Battlestar Galactica-skribent hyra inn av God of War-studioet

Santa Monica Studios er i gong med eit nytt og hemmeleg prosjekt.

Sidan 2005 har Santa Monica Studios først og fremst vore kjende for God of War-serien. Actionspela med den sinte spartanaren Kratos i hovudrolla har sett massiv suksess på Sonys plattformer, og det førebels siste spelet i serien var det ikkje heilt overbevisande God of War: Ascension.

No er derimot studioet i gong med noko heilt anna, fortel Polygon. I alle fall om vi skal tru Battlestar Galactica-skribent Michael Angeli. Under eit Battlestar Galactica-panel under San Diego Comic-Con fortalde han at han dei siste to par åra har samarbeida med Sony om eit spel som ikkje er God of War.

Vidare får vi vite at etter at studioet blei ferdige med God of War: Ascension blei heile studioet på omlag 150 utviklarar overførte til det nye prosjektet.

Utover det veit vi så langt ingenting om spelet. Verken namn eller sjanger var detaljar Angeli ville ut med, men han fortalde at hans bakgrunn frå Battlestar Galactica og tidlegare som journalist, har vore til stor hjelp for å få jobben.

Kva håpar du God of War-studioet held på med?

Les også: No kan du duellere i God of War: Ascension Les også: Sony tenger SOCOM- og MAG-serverar

Siste fra forsiden