Anmeldelse

Legend of Mana

Ei nostalgisk sjarmbombe

Eit av dei særaste og mest unike 90-talsspela til Square Enix er endeleg tilgjengeleg i Europa.

Legend of Mana Remastered.
Square Enix

Det finnest mange spel der ute, og på dei fleste barometer over kva som er pent og ikkje er det stort sett ny, avansert teknologi som regjerer. Men det er ikkje alltid det mest avanserte som gjev auga mest å sjå på. Legend of Mana byr på ingen imponerande spesialeffekter, men det er lenge sidan eg har stoppa opp så mykje berre for å studere det visuelle eit spel har å på.

Legend of Mana er eit gammalt spel. Det blei først lansert på PlayStation 1999, men kom aldri til Europa. Mana-serien har strengt tatt vore litt vanskeleg å følgje for det internasjonale publikum. Serien som i Japan går under namnet Seiken Densetsu har hatt mange ulike namn i vesten, og det har variert stort kva spel som i det heile har dukka opp her. Det første spelet i serien fekk namnet Final Fantasy Mystic Quest, det andre blei kjent som Secret of Mana, det tredje dukka ikkje opp i vesten før i fjor under det ferske namnet Trials of Mana, medan det fjerde spelet, Legend of Mana blei lansert i USA, men ikkje her. Før no, vel og merke.

LES OGSÅ: Tilbakeblikk på Secret of Mana

Godt handtverk

Legend of Mana byr på ei sjarmerande fantasiverd.
Square Enix

Legend of Mana blei lansert på ei tida då 3D-grafikk for fullt hadde tatt over, og spelet stakk seg såleis litt ut med sin då noko gammaldagse pikselgrafikk. Men for ein pikselgrafikk! Dette spelet byr på noko av det mest framifrå arbeide på fronten, og i denne nye utgåva av spelet har det nydelege spelet blitt enda betre.

Dei flotte bakgrunnane frå originalen har her blitt oppskalerte og teikna på ny, og det ser heilt ubeskriveleg nydeleg ut. Det er som å vandre rundt i ei eventyrbok der kvart skjermbilete bugnar over av sjarme og små og store detaljar som aldri heilt sluttar å overraske. Det er vakkert, og det viser berre at alt treng ikkje vere 3D heile tida. Det går fint an å gjere det slik ein og annan gong, og vi er rikare for det.

Der bakgrunnane har blitt pussa opp så til dei grader, har ikkje teamet bak denne versjonen valt å gjere det same med resten av spelet. Eg kan godt forstå det. pikselkunsten i dette spelet er utruleg bra, detaljert og ekspressiv, og det er vanskeleg å skå føre seg at all den eigenarten dei piksellerte figurane byr på med hell kunne ha blitt teikna i nokon anna form.

Kontrasten blir følgjeleg tydeleg. Heilt i starten skal eg innrømme at det var litt skjærande å sjå desse pikselfigurane på så reine og fine bakgrunnar, men etter kvart gjekk eg i staden over til å verdsetje det.

Den sjarmerande grafikken når sitt klimaks når den fantastiske musikken slår inn. Dette er Square Enix-musikk i sin beste tidsalder, og eit spel der den framtidige Kingdom Hearts-komponisten Yoko Shimomura verkeleg fekk vise musklar. Musikken hennar her her blitt spelt inn på ny, men på ein måte som er verkeleg tru mot originalen. Du kan velje mellom om du vil høyre originalmusikkken eller den nye, og det er ikkje heilt lett å seie kva som er best.

Eit annleis spel

Kampsystemet krev tidvis høg presisjon.

Om du kjem til Legend of Mana etter å ha spelt fjorårets flotte utgåve av Trials of Mana, kan det vere greit å førebu seg på at dette er eit veldig annleis spel. Det var eit annleis spel då det kom, i den dag i dag er det lite som liknar.

Spelet bryt med den tradisjonelle historia der du startar på ei reise som går ganske stødig i ei retning. I staden møter du eit verdskart, og på dette verdskartet må du plante ulike artifakt for å skape nye område. Til å byrje med finnest ingenting, men etter kvart plasserer du byar, grotter, skogar og mykje anna. Kvar nye plass byr på noko nytt og spanande å utforske, og ikkje minst nye historier som endar med at du får nye artifakt som kan skape atter nye område.

