Anmeldelse

Xenoblade Chronicles. Definitive Edition

Alt var ikkje betre før

Alderdomen kunne ha vore snillare med denne klassikaren.

xenoblade-chronicles-definitive-edition-key-art

Eg skal ikkje nekte for at det tok tid for meg å bli forelska i Xenoblade Chronicles igjen. Dei første ti, kanskje så mykje som femten timane var eit ork. Arbeid, tidtrøyte, ein kamp for å finne motivasjonen. Eg måtte gå tilbake og lese mi originale spelmelding om Xenoblade Chronicles for å forstå kva i alle dagar eg hadde tenkt den gong då for å rose det så høgt opp i skyene som eg gjorde.

Ting blei raskt veldig tydelege. Xenoblade Chronicles er eit produkt av si tid. Ei tid som for lengst er forbi. Vi har med ein bransje å gjere som er i konstant endring, og eit spel som kan vere revolusjonerande og nyskapande den eine dagen, er forelda og keitete den neste.

Xenoblade Chronicles fell mellom to stolar. Det tenkte mange gode tankar den gong då, men dei tankane har blitt forbetra og nyanserte gjennom eit tiår, og såleis endar Xenoblade Chronicles opp som eit solid, om enn noko gammaldags spel.

Endring etter behov

Shulk har fått seg eit nytt andlete sidan sist.
Nintendo

Xenoblade Chronicles Definitive Edition er ei ganske forutsigbar oppussing. Vi får hakket betre grafikk, eit nytinnspelt lydspor, samt ei rekke små forbetringar for å gjere kvardagen lettare for deg. Det er sistnemnde som får mest å seie for den generelle opplevinga. Det er ingen store endringar å spore i Definmitive Edition, men vi får eit betre grensesnitt og langt betre oversikt over kva som skjer, og kvar ein skal gå for å få ting til å skje.

Spelet er framleis nøyaktig det same, digre eventyret vi hugsar. Vi følgjer Shulk og eit vaksande følgje leggje ut på ei reise for å ta opp kampen mot vonskapen som plagar dei. Historia er underhaldande nok, men det er gameplayet som er kongen her. Vi får eit kampsystem som Xenoblade Chronicles-serien har køyrt vidare på der du styrer ein av dei tre heltane i gruppa di, og veljer kommandoar her og der medan krigarane elles angrip av seg sjølv.

Det er eit velfungerande system som strengt tatt er milevis betre enn det etter mitt syn ufordrageleg trege kampsystemet i Xenoblade Chronicles 2. Du står i tillegg fri til å justere utfordringa etter eige ynskje. Om det blir for lett kan du tone ned kor mange erfaringspoeng du sankar inn, og om ting blir for vanskelege (eller tek for lang tid), kan du klikke deg inn på Casual-modusen som gjer alt litt lettare. Du står i tillegg fri til å skifte mellom alt dette som det passar deg.

Jamt over har heile spelet blitt stramma opp litt, og det er i dei små tinga det skjer. Slikt som å gje deg betre oversikt over kva oppdrag du har plukka opp og kvar du skal gå for å løyse dei er noko av det viktigaste utviklarane har gjort for å oppdatere spelet. Ikkje berre fordi det var litt tungvindt i originalen, men mest fordi det er så uhorveleg mange sideoppdrag i dette spelet at litt høvling kjem godt med.

Xenoblade Chronicles er eit av desse spela som nesten tvingar deg til å berre gjere litt meir. Det er eitt eller anna rundt kvar sving, og det heile kan bli litt overveldande. Alderdomen er ikkje alltid like hyggeleg, og med dagens auge er det ikkje alt av innhaldet som er like velkome.

Berre ein gong til

Kvar du enn går er det noko fascinerande å sjå.
Nintendo

Xenoblade Chronicles er stappa fullt av det eine henteoppdraget etter det andre. Ein kjapp tur gjennom den første byen i spelet og du har umiddelbart ti-femten sideoppdrag du kan bryne deg på. Samtlege går ut på å gå dit for å hente noko, eller hit for å drepe noko. Nokre gongar må du tilbake til oppdragsgjevar for å levere oppdrag, andre gongar ikkje.

Det er ikkje spesielt inspirerande, men det duger. Gameplayet i Xenoblade Chronicles er godt nok til at ein har null problem med å reise ut på tur for å knerte nokre fiendar og plukke opp nokre gjenstandar. Kartet og oppdragsoversikta er uansett så pass forenkla i Definitive Edition at det blir mykje lettare å gå gjennom ei rekke oppdrag på kort tid.

Det som tek tid er dialogen med oppdragshaldarane. Det er så mykje unødig tyting i dette spelet at eg tidvis har sett med nøydd til å telle til ti inni meg medan eg stirar i taket for å sjå om det er nokon edderkoppar å spore. Alt du eigentleg skal, er å drepe nokre krapyl, men du må gjennom kanskje tjue snakkebobler før du får setje i gong.

I starten er det interessant nok. Mykje dialog personleggjer figurane og fyller ut verda, men den overveldande mengda med sideoppdrag gjer at ein blir lei av å lese tytinga, og for mine del enda eg kjapt opp med å frenetisk trykke meg gjennom all dialog som ikkje er essensiell for historia. Sorry altså, eg bryr meg ikkje om kva innbyggjar nummer 896 har å seie om veret i dag, eg vil berre kome meg i gong med å løyse problemet.

