Anmeldelse

Devil May Cry 5

Satans leikegrind

Dette er litt som når du går på fjellet og heile tida trur du har nådd toppen.

Capcom

Kva skjedde? Capcom såg jo ei stund ut til å ende opp som eit av desse selskapa som berre er ein skugge av seg sjølv. Deira tidlegare galleonsfigur Keiji Inafune snakka for ein del år tilbake den japanske spelindustrien nedanom og heim, kalla den døyande, og peika mot vesten som dei grøna jaktmarkene industrien burde flokke mot. Capcom gjorde som han sa, lagde nokre kommersielt lunke spel, kansellerte nokre andre, medan dei hyra inn vestlege utviklarar for å byggje nye kapittel i gamle seriar. Suksessen var som så der.

I 2019 har Capcom gjeve opp å prøve å appelere til vesten. Lagar det eine kanonspelet etter det andre ved å fokusere på det dei er gode på, det dei alltid har vore gode på, medan få om nokon veit kva mannen med svara – Keiji Inafune – driv på med. Suksessen har vore monumental. Dei har nett lagt bak seg eit år der Monster Hunter World, eit spel i serien ingen trudde nokon gong skulle få fotfeste i verda utanfor Japan, har klatra opp til å bli selskapets mestseljande tittel nokon sinne.

Og no sit vi her med Devil May Cry 5, eit spel så uforskamma frekt at det berre kunne ha kome frå eit Capcom i toppform.

Neste generasjon?

Nero kjenner lukta av noko surt.
Øystein Furevik/Gamer.no

For røft 13 år sidan sverma eg varmt for eit anna Capcom spel då eg skreiv om zombiespelet Dead Rising. Dette var spelet som for meg definerte at vi no var inne i ein ny generasjon der lista var lagt mykje høgre. Når eg ser tilbake blir det litt pinleg å sjå på Dead Rising, eit spel om å kverke zombier med hushaldningsartiklar, som det store dømet på korleis forteljarkunst kan stappast inn i eit spel. Eg tok likevel meg sjølv i å tenkje tilbake til Dead Rising medan eg spelte Devil May cry 5.

Sjølv om vi no er nærare slutten av ein generasjon enn starten på ein, gjev Devil May cry 5 meg den same kjensla av at vi no har løfta lista. Vi har har nådd ein ny topp, og vi kan aldri gå tilbake. Kvifor? Fordi det er så banalt og sinnsjukt pent og godt laga at eg nesten blir svimmel. Figurmodellane i dette spelet er av ei anna verd, og formidlar kjensler og dei usagde ting på ein måte som er så truverdig og verkeleg at eg av og til gløymer at dette er digitale figurar, og ikkje verkelege personar.

Viktigaste av alt er at det faktisk er underhaldande å følgje med på dei mange filmsekvensane som krydrar din framgang gjennom spelets okkulte utfordringar. Capcom køyrer på med ein så fandenivoldsk og hæla i taket attityde at ein lett kan bli litt paff. Det er regissert og presentert på ein måte som tek eit solid byks bort frå dei ofte stive og livlause filmsekvensane vanlege spel byr på, og verkeleg gjer det tydeleg kor stive og livlause filmsekvensar i spel eigentleg er.

Og det fungerer. Det fungerer så sinnssjukt bra, og det er som om dette er eit heilt anna Capcom enn det Capcom som laga alle dei tidlegare spela i serien. Dette er eit Capcom med langt betre forstand for kva som skal til for å fortelje ei spanande historie, uavhengig av kor banal og på papiret teit den kanskje skulle vere. Vi finn solid dramatikk i dette spelet, men samtidig rikeleg med den absurde humoren serien alltid har vor krydra med. Dante er framleis Dante, for å seie det slik, og Capcom? Dei berre leikar med oss.

Alle for ein

Dante ryddar opp
Øystein Furevik/Gamer.no

I Devil May Cry 5 er alt ved det vande. Nero har fyrt opp si eiga avdeling av Devil May Cry-sjappa, og han fartar rundt i ein minivan saman med den storkjefta mekanikerjenta Nico som røyker så mykje at Capcom tidleg ser seg nøydde til å klistre «vi støttar ikkje røyking av noko slag» over heile skjermen.

Sjølv om dette sikkert høyrest heilt suverent ut, er det ikkje berre fryd og gammen å spore blant våre vener. Spesielt dårleg er den dagen då ein framand fyr med sverd kjem og høgg av Nero demonarmen hans som vi kjenner frå Devil May Cry 4. Då er det godt at han jobbar saman med ein mekanikar i verdsklassen som skrur i hop mekaniske armar til han. Slik går no dagane, og eit demonisk tre veks snart opp midt i ein heilt fram til då meir eller mindre normal by. Inni treet finn vi naturlegvis ein gigantisk demonisk drittsekk som ikkje ser ut til å ha særleg meir gjennomtenkte ambisjonar enn at han vil ha meir makt.

Herifrå går det kast i kast. Nero legg ut på tur gjennom byen for å nå fram til rota av treet som deretter må utforskast i minste detalj. Demonar frå helvete gjer sitt beste for å sakka farten hans, men han berre dansar rundt fiendane med eit stadig friskare og meir dynamisk utval teknikkar. Etter kort tid blandar den mystiske V blandar seg inn i førestillinga.