Kvart nye område byr på nye folk, nye utfordringar og nye historier. I staden for å følgje ei samanhengande historie, blir kvar nye stad nesten som eit kapittel i ei novellesamling. Kanskje reiser du til ein liten landsby, der snakkar du med nokon som ser ut til å vere i knipe, du tilbyr deg å hjelpe, og med det er du i gang med eit lite eventyr som gjerne tar berre frå nokre minutt til ein halv time å fullføre.

Det er kjapt og triveleg. Kvar historie er eit bitte lite eventyr, og dei er gjerne så raskt unnagjort at ein lett tek seg eitt eventyr til. Slik sett er dette eit veldig passande spel om du ikkje skulle ha alt for mykje tid tilgjengeleg. Du kan lett spele i godt under ein time, men likevel sitje igjen med ei meiningsfull oppleving og ein markant start og slutt innabords.

I sjefskampane kjem pikselkunsten verkeleg til sin rett.

Forstå det den som kan

Det er likevel eit men her. Kor stort det er kjem veldig an på korleis du likar å bruke tida di. Om det å springe rundt nesten på måfå utan å vite noko som helst om kvar du skal eller kva du skal gjere, er Legend of Mana spelet for deg. Du får sjeldan ein god indikasjon på kvar du skal gå for å finne eventyr. Når du først er i gong med eit eventyr, blir det ikkje alltid stort betre. Du går gjennom skoger, grottar og borger heilt utan kart, men i område som ofte kan vere svært store, og by på det eine nesten identiske rommet etter det andre som alle kan ha mange inngangar og utgangar. Det er lett å gå seg vill.

Dei fleste romma byr på ein og annan fiende, og her vender det klassiske Mana-gameplayet tilbake, om enn med ein og annan vri. Der tidlegare Mana-spel kunne minne om Zelda-serien i gameplay, hentar Legend of Mana meir inspirasjon frå sideskrollande beat em up-spel. Du kan bevege deg både opp og ned, men alle angrep skjer horisontalt, og om du ikkje ligg på same horisontale linje som fienden, vil du bomme. Dette kan bli litt furstrerande når ein skal bruke kraftige angrep som tek litt tid å lade opp, men jamt over er det eit underhaldande og lettfatteleg system.

Kampsystemet er strengt tatt det einaste i Legend of Mana som kan kallast lettfatteleg. Dette er eit temmeleg innvikla og komplisert spel der det er best å ha ein plan. Eg har spelt mange timar både med og utan guide for å måle forskjellen, og jamt over er konklusjonen at for å få fullt utbytte bør du absolutt søke hjelp.

Legend of Mana byr på enormt mykje innhald du kan gå glipp av berre du blunkar på feil tidspunkt. Snakkar du med to personar i feil rekkefølgje kan ein gjenstand eller eit eventyr forsvinne. Plasserer du ikkje artifakt på kartet i rett rekkefølgje kan ting forsvinne. Det er ein haug med ting her du aldri vil sjå om du ikkj veit nøyaktig kva du driv med, og eg kan ikkje seie eg er ein kjempestor fan av denne måten å konstruere innhald på. Eg likar ikkje å gå glipp av ting, men i Legend of Mana veit eg at eg allereie har gått glipp av mykje fordi eg spelte utan guide nokre timar.

I smia kan du lage, eller forbetre utstyr.
Square Enix

Konklusjon

Legend of Mana er eit vanvittig søtt og sjarmerande spel. Det er så fargerikt og fullt av fine ting å sjå på, at det er lett å bli sugd inn i denne sprudlande verda. Det står eigentleg i ein ganske god kontrast til historiene i spelet som kan gå frå å vere like sjarmerande som grafikken, til mørke og ganske grimme.

Spelet er ikkje det lettaste å forstå. Det er eit asymmetrisk spel der kva du gjer, og når du gjer det, kan ha avgjerande effekt på om noko anna dukkar opp eller ikkje. Som eit spel som byr på ei samling små historier betyr det i praksis at mange av dei mest sannsynleg vil gå deg hus forbi. På den andre sida betyr det eit spel som vil by på ulike opplevingar og forteljingar kvar gong du spelar.

Jamt over er dette eit flott restaureringsprosjekt. Det er flott å sjå på, musikken er glimrande, og utviklarane har ikkje rota ved gameplayet, men gjeve oss sjansen til å ta turen tilbake til 90-talet. På godt og vondt.

7
/10
Legend of Mana
Eit spel som gjeve oss sjansen til å ta turen tilbake til 90-talet. På godt og vondt.

Siste fra forsiden