3DS-Castlevania-spelet Mirror of Fate kjem til heimekonsoll

Konami har kunngjort det mange har venta på.

Blant vårens perler fann vi Castlevania: Lords of Shadow: Mirror of Fate. Dette sideskrollande spelet i Castlevania-universet blanda den gamle Castlevania-stilen med mykje nytt, og fungerer som eit bindeledd mellom Lords of Shadow 1 og 2.

No har Konami via Facebook-sidene sine kunngjort at dei vil utvide det potensielle publikummet for spelet. Ei HD-utgåve av spelet vil bli tilgjengeleg via nedlasting for Xbox 360 og PlayStation 3 allereie 31. oktober.

Korleis blir dette i HD?

PC eller ei?

Som du kanskje ser manglar den rimeleg viktige PC-plattform på den lista, noko som er litt pussig sidan det første Lords of Shadow-spelet er på veg til PC, og Lords of Shadow 2 får ein PC-versjon. Via Eurogamer får vi vite at Castlevania-produsent Dave Cox har tatt til Twitter for å fortelje at dei på ingen måte vil utelukke ein PC-versjon.

Vår mann Eigil Knudsen var svært imponert over Mirror of Fate på 3DS, og klinka i ekstase til med ein magisk niar:

«Castlevania: Lords of Shadow: Mirror of Fate er ei herleg oppslukande affære, perfekt formatert til Nintendos stereoskopiske vidunder. Det representerer inga radikal omvelting av konseptet, men så er det heller ikkje det vi eigentleg ynskjer oss frå ein serie som gjennom ei årrekkje har bygd opp ein tydelig identitet og eigenart. Dette er bunnsolid handverk, ei gjennomarbeida vidareføring av ein ærverdig og aldrande spelserie med vekt på alle dei riktige elementa.»

Då gjenstår det å sjå korleis spelet tar seg ut når det blir overført til den store skjermen.

Les også: Sniktitt: Castlevania: Lords of Shadow 2 Les også: – Historia er viktigaste grunn til å spele dette spelet

Siste fra forsiden