V er ein slags kvasiintellektuell mørkemann som har lest for mykje Edgar Allen Poe og no trur han er hovudpersonen i kanskje tidenes kjipaste dikt. Eg snakkar om den typen dikt 15 år gamle gutar med langt hår skriv for å prøve å dra jenter ved å framstå som følsom og ekte. Kort fortalt er han det du får om nokon som så vidt høyrde om goth-kultur i forbifarten då Marilyn Manson var på sitt største rundt 1996 finn ut at dei skal designe ein skikkeleg kul fyr.

For V er kul. Han er så kul at han ikkje kjempar sjølv ein gong. Han sender i staden sine demoniske laikeier mot fiendane sine. Dei kjem i form av ein diger fugl, ein panter og eit manifestert mareritt som alle kan kaste seg mot fiendane på ei og same tid, medan han heller trekk seg unna og set i gong med litt pinleg høgtlesing frå boka si.

Til slutt kastar sjefen sjølv – Dante – seg inn i manesjen, berre for å slå fast at det er han, og ingen andre, som er originalen.

Du... les dikt? No?
Øystein Furevik/Gamer.no

Likt, men ulikt

Det går eigentleg ikkje an å lausrive eit einaste element i Devil May cry 5 frå resten. Det er ei nøye regissert og planlagt reise som veit nøyaktig korleis ein filmsekvens skal brukast for å fyre opp adrenalinet til spelaren før du får ta kontrollen sjølv. Det veit kva som er det absolutte beste punktet for å vri kontrollen frå deg, og setje deg inn i skoa til ein annan figur. Områda du fartar gjennom er store samansurium av rom og korridorar som framstår mest som ei trakt som dreg deg mot neste møte med fiendane.

Sjølv med all staffasjen, den idiotisk lekre grafikken og dei bråkjekke replikkane frå ein gjeng kjepphøge barskingar heilt ute av stand til å kjenne frykt, er det strengt tatt berre ein ting som betyr noko i eit Devil May Cry-spel, og det er kampane. Sit ikkje dei, sit ingenting, og med Devil May Cry 5 er det berre eit ord som kjem nær å oppsummere det heile: større.

Alt blir større, heile tida. Devil May Cry 5 er eit spel byrjar der andre spel når taket, og i dette spelet blir taket løfta heile vegen gjennom. For netsen kvart kapittel får du noko nytt å rutte med. Enten introduserer historia nye former for galskap, eller så låser du opp nye angrep og eigenskapar for sårt oppsparte grunkar. Alt løftar deg vidare. Alt tek deg eit steg høgre opp i lufta der du sjonglerar med fiendar før du sender dei i bakken med eit smell og kastar deg vidare mot neste offer.

Har du spelt eit Devil May Cry-spel før veit du eigentleg har i vente. Du får ei rekke angrep du skal lenke saman for å halde fiendane unna. For den urutinerte kan det framstå som hakkete og lite elegant, før meistringa set seg i musklane og det heile viser seg å vere den rake motsetning. Men Devil May cry 5 er større. Meir fyrverkeri, fleire eksplosjonar, fleire flammar, meir galskap. Det heile er langt meir sinnsjukt å erfare enn det nokon gong har vore før, og det er nesten eit under at det er mogleg å ha noko slags form for kontroll når ein ser det kaoset av lys og partikkeleffekter som gjer sitt beste for å skjule alt som skjer på skjermen.

Kampane i DMC 5 er intense og frykteleg vanskelege å ta gode bilete av, sjølv med ein eigen fotomodus.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelet tek deg med på ei reise gjennom spektakulære område der du blir stilt til vegs av eit stadig meir motbydeleg galleri av demoniske beist. Enkelte plattformelement dukkar opp for å gje deg eit avbrekk, kanskje finn du ei praktisk oppgåve som må løysast, men ver aldri i tvil. Dette er eit spel som utelukkande handlar om å filleriste demoniske beist. Ein kvar korridor og passasje finnest der utelukkande for å sende deg inn i dei ventande klørne til eit nytt knippe beist, og desse beista eksisterer utelukkande for at du skal varme opp til eit møte med ein langt større, langt styggare, og langt fælare fiende.

Konklusjon

Devil May Cry 5 er eit av desse spela som berre får meg til å ville kaste henda opp i verda og seie «nei, eg vetta f... Det er dritfett. Kjøpt det!». Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg er litt overbelasta med inntrykk. Eg har ein svak verk i to eller tre fingrar, og det er Capcom sin feil. Devil May Cry 5 er Capcom på sitt beste. Det er eit spel laga av ein gjeng som veit veldig godt at dei er dei beste i sitt felt. Devil May Cry 5 er akkurat det fansen kunne håpe på. Spesielt etter det ekstremt polariserande sidespranget DmC: Devil May Cry, er dette spelet nesten som balsam for sjela. Og eg likte DmC: Devil May Cry, jæskla godt.

Det har vore for mykje alvor og «realisme» i spelindustriens storproduksjonar dei siste åra. Capcom har alltid vor der, men dei har vore litt nede for telling. At dei no er tilbake, og viser at det går an å lage dei beste spela i verda, sparke litt rumpe, og samstundes få seg ein god latter, er som ein iskald boks Cola etter ein lang og slitsam dag heilt fri for, vel, Cola.

Devil May Cry 5 er eit forrykande inferno av inntrykk som bombarderer deg med galskap i time etter time. Det er eit spel som handlar om å meistre, og å ha det moro, i den rekkefølgja.

9
/10
Devil May Cry 5
Devil May Cry 5 er Capcom på sitt beste.

Siste fra forsiden