Test

Gigabyte Radeon RX 6700 XT Gaming OC

AMD har aldri vore så bra som no. Men klarar dei å slå Nvidia?

Me har prøvd ut RX 6700 XT i ti ulike spel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test
2: Benchmark i ti spel

2020 og 2021 har vore både kjekke og kjipe år for gamingskjermkort. På den eine sida har aldri AMD vore så nære å utkonkurrere Nvidia nokosinne, og på den andre sida har det vore håplaust å få tak i dei nemnde skjermkorta.

Det blir skildra fint med den noverande prisen til produktet me skal teste. Dei siste vekene Gigabyte Radeon RX 6700 XT Gaming OC vore tilgjengeleg for mellom 13000 og 14000 kroner. Det er heilt latterleg. Gigabyte har fortald meg at dei rett og slett har valt å ikkje setje noko norsk pris på kortet, då leveringsevna deira er så redusert.

Det seier sitt. I skrivande stund er det ingen norske nettbutikkar som har pris på skjermkortet lenger.

Gamer.no har tatt eit mellombels val om å ikkje sette karakter på skjermkort på grunn av dei latterlege prisane, men i og med at det for tida er veldig vanskeleg å få tak i noko, så syns me det har ein del for seg å samle inn så mange ulike kort som mogleg for testing. Me lagar ein samletest på alt når me har fått på plass fleire testar, slik at folk kan lese den og ha eit betre vurderingsgrunnlag når skjermkorta (håpar me) blir lettare tilgjengeleg.

Me vil åtvare mot å kjøpe noko som helst skjermkort slik som marknaden er no. Det tapar du på.

LES OGSÅ: Grafikkortsituasjonen blir verre og verre »

Design

Gigabyte Radeon RX 6700 XT Gaming OC er eit mellomklassekort i den nye RDNA 2-serien frå AMD. Det kjem med 12 GB med GDDR6-videominne og ein boost-klokkehastigheit på 2622 MHz, altså 41 MHz over referanseversjonen frå AMD.

STILIG BAKPLATE: Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC er ikkje akkurat noko nyvinning, men utsjånaden er fin nok.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testeksemplaret vårt er utstyrt med Gigabyte sin Windforce 3X-kjølar, som me har testa tidlegare på Radeon 6900 XT. Dette er laga for å levere habil kjøling utan den største prislappen. Utsjånaden på denne kjølaren har ikkje endra seg så veldig mykje frå førre generasjon, og ein kan vel ikkje påstå at dette kjem til å snu så mange hovud.

Det er eigentleg heilt greitt at Gigabyte har lagt seg på ein anonym utsjånad på desse kjølarane. Viss ein vil ha meir lys og gamingdekor kan ein alltids investere i Aorus-serien deira.

Kjølaren er berre ein halv centimeter kortare enn 6900 XT-versjonen, så det krev framleis ein del plass i kabinettet. Heile kortet måler 28,1 centimeter i lengda og 11,5 centimeter i breidda. Totalt tar det opp 2,7 PCIe-spor og har elles doble HDMI og DisplayPort-utgangar, noko som er veldig praktisk for dei som driv med VR.

Yting

AMDs RX 6700 XT-skjermkort er meint for speling i 2560x1440. Det er det meir enn bra nok for, sjølv til dei som har skjermar med oppdateringsfrekvens over 60 hertz. Med nokre små justeringar på innstillingane her og der er det mange spel der ein kan klare 144 FPS. Det er vanskeleg å seie korleis det vil klare seg i komande AAA-spel, men du vil i alle fall ligge over 60-grensa i nokre år framover.

Det same gjeld 1080p. Skjermkort som dette gjer seg veldig godt i riggane til dei som er ute etter høgast mogleg biletefrekvens i konkurransespel, gjerne kombinert med ein skjerm på 300 hertz. 6700 XT taklar fint Valorant, CS:GO, League of Legends og liknande i godt over 300 FPS så lenge ein har ein kjapp nok prosessor.

