Black Isle Studios er tilbake

Det legendariske rollespelstudioet vaknar frå dei døde.

Om du treng fleire ting å putte på «ting eg aldri trudde skulle skje»-lista di, kan du no innkludere at Black Isle Studios vender tilbake. Saman med BioWare var Black Isle Studios eit av dei største og viktigaste rollespelstudioa på 90-talet. Dei stod bak spel som Fallout, Icewind Dale, Planescape: Torment og Baldur's Gate: Dark Alliance II før dei møtte ein tidleg og tragisk død.

No kan derimot Eurogamer fortelje at Interplay har funne ut at tida er inne for å ta i bruk det kjære namnet igjen. I løpet av kort tid har dei fått opp ein Twitter-konto, ei Facebook-side, samt ei ny nettside der dei skriv at målet til Black Isle Studios har alltid vore å lage verdas beste rollespel. Kva dei jobbar med blir det ikkje sagt noko om.

Skjermbilete frå Icewind Dale II.

Sjølv om ein kan bli i svært godt humør av mindre bør ein kanskje avvente fyrverkeriet enno ei stund. Ingen av hovudpersonane bak spela Black Isle Studios laga ser ut til å vite kva som føregår. På Twitter har til dømes Interplay-grunnleggjar og noverande InXile-sjef Brian Fargo dette å seie:

– Eg las nett at Interplay hentar tilbake Black Isle. Hmmm... Ikkje nok for meg å kommentere på.

Etter nedlegginga av Black Isle Studios grunnla Black Isle-sjef Feargus Urquhart Obsidian Entertainment, og tok like godt med seg Planescape: Torment-skapar Chris Avellone på laget. Obsidian har i nyare tid blant anna stått bak spel som Fallout: New Vegas og Dungeon Siege III.

Chris Avellone ser på si side ut til å vite like lite om nye Black Isle Studios som Brian Fargo. Han har dette å seie i ein kommentar til Eurogamer:

– Dette involverer ikkje Obsidian på nokon måte. Eg anar ikkje kva det handlar om. Eg visste ikkje at noko utanom namnet var igjen hos Interplay.

Kva trur du om at Black Isle Studios er tilbake? Kan dei nå tilbake til sin tidlegare status sjølv om folka som gjorde studioet kjent no er opptekne med heilt andre ting?

Les også: Planescape: Torment-skaperen vil bistå Wasteland Les også: Lager gjerne mer Planescape: Torment

Siste fra forsiden