Anmeldelse

Disney Infinity

Underholdende portal til eit hav av Disney-verder

Kynisk marknadsføring i fagre Disneyland.

Om du verkeleg vil drive ungane dine inn i den glade galskap denne hausten og naturlegvis til jul, er det Disney Infinity som gjeld. Dette spelet bugnar over av herleg speleglede, og kan lett ende opp med å koste deg så mange hardt tente kroner at du like godt kan ta med heile familien og utvida slekt på ein tur til Disney World i Florida i staden.

Du kjøper ikkje eit spel når du kjøper Disney Infinity. Du kjøper starten på eit. Du får ei plate du puttar inn i maskina di, ein basestasjon, tre lekre plastfigurar, og nokre andre plastikkbitar du kan leggje på stasjonen. Mykje for pengane tenkjer du kanskje, og det har du for så vidt rett i, men det viser seg snart at dette berre er inngangsbilletten. Vil du spele saman med nokon medan de begge sit og hyggjar dykk i sofaen? Kjøp fleire figurar. Vil du spele saman med nokon over nett? Inviter ein ven. Har du ingen vener som speler Disney Infinity? Synd for deg, kjøp ei figurpakke til godt over hundre spenn og inviter ein ven på besøk, så kan vi snakke.

Uggen manipulering

Eg kan ikkje seie eg set pris på tankegangen til Disney. Tvert om gjev det meg ei uggen kjensle i magen når eg sit der i sofaen og innser eg må kjøpe ein plastfigur for å kunne gjere noko så ordinært som å dele skjermen med nokon. Det blir berre heilt feil. Skal eg verkeleg måtte ta turen ut på figurjakt i diverse butikkar for å gjere noko så enkelt som å spele ein liten historiemodus saman med nokon? Eventuelt gå på nett, bestille, og vente nokre dagar på posten?

Spelet minnar deg kontinuerleg på at du ikkje har tilgang på alt innhaldet som ligg på disken. I dei tre historiemodusane du får tilgang på i startpakka vil du finne til dømes kister som ikkje kan opnast med mindre du spring til butikken og kjøper ein ekstra plastfigur først. Kvifor eg skal kjøpe denne, og kva eg verkeleg får, fortel ikkje spelet mykje om. Alt du eigentleg får er ein video som viser kor tøff denne figuren er i spelet.

Om eg vil ha alt spelet eigentleg byr på må eg ikkje berre kjøpe spelet, eg må springe til butikken for å fylle handleposen med figurar. I hovudpakka får du tre figurar som alle kjem med si eiga verd, to andre verder er tilgjengelege i ein butikk nær deg akkurat no. I tillegg vil du kunne kjøpe eit lass med «sidekick»-figurar som ikkje tilfører spelet stort meir enn ein ny spelbar figur. Alt figurane gjer er å låse opp innhald som allereie finnest i spelet, men noko alternativ som til dømes å berre laste ned ein nøkkel er ikkje på plass.

Det einaste positive eg ser med denne modellen er at figurane er dei same uavhengig av plattform og at ein teknisk sett kan byte dei mellom kvarandre som ein vil.

Kynisk, men smart

Sjølv om du må gå nokre omvegar for å få alt innhaldet i spelet, er det faktisk mykje moro å hente i Disney sitt massive nye konsept. Sjølv om tanken bak er kritikkverdig, er utføringa svært elegant. Når du startar spelet må Disney Infinity-basen vere kopla til maskina di. På denne kan du plassere ein av plastfigurane dine. I startpakka får du Jack Sparrow frå Pirates of the Carribean, Mr. Incredible frå The Incredibles og Sulley frå Monsters University. Om du vil utvide kan du kjøpe leikesett for The Lone Ranger og Cars i tillegg.

Når ein av desse typane står støtt på basen får du spele som den figuren, og kvar av dei har sine eigne eventyr som tek nokre få timar å fullføre. Grunnen til at dette fungerer bra i praksis er at alt skjer umiddelbart. Plasser ein figur på basen, og han dukkar opp på skjermen så og seie umiddelbart.

Dei ulike eventyra kvar figur byr på er alle rimeleg lik i oppbygging, men dei er framleis unike nok til at spelet ikkje blir veldig einspora. Utgangspunktet er for det meste det same. Du spring rundt i ei fargerik og på alle måtar lekker verd medan du følgjer ei grøn pil som aldri går bort. Dette er eit spel for born, og Disney trur born er dumme. Eg hugsar då eg var liten, vi fekk pisk av spela då vi feila, men vi kom oss gjennom likevel.

