Assassin's Creed Unity tar oss med til andre verdskrig

Frå den franske revolusjonen til nazijakt på ein dag.

Om berre få veker er det igjen på tide å ta på seg rolla som ein snikmordar på tokt. Ubisoft lovar at Assassin's Creed Unity blir det største spelet i serien så langt, og det blir det første storspelet i serien som ikkje kjem til Xbox 360 og PlayStation 3. Dette har gjeve utviklarane meir spelerom for å lage eit langt lekrare eventyr enn fjorårets piratinspirerte spel.

Denne gong tek vi turen til den franske revolusjonen, men i ein rykande fersk trailer du kan sjå nedanfor, blir det tydeleg at dette ikkje er alt spelet har å by på. Traileren viser at Animus-maskineriet som sender hovudpersonen tilbake til ei simulert fortid får seg ein knekk. Resultatet er at hovudpersonen Arno blir kasta fram i tid til Frankrike under andre verdskrig.

Med det ser det ut til at knivar og primitive pistolar blir byta ut til fordel for maskingevær og ei jakt på naziar frå toppen av Eiffeltårnet.

Eit spel i eit spel

Er dette opptakta til eit Assassin's Creed-spel under andre verdskrig?

Assassin's Creed-serien har sidan starten bydd på ei noko innvikla historie der helten eigentleg ikkje er personen vi spelar. I staden tek vi på oss rolla som ein person som spelar eit spel gjennom konsollen Animus, utvikla av det ikkje heilt moralsk korrekte selskapet Abstergo.

Opp gjennom dei siste åra har Assassin's Creed-serien utvikla seg til å bli blant dei aller største og viktigaste seriane til Ubisoft. Sjølv om serien haustar stor popularitet blant folk, har ikkje dei siste utgåvene imponert oss. Til det har serien bydd på for lite nytt kvart år. Assassin's Creed Unity vil by på ein samarbeidsmodus for fire personar, og det gjenstår å sjå om dette er vitamintilskotet serien treng.

Før lanseringa i november har Assassin's Creed Unity rukke å vekke negative reaksjonar frå spelarane. Det er først og fremst sidan utviklarane fortalde at dei låste både Xbox One- og PlayStation 4-utgåvene av spelet til same ytelse, i staden for å gjere PlayStation 4-versjonen betre. Det falt i så dårleg jord blant publikum at Ubisoft blei nøydde til å forklare kva dei eigentleg meinte.

Siste fra forsiden