Batman på nye eventyr

Nye studio held fram Arkham-serien.

Rocksteady har hatt stor suksess med sine Batman-spel. Arkham Asylum og Arkham City bydde begge på mørke eventyr med brutale kampar og spanande utforsking. No seier derimot studioet takk for seg – i alle fall førebels.

I dag har WB Games i ei pressemelding kunngjort Batman: Arkham Origins. Dette spelet kjem frå WB Games Montreal. Om dette namnet ikkje skulle ringe ei bjølle var deira førre prosjekt Wii U-versjonen av Batman: Arkham City.

I Batman: Arkham Origins møter vi ein yngre Batman i ein utvida versjon av Gotham.Pressemeldinga fortel at Batman ikkje vil vere fullt så erfaren og raffinert som han var i dei to første spela. I løpet av eventyret vil han møte mange av sine vener og fiendar for alle første gong.

Sideskrollande action

Batman: Arkham Origins er ikkje det einaste spelet som har blitt kunngjort i dag. Samtidig med kunngjeringa av Arkham Origins har WB Games kunngjort Batman: Arkham Origins Blackgate. Dette spelet vil halde fram historia etter Arkham Origins, og vil kome til PS Vita og 3DS. Spelet byr på sideskrollande action i 2,5D-stil, og blir utvikla av Armature Studios.

Dette studioet sin førre jobb var å lage HD-versjonen av Metal Gear Solid-serien. Studioet blei grunnlagt av fleire veteranar frå Retro Studios, utviklarstudioet som laga Metroid Prime-spela for Nintendo.

Batman: Arkham Origins kjem i sal for Windows, Xbox 360, PlayStation 3 og Wii U 25. oktober. Batman: Arkham Origins Blackgate kjem i sal same dag.

Les også: Sniktitt: Injustice: Gods Among Us Les også: Anmeldelse: LEGO Batman 2 DC Superheroes

Siste fra forsiden