Den nærmaste konkurrenten til RX 6700 XT er Nvidia sitt RTX 3070-skjermkort. I utgangspunktet skulle RTX 3070 koste 500 dollar og RX 6700 XT 480 dollar, men no er det heilt tilfeldig kva av korta som kostar meir – spesielt på produkt som Gigabyte sitt Gaming OC-kort, som har kosta over 13 000 kroner. Ved meir normale forhold tippar eg dette vil koste mellom 6000 og 7000 kroner.

TØFF KONKURRANSE: 6700 XT yter ikkje godt nok til å hamle opp med RTX 3070.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testane våre viser at RTX 3070 gir høgare biletefrekvens i fleirtalet av spela me har testa. Nvidia sitt skjermkort har berre 8 GB med videominne, men i dei aller fleste spel vil ikkje det bli noko faktor før ein kjem opp i 4K og høgare oppløysingar.

Av dei 13 spela me har testa, er det berre i Assassin’s Creed Valhalla at 6700 XT yter betre på tvers av alle oppløysingane. Det er det klart mest AMD-venlege storspelet på marknaden no, så det er ikkje rart at 6700 XT tar ei leiing der. Elles er 6700 XT kjappare i 4K i Control og i Horizon Zero Dawn i 1080p og 1440p.

Biletefrekvensen kortet oppnår er imponerande nok, men det er openbert at RTX 3070 er noko kraftigare.

Forskjellen mellom dei to konkurrentane er likevel ikkje så veldig stor, så det er gjerne andre faktorar enn rein yting som blir viktig når ein skal velje. Der har nok Nvidia framleis eit fortrinn med tanke på støtte for DLSS, ein langt betre videokodek (NVENC) og generelt betre stabilitet når det kjem til drivarane. Og viss me først ser slik på det, kan det gjerne vere pengar å spare på å investere i RTX 3060 Ti i staden, der ein får noko lågare biletefrekvens, men framleis får nyte av dei andre styrkane til RTX-skjermkorta.

No som AMD har fått støtte for strålesporing, ser me òg at AMD har ein lang veg å gå for å ta igjen Nvidia på det.

Vanlegvis testar me yting i strålesporing i Shadow of the Tomb Raider, men det spelet fungerer av ein eller anna grunn ikkje på Gigabyte sitt 6700 XT-skjermkort, uavhengig av kva drivarversjon ein brukar. I Control ser me at 6700 XT Gaming OC ligg langt bak RTX 3070 når det kjem til strålesporing, der til og med RTX 3060 gjer det ti prosent betre enn 6700 XT allereie i 1080p. I både nye Call of Duty og Metro Exodus blir AMD grusa av RTX 3070 – og det utan DLSS.

Det er ingen tvil om at RX 6700 XT er eit bra skjermkort, for det gir grei valuta for pengane til lanseringsprisen, men med tanke på at RTX 3070 slår det i dei aller fleste tilfelle, så ville eg heller gått for det.

Men viss ein skal ha eit skjermkort i den nærmaste framtid, handlar det dessverre mest om kva ein kan få tak i.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

AMD har gjorde eit betydeleg løft når det kjem til energieffektivitet med den første RDNA-arkitekturen, og det har dei tatt med seg inn i andre runde. Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC drar maks 203 watt ut av veggen under full last, og produserer då 67 grader.

HØG KLOKKEHASTIGHEIT: Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC leverer skyhøge klokkehastigheiter, men det betyr ikkje nødvendigvis så mykje i spela me testar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje gale.

Varmepunktet er oppe på 85 grader, så det er lite å seie på straumbruken og varmen. Når det kjem til støynivået, er dette noko lågare enn kva me såg på 6900 XT-versjonen. Den gav 40 desibel under last, medan 6700 XT produserer 37 desibel. Viftene spann opp til 2014 omdreiingar i sekundet på det meste. Det er nok noko av grunnen til at 6900 XT-versjonen lagar meir lyd, då det var oppe på 2150.

Du kan høyre viftene til Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC med eit ope kabinett, men det er neppe noko du legg merke til viss kabinettet er lokka. Det er heller ikkje eit like stort problem med spolekvin på dette som med 6900 XT-kortet.

