Mega Man Legends 3 kansellert

Triste nyhende for Capcom-fans.

Capcom har kunngjort at det etterlengta actionrollespelet Mega Man Legends 3 ikkje vil sjå dagens lys. Spelet var det siste Mega Man-skapar Keiji Inafune tok del i før han trakk seg frå Capcom i november i fjor.

I følgje Capcom møter ikkje spelet strenge kvalitetskrav, og tek difor aldri steget ut i full produksjon. Så langt har spelet berre vore på prototyp-stadiet, og gjennom ein ganske uvanleg prosess har Capcom invitert spelarane til å ta del i utviklinga.

Sei farvel til eit fargerikt spel.

Dev Room-delen på Capcom-nettsidene har folk fått eit grundig innblikk i utviklingsprosessen, samt med at vi kunne kome med forslag og idear. Capcom hadde i tillegg nokre konkurransar der teikneglade entusiastar kunne kome med forslag til korleis forskjellige karakterar i spelet skulle sjå ut.

Ingen av desse ideane vil bli brukt i framtidige spel, og prototyp-versjonen som etter planen skulle gjerast tilgjengeleg på Nintendo 3DS sin nettbutikk vil heller aldri nå klamme hender.

Etter kanselleringa av Mega Man Universe tidlegare i år, er framtida til den blå helten uviss.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden