Anmeldelse

Faery: Legends of Avalon

Er dei gode gamle europeiske eventyra i ferd med å få seg ein oppsving?

Du har kanskje vore borti dette scenarioet før, men la gå. Magien er i ferd med å døy ut, og noko må gjerast. Mennesket som tidlegare hadde stor respekt for magiske krefter, har etter kvart snudd ryggen til alt som ikkje kan forklarast med elementær vitskap. Resultatet er tragisk nok at magien og alle magiske skapningar visnar som blomar i akutt mangel på vatn. Det er færre og færre magiske skapningar å finne, og der dei måtte eksistere, syng dei på siste verset grunna menneskets totale mangel på respekt for alt rundt dei.

Ikkje så langt frå røynda med andre ord. Det er på tide at nokon ordnar opp i problema, og det er sjølvsagt her du kjem inn i biletet. Faery: Legends of Avalon er kanksje eit lite spel, men det er veldig ambisiøst, og prøvar å gjere svært mykje med veldig lite.

Du er ikkje akkurat stor

Vakre småkryp

Du startar med å lage deg ei lita fe, denne kan vere mann eller dame. Felles for kvart kjønn er at du for eit lite spel som dette har imponerande mange val å justere på for å kome fram til ei fe som ser bra ut. Du justerer ansiktet ditt ned til minste detalj, og kan i tillegg måle deg fram til ein lekker hudfarge basert på ganske mange forskjellige parameter. Det er faktisk på nivå med større rollespel som kjem ut i butikk, og på mange måtar er verktya i Faery betre, sidan det skal godt gjerast å ende opp med ein mutant som bryt alle anatomiens lovverk

.

Når du har skrudd saman karakteren din ber det ut på eit eventyr som både er veldig tradisjonelt, og litt nyskapande. Det første du vil merke deg er korleis kontrollen i spelet skil seg sterkt frå andre spel. I staden for å springe langs bakken, flyg du gjennom lufta. Du har – for å seie det fint – aldri bakkekontakt, og dette gjev deg ein fridom som både er positivt og negativ.

Du kan lett kome deg fram overalt, og det tek aldri lang tid å kome seg frå ein stad til ein annan. Du kan «gasse» for å fly raskare, og dette sørgjer for at det du vil bruke minst tid på i spelet er å kome deg frå A til B. Du kan kome deg frå ein ende av eit område til eit anna på få sekund, og dette eliminerer all dødtid som kunne oppstå. Kontrollane er ekstremt enkle, men det er ikkje heilt problemfritt å kunne fly i alle retningar.

Av og til kan det bli veldig uoversiktlig kvar du skal gå sidan arkitekturen på forskjellige bygningar og område kan bli litt vel kaotisk. Sjå til dømes føre deg at du skal fly mellom bakken og opp til forskjellige små hus i toppen av eit tre, og du kan forhåpentlegvis få ein idé om kor forvirrande det kan vere å navigere mellom greiner og lauv som skapar veldig dårleg sikt.

Verda i Faery er både søt og sjarmerande

Lita verd, mykje å gjere

Faery: Legends of Avalon er ikkje eit stort spel, men det er likevel godt med innhald. Du får vitje fire forskjellige verder i tur og orden som alle har sine spesielle særtrekk. Du startar i Avalon, heimøya til Oberon – kongen over alle dei magiske skapningane – som på sett og vis fungerer som din base for operasjonar. Herifrå kan du reise til verdstreet Yggdrasil, Den Flygande Hollender, samt ørkenbyen Mirage. Ingen av desse områda er spesielt store, men dei er alle veldig forskjellige i både visuelt og i korleis dei er oppbygde. Alle oppdraga dine blir i tillegg gjort i veldig konsentrerte område, noko spelet vinn stort på.

For kvart område du vitjar har du eitt oppdrag. I Yggdrasil sitt tilfelle er dette til dømes at noko forgiftar og forvitrar treet, og du må finne ei løysing på problemet. Oppdraga er som regel ikkje heilt enkel affære, og du må gjerne løyse problem i fleire ledd. Dine første handlingar er kanskje ikkje nok, men leiar deg i staden vidare på vegen for å finne kva som eigentleg er problemet. Undervegs møter du samtidig mange forskjellige magiske skapningar henta ut av tradisjonell europeisk folketru, noko som dannar eit nesten litt heimleg og koseleg bakteppe. Dette er på alle måtar tradisjonell fantasy, men det held seg så pass nær dei gamle segna at det likevel skil seg frå moderne fantasy.

Kvart område vil ikkje ta deg meir enn to eller tre timar å kome gjennom, men det er velbrukt tid. Mesteparten av tida brukar du på å snakke med folk, og løyse forskjellige problem dei måtte ha. Stort sett må du ikkje gjere meir enn å fly litt fram og tilbake for å utføre dine samtaler. Oppdraga varierer i natur, og du må bruke tida på å gjere alt frå å finne mannen til ei temmeleg usjarmerande dame, til å hjelpe ein liten faun med å høyre nymfelatter igjen. Det er ikkje alt som er heilt lett å tenkje seg fram til, og tankeprosessen du av og til må gjennom minnar litt om gamle eventyrspel.