Overklokking

Skjermkortet får straum gjennom éin 6-pin og éin 8-pin PCIe-kabel. Det verkar ikkje som det er så mykje meir å hente av straum under overklokking, i alle fall ikkje slik BIOSen på skjermkortet er no. Forbruket går berre opp til 205 watt når skjermkortet er overklokka.

Låge straumgrenser for overklokking kan bety at overklokkinga ikkje blir like effektiv, men det betyr òg mindre varme. Temperaturen gjekk difor berre opp med éin grad ved overklokking.

Klokkehastigheitene er det derimot lite å klage på. Klokkehastigheita fauk heilt opp til 2602 MHz utan overklokking, og køyrde stabilt på 2871 med litt ekstra hjelp av AMD sitt overklokkingsprogram. Det syns eg er direkte imponerande.

Som vanleg vil silisiumlotteriet ha mykje å seie for kva ein kan få hente ut av brikka sin, og det er vanskeleg for meg å seie om mitt er godt eller ikkje – for det er så lite å samanlikne med enno. Men ein kan trygt seie at overklokkinga har veldig mykje for seg når det kjem til å auke klokkehastigheita.

Det som er interessant er naturlegvis korleis dette artar seg i spel. Som vanleg er det store skilnadar frå spel til spel, der eg får null effekt av overklokkinga i Middle-earth: Shadow of War. I Far Cry 5 gjekk ytinga opp med seks prosent i 4K (4 FPS ekstra), men med null utslag i 1440p og 1080p. Det same skjedde i The Witcher 3: Wild Hunt. Ytinga forbetra seg berre i 4K, denne gongen med tre prosent. Horizon Zero Dawn var det einaste spelet som fekk ei auke på tvers av alle oppløysingane. Der gav overklokkinga tre prosent ekstra yting.

Totalt sett verkar det ikkje som overklokkinga betyr så mykje for spelytinga her, men med tanke på at Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC ikkje drar noko særleg med ekstra straum, så kan det vere verd å gjere.

Konklusjon

Det er ein unntakstilstand i skjermkortverda for tida. Prisane på mange av produkta er nesten dobla, og ein skal ha flaks for å finne skjermkort på lager.

SVINDYRT: Ingen bør kjøpe skjermkort til dagens prisar, om dei ikkje absolutt må.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette gjeld òg for Gigabyte RX 6700 XT Gaming OC. No er det ingen på lager i Noreg, men om det eventuelt kjem noko på lager, så blir det til ein langt høgare pris enn det Gigabyte ser for seg. Det gjeld å smøre seg med tolmod.

Testane våre viser at RTX 3070 vil vere eit betre val enn RX 6700 XT for dei aller fleste, spesielt på grunn av støtte for DLSS. Det grøne laget vinn mellomklassekampen denne gongen – om ein kan kalle skjermkort til over 6000 kroner for mellomklassekort.

AMD har likevel lova at dei skal kome med ein liknande variant etter kvart, så RX 6700 XT er på ingen måte noko dårleg kjøp. Dette er eit skjermkort som taklar det aller meste av spel i 1080p og 1440p. Det går òg fint an å spele i 4K med RX 6700 XT, sjølv om det neppe held 60-grensa i dei mest krevjande spela.

Gigabyte sin kjølar leverer respektable temperaturar og relativt lite støy, men det er vanskeleg å seie så mykje om kor attraktivt dette vil vere samanlikna med andre kjølarar. Me anar ikkje kva det kjem til å koste i forhold til liknande modellar frå MSI, Zotac, EVGA og så vidare.

Er du på desperat utkikk etter eit skjermkort er dette eit trygt val, men har du tid, så bør du vente. Det gjeld for så vidt for både AMD- og Nvidia-skjermkort.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Låge temperaturar
Effektiv kjøling
Knuser det meste i 1080p
God 1440p-yting
Praktisk med 2x HDMI-utgangar
Særs høg klokkehastigheit
Tar mykje plass
Umogleg å få tak i
Ikkje like attraktivt som RTX 3070
1: Test
2: Benchmark i ti spel

Siste fra forsiden