Til Himalaya på elefantrygg

Det blir nytt sceneskifte for det neste spelet i Far Cry-serien.

Ein av Ubisofts største og viktigaste seriar er utan tvil Far Cry. I serien har vi gått frå å kjempe mot muterte beist på ei aude øy, til å ta turen til afrikanske savanner, før vi i 2012 fekk ei ny øy å bryne oss på i Far Cry 3. Fjoråret gav oss i tillegg det spinnville og 80-talsinspirerte skytespelet Far Cry 3: Blood Dragon. Ulike settingar er altså ikkje noko uvant for serien, og om vi skal tru Eurogamer vil det fjerde spelet i Far Cry-serien by ei heilt ny klimasone.

I dag skriv dei at dei via kjelder som kjenner prosjektet har fått vite at Far Cry 4 vil sende oss heilt til Himalayafjella i Asia, og by på ulike monster. Dette er omlag nøyaktig det same som Superannuation tvitra i februar. Med det kan vi tydelegvis kysse solstolen adjø, og gjere oss klare for truger og ei godt polstra allværsjakke.

Ri på elefantar

Neonorgia i Far Cry 3: Blood Dragon er nok eit godt stykke unna kva vi kan vente oss i Far Cry 4.

Spelmekanikkane vil i følgje kjeldene til Eurogamer vere svært like dei vi fekk servert i Far Cry 3, og det vil bli strukturert på ein liknande måte. Du vil kunne frigjere ulike utpostar, samtidig som jakting av dyr vil få eit stort fokus. Dyra er derimot ikkje berre der for å jaktast, sidan du skal kunne ri på elefantar i spelet.

Med mindre kjeldene til Eurogamer kjem med usann informasjon, eller ting endrar seg, skal spelet kunngjerast for PC, PlayStation 4 og Xbox One under Ubisofts E3-pressekonferanse i juni. Der vil dei òg by på andre overraskingar, med mindre kjelder skulle lekke meir informasjon.

At eit nytt Far Cry-spel er på veg kjem ikkje som noko bombe. I oktober kom det ut at Red Hot Chili Peppers-trommis Cliff Martinez jobbar med musikken i Far Cry 4.

Om du ikkje har fått med deg kva Far Cry-serien handlar om, lanserte Ubisoft nyleg ei samlepakke med alle spela i serien.

Siste fra forsiden