Slik er det ikkje i Disney Infinity. Her blir du leia stødig kvar du enn går, om det så er berre for å gå nokre meter frå ein person til ein annan. Det blir hakket for infantilt nokre gongar, men det held i det minste driven så pass godt at du alltid er på farta. Ingen av eventyra er merkbart utfordrande, men dei byr likevel på solid moro. Jack Sparrow kan springe rundt på land og sigle på sjøen i ei diger skute du i tillegg kan designe og oppgradere, medan Mr. Incredible kan gli med venger gjennom lufta, og deise ned i bakken med rå kraft.

Kontrollane er enkle med gjer jobben godt. Med ein eller to knappar slår du frå deg mot diverse fiendar, og kvar figur har i tillegg sine eigne unike eigenskapar. I tillegg vil du etter kvart som du tuslar gjennom eventyra låse opp nye eigenskapar du kan skifte mellom på eit blunk slik at du heile tida får noko nytt å leike med. Historiene kan i tillegg spelast gjennom i selskap med ein ven, men om du vil Sulley skal få selskap av Mike må du altså kjøpe ein Mike-figur.

Eventyra er ikkje lange. Dei er korte og godt regisserte opplevingar som gjev deg konstant motivasjon til å springe vidare. Det heile er uhyre enkelt og lettfatteleg, men underhaldningsfaktoren er merkbar. Problemet som likevel oppstår er at eventyra er så små at du knapt kjem i gong før det er over. Eit av dei viktigaste og beste elementa i desse eventyra er alle kapslane som ligg rundt om kring. Dei låser opp forskjellige bitar som du seinare kan bruke i Disney Infinity sitt store fokus: Toy Box.

Leikegrind for ein ny generasjon

Mykje kan seiast om Disney Infinity, men ein ting er heilt sikker, Toy Box-biten er fantastisk. I praksis er Toy Box ei massiv leikegrind av puslebitar du kan setje saman som du vil. Du startar med så og seie ingenting og kan byggje opp ei heil verd slik du sjølv vil. Du plasserer grasplater på bakken, set opp steinformasjonar, bruer og rep å klatre i. Du kan plassere bygningar og detaljar som tre, lamperstolar og folk, alt for å skape ei interessant verd å leike i.

Du kan ikkje lage massive kreasjonar, men du har likevel eit hav av moglegheiter for å lage eigne utfordringar. Plater på bakken kan programmerast til å sleppe laus fiendar eller aktivere gjenstandar, og på toppen av det heile kan du setje overordna mål som til dømes å ta knekken på så og så mange fiendar. Etter kvart som du spelar dei ulike historiene Disney Infinity byr på vil du låse opp stadig nye element du kan putte inn i Toy Box. Kapslane byr på alt frå figurar og fiendar, til landskap og natur.

I praksis kan du lage akkurat det du vil. Om du vil kan du lage ei racingbane, ein arena, eller eit enkelt tårnforsvarspel. Fantasien set grensene, og for kreative sjeler vil det vere ekstremt mykje moro å hente her. I tillegg kan du laste opp det du lagar, og om Disney meiner krasjonen din er OK og ikkje bryt med Disney-godkjent moral, kan nivået du har laga bli gjort tilgjengeleg for andre spelarar.

Gjennom Toy Box opnar ei heilt ny verd seg, og du har strengt tatt endelause mengder innhald. Du må naturlegvis kjøpe figurar for å låse opp nye element å leike deg med i Toy Box, men det hindrar deg ikkje frå å kunne byggje dine eigne ting, og ta del i det andre har laga. Ein annan positiv ting med Toy Box er at dette er den eine staden du kan samarbeide med andre utan å måtte kjøpe nye figurar. I historiemodusane får du berre lov til å bruke figurar som høyrer heime i dei respektive verdene, men i Toy Box er det fritt fram for å blande som du sjølv vil.

Konklusjon

Du kan drukne mange timar i Disney Infinity, og det er svært mykje moro å hente her. Eg har lett for å sjå føre meg at ungane kjem til å gå frå skaftet av dette spelet, og ikkje utan grunn. Disney Infinity er eit spel som gjev deg ein inngangsportal inn i eit hav av Disney-verder, og det er ein freistande tanke. Samtidig er Disney Infinity-figurane nydeleg og av svært høg kvalitet, noko som garantert vil gjere eit innkjøp lettare å svelje.

I startpakka får du tre underhaldande eventyr som vil halde dei fleste gåande ei stund, men dei er alle raskt over. Deretter er det berre å hoppe ut i leikegrinda Toy Box der du kan byggje alskens små spel stappa fulle av detaljar frå eit mylder av Disney-verder. Om du likar å byggje dine eigne verder, og har lyst til å lage nokre enkle spel, kan du finne mykje moro her.

Problemet er at du heile tida merkar at du går glipp av noko om du ikkje tek deg ein tur til butikken for å handle nye figurar. Det er vanskeleg å ikkje bli plaga av tankar om kva ein går glipp av når ein ikkje har handla ekstra figurar. Disney Infinity er eit bra spel, men det luktar tidvis ganske surt.

Siste fra forsiden