonen sidan lansering. I tillegg kjem det mykje nytt, som i god CD Project RED-stil blir tilgjengeleg som gratis nedlasting for alle som allereie har PC-versjonen.

Eg har ikkje sett frykteleg mykje av konsollspelet, men det eg har sett gav definitivt meirsmak. Spelet er kjapt, intenst og byr på ei herleg atmosfære ulikt noko anna på marknaden i dag. At Xbox 360-eigarar endeleg får lov til å ta del i moroa burde glede mange når spelet er ute i butikken 17. april.

Det er ikkje annonsert nokon PlayStation 3-utgåve av The Witcher 2.

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden