Intervju

Utviklarstjerna Nora (19) fann bil-lidenskapen gjennom PlayStation 2

Spelprofilen nærmar seg lansering av sitt nye spel, og har i mellomtida investert i japansk sportsbil.

Mikkjell Lønning

Eksosduren frå Nora Helen «Shyfoox» Engelsvold (19) sin '97 Nissan 200SX S14 overdøyver både fuglane, vinden og naboane her i Aspervika i Sandnes.

Nokre klagar har det vore, men stort sett går det greitt.

Dei siste åra har Engelsvold gjort braksuksess som spelutviklar i Roblox, og har fått økonomien til å vere litt «spontan», som ho seier.

Difor står både ein Honda Civic – som snart skal folierast i smaragdgrønt med logoane til Shyfoox Studios – og den nemnde japsebilen frå 90-talet i tunet framfor huset hennar.

– Bil har blitt meir og meir hobby sidan eg fekk lappen. Det er nett som når du speler. Etter kvart blir du lei av at figuren din er som original, og du hiver på noko stæsj, du personaliserer. No gjer eg det med bilane òg, seier Engelsvold.

– Heilt utruleg morosam

Bilinteressa har alltid vore der for 19-åringen.

Interessa blei dyrka fram av spel på PlayStation 2; Need for Speed-, Grand Theft Auto- og Test Drive Unlimited-seriane, saman med ein dose nedarva lidenskap frå far hennar si side av familien.

Ho kjøpte seg ein Ford Focus før ho fekk lappen, men det tok ikkje lange tida etter at førarkortet kom i boks før ho måtte ta ein runde på dei lokale bilforhandlarane. Bilen blei for tam.

– Det var som å køyre rundt i ein plastkasse på vegen. Civicen er derimot utruleg god i det daglege, men så blei jo han litt keisam igjen, òg. Kanskje eg skal skifte eksosanlegg på Civicen etter kvart. Gjere han litt meir funky. Litt, seier ho.

ENTUSIAST: Nora Helen Engelsvold har kjøpt sin andre bil, og skal køyre opp til førarkortet for mellomtung MC i september. Då blir det nok motorsykkel-kjøp også.
Mikkjell Lønning
Mikkjell Lønning

Ved eit tilfelle kom Engelsvold over 200SX-en på Finn, og kjøpte bilen på dagen.

– Bilen er heilt utruleg morosam. Og han startar nesten kvar gong, seier ho.

– Mor mi fekk hakeslepp då ho såg han. Ho visste ikkje eg hadde kjøpt han, og var litt ifrå seg. Men det går greitt no.

Stort miljø

Bilen har 157.000 kilometer på teljeverket, og har sannsynlegvis levd eit ganske hardt liv.

Noko trøbbel har det blitt. Ein motorstopp eller to må ein nesten forvente i ein slik bil.

– Motoren heng stort sett saman med strips, seier Engelsvold med ein latter.

Mikkjell Lønning

For Engelsvold har den gamle Nissanen blitt ein inngang til bilmiljøet i regionen. Ho er overraska over kor stort og inkluderande det er.

– Det hadde eg ikkje forventa. No har eg blitt god ven med nesten alle. Dei fleste køyrer gamle japanske bilar, seier ho.

– Eg er ute med bilen nokre dagar i veka, og gjerne når nokon av dei andre vil finne på noko. Eg syns det er gøy å gi på opp i fart, men eg køyrer ikkje over fartsgrensa. Det er ikkje vits i å miste lappen når eg endeleg har fått han.

– Sjukt

Det er rundt eit år sidan Gamer.no/Sandnesposten var på besøk hos Engelsvold førre gong.

Roblox

Vis mer

Roblox er ein plattform der du både kan spele og utvikle spel. Spelet blei lansert i 2006, og blei i slutten av 2021 verdsett til ein marknadsverdi på rundt 650 milliardar kroner.

Sidan då har både Aftenposten Junior og NRK vore innom for å lage reportasje om utviklarkarrieren hennar.

Sist dagen før intervjuet med Gamer.no opplevde ho at nokre ungar stod og stira intenst på bilskiltet hennar då ho var på ein parkeringsplass.

– «Er du Shyfoox frå TikTok?» spurde dei. Hæ, liksom. Korleis reagerer du på noko slikt? Men eg syns det er koseleg. Vaksne pleier ikkje seie noko før eg møter dei i køen på matbutikken. Dei spør gjerne: «Er ikkje du ho der datajenta?»

Mikkjell Lønning

Det har framleis ikkje heilt gått opp for ho kva posisjon ho faktisk har i den norske spelbransjen.

– Eg har fått så mange meldingar, spesielt etter artikkelen i NRK. Folk spør meg om eg vil vere med på konferansar, halde foredrag eller undervise på skular, seier ho og ristar på hovudet.

– Du er sannsynlegvis den mest kjende og finansielt vellukka norske spelutviklaren i dag. Kva tenkjer du om det?

– Det er heilt sjukt. Berre ... what. Eg veit framleis ikkje kva eg skal seie. Eg trudde i alle fall aldri at interessa skulle bli så stor, seier ho.

Hus og tilsette

Engelsvold har lansert seks ulike spel gjennom Roblox, der det mest populære, Dragons' Life, har hatt i underkant av 400 millionar besøk sidan 2016.

Utviklaren jobbar framleis med det nye spelet Wolves' Life New Dawn. Spelet har vore i ein lukka betatest, og Engelsvold siktar på ei lansering mot hausten.

– I verste fall til vinteren. Spelarane får langt meir å gjere enn i dei førre spela mine, dei får eit lagersystem, dei kan lage eigne holer og gjere oppdrag. I dei andre spela handlar det berre om å vere sosial med andre, fortel ho.

Mikkjell Lønning

Shyfoox Studios AS består stadig berre av Engelsvold, men ho vurderer å tilsetje ein programmerar som ho har hyrt inn som frilansar.

Planen er å halde fram med oppdateringar til det nye spelet i ei stund etter det kjem, og starte på eit nytt prosjekt etter det igjen.

– Det er noko eg har tenkt på ei god stund. Neste prosjekt, her ute i røynda, blir å bygge meg eit hus. Eg vil ha eit eige hus, eit kontorbygg ved sida og ein hybel eg kan tilby viss eg hentar arbeidarar frå utlandet.

Ho har førebels ingen ambisjonar om å gjere Shyfoox Studios AS til ei stor utviklarbedrift.

– Eg vil starte smått, og har ingen planar om å ha noko stort selskap fram i tid. Ein scriptar, ein grafisk designar, ein ansvarleg for sosiale medium og kanskje eit par til. Ikkje meir. Eg er ikkje så flink til å styre andre, avsluttar ho.

Siste fra forsiden