Brukarnamn og passord på avveie hos Ubisoft

Kredittkortet ditt er trygt, men du bør endre passord.

Med jamne mellomrom får nokre folk det føre seg at dei sal bryte seg inn på diverse tenester, stele nokre passord, og kanskje få tak i personleg info og kredittkort i same slengen.

Dei ramma tenestene er stengt

Siste offer er Ubisoft. Dei har i kveld sendt ut ein mail til alle med Ubisoft-konto om at vi bør skifte passorda våre sporenstreks. Ubisoft har stengt av dei ramma tenestene, og er i gong med å undersøke kva som har skjedd.

Dei som har brote seg inn har fått tilgang på brukarnamn, email-adresser og passord, men dei skal ikkje ha fått tilgang på betalingsinformasjon. Kredittkortet ditt er altså trygt, men det er best å skifte passord likevel.

Innbrot har gjort stor skade tidligare

Det ser ikkje ut til at dei som har gjort innbrotet har makta å gjere stor skade denne gongen, men nokre gongar går det skikkeleg gale. Det var tilfelle med Sony i 2011, då eit angrep førte til nedetid for PlayStation Network i fleire veker. Det heile blei ei katastrofe for Sony som av ein britisk domstol tidlegare i år blei dømt til å betale ei solid bot for å ikkje ha sikra brukarane godt nok.

2011 var over det heile eit nifst år for nettinnbrot. Både Sony, Sega, Cryptic og Nintendo med fleire har blitt offer for kjepphøge datasnokar som gjengen i LulzSec. Dei fleste i denne gruppa har derimot fått svi for gjerningane sine med opp til fleire år i fengsel.

Les også: Datainnbrudd hos Heroes of Newerth Les også: Sony får medhold etter fjorårets datainnbrudd

Siste fra forsiden