Crytek reddar Vigil-tilsette

Den tyske grafikkkjempa etablerer seg i USA.

Etter lengre tid med finansielle trøbbel blei fleire av eigendelane til det gamle spelselskapet THQ auksjonert bort på tampen av førre veke. Eit av dei triste utfalla av denne auksjonen var at ingen bydde på verken Vigil Games eller Darksiders-serien studioet har levert to spel i dei siste åra. I effekt betydde det at studioet vart nedlagt, og dei tilsette måtte finne seg nye jobbar. No kan det derimot sjå ut til at historia kan få ein lukkeleg slutt.

I dag opna Crytek eit nytt studio i Austin, Texas, fortel Polygon. Her har dei henta inn fleire av dei viktigaste brikkene som utgjorde Vigil Games. Sjefen for det nye studioet blir Vigil-grunnleggjar David Adams.

Er det framleis håp for Darksiders-serien?
Er det framleis håp for Darksiders-serien?

Crytek-sjef Cevat Yerli ser ut til å vere svært nøgd med å få eit nytt studio på beina:

«Vi ser fram til arbeidet vi vil setje i gong med frå vår nye strategiske posisjon i Austin, saman med David Adams og hans erfarne team på 35 utviklarar. Vi trur CryEngine vil hjelpe det nye teamet med å skape eineståande spelopplevingar.»

Kva som skjer med Darksiders-lisensen veit vi enno ikkje. I THQ-auksjonen kjøpte Crytek like godt Homefront-serien som dei er godt i gong med eit spel i. Sidan dei no har hyra inn mange av utviklarane som jobba hos Vigil Games, skal vi kanskje ikkje sjå heilt bort frå at dei opnar lommeboka litt til og let dei tidlegare Vigil-tilsette halde fram serien dei starta.

Les også: – Tragisk at ingen kjøpte Vigil
Les også: Anmeldelse: Darksiders II

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen