Xbox One støttar åtte kontrollerar

Microsoft vil benke heile venegjengen ned framfor skjermen.

I mange år har det vore standard at fire kontrollerar kan vere kopla til ein konsoll samtidig. Dette talet har derimot Microsoft bestemt seg for å doble til heile åtte kontrollarar for Xbox One, får vi vite via Eurogamer. Kva ein treng åtte kontrollarar til er ikkje godt å seie, sidan maksen for delt skjerm lenge har vore ei deling på fire.

Samtidig har fleire og fleire utviklarar droppa lokal speling til fordel for å la deg spele over nettet. Noko av grunnen til at Xbox One vil støtte åtte kontrollarar kan tenkjast å kome i samband med korleis Kinect kan lese kven som held kva kontrollar.

Kvar Xbox One-kontrollar sender eit infraraudt lys som blir lest av Kinect. Sidan kameraet i tillegg kjenner igjen ansikt, vil maskina vite kven som er framfor skjermen, og kan såleis endre kontrolloppsettet på eit blunk. Dette kan raskt bli praktisk når fleire spelarar deltek i til dømes ei lita FIFA-turnering.

Xbox One-kontrollaren kjem med 40 forbetringar i forhold til Xbox 360-kontrollaren.

Mange endringar

Kontrollarane får ei solid rekkevidd på heile ni meter, noko som burde kome godt med om du har din eigen kinosal i kjellaren. Om du ikkje stolar på trådlaus speling kan du i staden plugge inn ein USB-kabel for å sende signala direkte til maskina utan forsinking

Microsoft hevdar å ha gjort over 40 endringar som dei meiner vil gjere kontrollaren betre enn Xbox 360-kontrollaren. Den mest merkbare kjem gjennom avtrekkjarane som har fått sin eigen ristemotor. Desse vil kunne gi deg meir presise tilbakemeldingar når du blant anna fyrer av eit våpen eller køyrer ein bil.

I tillegg kjem kontrollaren med ein heilt ny D-pad, og nye styrestikker med ru overflate som bør kome godt med når fingrane blir sveitte og klamme.

Xbox One kjem i sal i Noreg til våren.

Les også: Microsofts Illumiroom kommer neppe til Xbox One Les også: Microsoft åpner dørene for indie-utviklere

Siste fra forsiden