Age of Empires får mobilversjon

Strategiserien kjem til Android og iPhone før Windows Phone.

Ein av Microsofts mest populære seriar opp gjennom åra er Age of Empires. I denne serien med strategispel byggjer du deg opp gjennom fleire tidsaldrar, og får stadig meir avansert teknologi til din disposisjon.

Serien var originalt utvikla av Ensemble Studios, men etter at dei utvikla Halo Wars til Xbox 360 la Microsoft ned studioet. Microsoft har likevel halde fram serien med Age of Empires Online, som i utgangspunktet blei bygd opp av Ensemble-veteranane i Robot Entertainment. Spelet gjekk etter ei tid over til Gas Powered Games.

I dag fortel Reuters via Eurogamer at Microsoft er i gong med enda eit nytt Age of Empires-spel, men denne gong for mobil. Det spesielle med akkurat dette spelet er at det vil kome til Android og iPhone først, medan ein versjon for Windows Phone vil dukke opp seinare.

Microsoft har gjeve ut spel for iPhone før, blant anna Wordament og Kinectimals, men fram til no har dei promotert spela sine på si eiga plattform først.

Mobilversjonen av Age of Empires blir utvikla av japanske KLab, og skal vere ferdig før slutten av mars. Vi har altså ei god stund å vente før vi får bruke mobilen til å byggje opp rika våre.

Les også: Fansen pusser støvet av Age of Empires II Les også: Anmeldelse: Age of Empires II HD

Siste fra forsiden