Viser sin alder

Xenoblade Chronicles blei lansert på Wii i 2011. Wii var basert på arkitekturen til GameCube som blei lansert i same generasjon som PlayStation 2 og Xbox, og låg såleis ein heil generasjon bak Xbox 360 og PlayStation 3 reint grafisk. Med slik gammal maskinvare var det ingenting anna enn imponerande kvar Monolith Soft klarte å presse ut av maskina. Med Xenoblade Chronicles Definitive Edition kjem endeleg spelet sånn nokon lunde til sin rett.

Eg seier nokon lunde, for sjølv om Switch er ein mykje kraftigare konsoll enn Wii, er det ikkje så frykteleg mykje som har endra seg. Dei spektakulære områda frå originalespelet er like spektakulære som dei var då, berre i litt høgre oppløysing, men det er ikkje ein gong full HD å spore i dette spelet, og det blir såleis litt antiklimatisk å spele dette, ikkje berre på ein stor skjerm der spelets låge oppøysing viser seg godt, men og på det tidvis svært uskarpe biletet du får i handholdt modus.

Det har blitt gjort ei rekke små endringar for å bringe spelets grafikk inn i vår tid, men den mest synlege endringa er gjennom karaktermodellane. Xenoblade Chronicles hadde ein unik stil. Mange mislikte det, eg likte det. Det var annleis, og annleis er bra i mi bok så lenge det ikkje svir i auga, noko det ikkje gjorde på noko måte.

I Xenoblade Chornicles har alle figurane fått nytt design. Det er nær ved å vere ei falitterklæring til den origniale karakterdesingeren, og eg kan ikkje fatte kva poenget er. Her hadde vi eit spel med ein temmeleg unik stil, og så kastar vi den ut med søpla til fordel for ein generisk anime-stil som fjernar all identitet frå figurane og gjer det heile til berre enda eit anime-spel som forsvinn i mengda.

Xenoblade Chronicles byr på nokre av dei mest spektakulære områda du kan finne i eit spel.
Nintendo

Nye eventyr ventar

Av kanskje størst interesse for Xenoblade Chronicles-fansen er at Definitive Edition byr på det heilt nye oppfølgjareventyret Future Connected. Her reiser Shulk og Melia ut på eit nytt eventyr, og om du ikkje får nok av spelets allereie massive storleik, får du enda ein solid bunke med historie og sidesprang å kose deg med. Skjønt, kos er kanskje ikkje ordet eg ville brukt. Gameplayet er trass nokre endringar like underhaldande som før, men historia er noko heilt anna.

Det framstår mest som heilt andre folk har forfatta og regissert dette eventyret, og då snakkar vi ikkje om A-teamet. Historia er fortalt på ein så ulideleg treg og keisam måte at det fristar å berre klikke seg gjennom heile skiten. Vi snakkar skodespelarar som leverer linjene sine som om dei snakkar til nokon som høyrer dårleg og må få ting sakte og med teskei, lange pauser mellom kvar setning, og eit kamera som kviler så lenge før sceneskifte at ein kan lure på om nokon har sovna på jobben.

Det er noko heilt anna enn snerten og tempoet i originalen, og det er pussig at noko av nyare dato skal kunne framstå som mykje eldre.

Utover det er eventyret heilt grei underhaldning, vi får eit artig nytt system der du samlar inn eit crew med leigesoldatar som kan hjelpe deg i kamp om du gjer ting nokon lunde skikkeleg. Problemet er berre at crewet består av Nopons, kanskje den mest irriterande maskotfiguren nokon gong.

Konklusjon

Future Connected er eit heilt nytt eventyr med Shulk og Melia.
Nintendo

Nokre spel kan ein plukke opp mange år seinare og ha det like moro med, Xenoblade Chronicles var for meg ikkje eit av dei. Det tek alt for lang tid å kome skikkeleg i gong, og det viser sin alder på mange område, men når ein først kjem inn i flyten er det frykteleg vanskeleg å legge frå seg. Dei massive områda er ei fryd å utforske, og det er stadig noko nytt og kreativt å sjå.

Det er litt kjipt at havet med sideoppdrag blir tynga ned med side på side med uinteressant dialog, og blant dei mange små justeringane hadde det gjort deg med ein lettare måte å hoppe over slik dialog på.

Det nye eventyret vi får med på kjøpet er greit nok, men byr eigentleg ikkje på noko av stor verdi. Det er ikkje like bra som hovudspelet, og det var vanskeleg å finne den heilt store entusiasmen for å spele det. Når det er sagt, Xenoblade Chronicles Definitive Edition byr på mange timar med god JRPG-underhaldning, og sjølv om det finnest mange rollespel som gjer mange av tinga spelet byr på betre, er det ei unik oppleving det er verdt å få med seg.

Om du er som meg, og ikkje har spelt spelet på nesten ti år, men sit med mange gode minne, spørs det likevel om du ikkje berre skal la minna vere i fred.

7
/10
Xenoblade Chronicles: Definitive Edition
Xenoblade Chronicles er eit solid, om enn noko gammaldags spel.

Siste fra forsiden