Dialogen du møter gjennom oppdraga er artig og underhaldande, sjølv om det ikkje er nokon stemmer i spelet, og graverande grammatiske feil har ein tendens til å dukke opp litt for ofte. Du kommuniserer med folk ved hjelp av eit system henta rett ut frå Bioware sine siste spel. Følgjevenene du etter kvart plukkar med deg vil i tillegg endre syn på deg alt etter korleis du handterar forskjellige situasjonar, noko som sjølvsagt sender tankane tilbake til Dragon Age.

Enorme krabber er alltid eit teikn på eit sikkert kjøp

Tradisjonen tru

Sjølv om dialog og pasifistisk løysing av oppdrag kjem til å ta det meste av tida di, er Faery: Legends of Avalon eigentleg eit veldig tradisjonelt rollespel. Kampane er turbaserte og minnar meir om gammal Final Fantasy-årgang, enn noko vi har for vane å sjå frå europeiske utviklarar. I motsetning til mange av sine japanske slektningar ser du alle fiendar før du går til angrep, og du finn dei i tillegg berre i spesielle område som hindrar dei i å dukke opp ofte.

Kampane i spelet er artige ei stund, og utviklarane hos Spiders har gjort nokre interessante grep for å gjere spelet sitt unikt. Du kan velje om du vil bruke eit angrep, magi, eller forskjellige gjenstandar. Det mest interessant er korleis du ikkje brukar mana eller liknande magireservat for å bruke til dømes eld. I staden baserer spelet seg på eit poengsystem der kraftigare angrep – magiske eller ikkje – krev to eller fleire poeng.

Desse poenga får du etter kvart som tida går, og eit angrep som krev to poeng får du ikkje bruke før runde to. Dette er eit OK system, men det sørgjer samtidig for at kampane blir unødvendig lange. Mange kampar kunne ha vore over på få minutt om du berre kunne ha brukt dei kraftigaste angrepa med ein gong, men i staden endar vi opp med fleire langdryge kampar som ikkje blir engasjerande før dei nesten er over og du får ta i bruk kraftigare skyts. Verre blir det av sjefskampar der dei kraftigaste angrepa blir heilt ubrukelege sidan dei alle er baserte på å skade fleire fiendar om gangen. Med berre ein stor fiende forsvinn den gevinsten, og vi endar opp med at dei potensielle høgepunkta blir lange og keisame.

For å hjelpe til litt på akkurat dette får du ha med deg to hjelparar til ei kvar tid, og desse kan bytast ut som du vil. Du styrer dei i kamp, men dette er all kontroll du har over dei. Du kan ikkje velje utstyr eller eigenskapar for dei bortsett frå ein og annan gong når dei spør deg kva angrep dei skal satse på å lære.

Dei er ikkje alltid like fagre desse havfruene

Artig utvikling

Den største suksessen til Faery: Legends of Avalon reint bortsett frå å gjere forskjellige oppdrag, er korleis karakteren din veks og gror frå ei lita fe til ei lita og kraftig fe. Kvar gong du går opp i erfaringsnivå får du eit poeng, og kvar gong du brukar eit poeng på å kjøpe ein ny eigenskap, eller oppgradere ein gammal, utviklar karakteren din seg. Du får tatoveringar på kroppen, nye venger, fleire venger, ein hale, og andre små detaljar som er med på å forme karakteren din vidare.

Det er ein artig prosess som gjev deg konstante tilbakemeldingar om at du blir sterkare og sterkare. Systemet er samtidig så lettfatteleg og oversiktleg at du aldri vil ha problem med å gjere gode val. Du har ikkje for mykje å velje mellom, og har du først sett i gong med å kare deg ut ein retning, er det lett å fullføre. Det einaste som plagar meg er eigentleg at du ikkje kan reversere noko som helst. Kvar gong du vel noko eliminerer du samtidig noko anna, og dette kan føre til at du seinare i spelet står der med berre ei brukbar form for magi. Noko som igjen går ut over kampsystemet, og hindrar den store variasjonen.

Du blir i stadne nøydt til å velje følgjevenene dine etter kva du treng. Er du i eit område der fiendane brukar mykje eld, er det sjølvsagt best å sørgje for at du har med deg krigarar som er gode mot den magien.

Konklusjon

Faery: Legends of Avalon er eit triveleg lite spel som serverer eit solid stykke europeisk fantasy. Spelet er på mange måtar tradisjonelt, men strukturen og navigasjonen i terrenget er likevel så særeigen at spelet ikkje har noko problem med å skilje seg ut. Det er ganske artig å kunne fly kjapt i alle retningar, sjølv om det av og til kan vere litt forvirrande å finne ut kvar du er, og kvar du skal.

Ver snill å forstå at lighteren din sannsynlegvis er meir potent enn magien til denne dama

Det er lett å like spelet, men det er samtidig ikkje mogleg å sjå bort frå alle dei elementa som stoggar det frå å nå høgt opp. Eg kan ikkje kalle dei direkte irriterande, men dei kunne ha vore betre. Kampane hadde hatt godt av ei runde til i tankeboksen, og sjølv om det er moro å byggje karakteren din er det vanskeleg å sjå bort frå den stive føringa det heile raskt tek. Dette er ikkje nødvendigvis negativt i seg sjølv, men i Faery endar det opp med at du kan bli ganske hemma i møtet med fiendane.

Kampane og alt det som følgjer med dei er likevel ikkje det viktigaste i spelet. Mesteparten av tida blir brukt på å reise rundt i fornøyelege fantasimiljø fulle av artige skapningar, noko som strengt tatt er temmeleg moro.

Siste fra forsiden