Day of the Tentacle får spesialutgåve

Og Grim Fandango Remastered har fått lanseringsdato.

Det klassiske peik og klikk-eventyret Day of the Tentacle er på veg tilbake. Under PlayStation Experience-pressekonferansen som blei sendt direkte frå Las Vegas i går kveld, tok Tim Schafer frå Double Fine til scena. Der avslørte han at Day of the Tentacle får ein flunkande ny versjon, samt at Grim Fandango Remsatered blir tilgjengeleg frå og med 27. januar.

Den nye versjonen av Day of the Tentacle vil bli utvikla for PlayStation 4, PlayStation Vita, Windows, Linux og Mac. Når den blir tilgjengeleg veit vi ikkje, og Tim Schafer sa heller ingenting om kva vi kan vente oss av denne nye utgåva.

For nokre år sidan serverte LucasArts spesialutgåver av eit par andre klassiske eventyrspel då Monkey Island 1 og 2 blei lanserte med ny grafikk. Vi skal absolutt ikkje sjå bort frå at det er ei slik overhaling Tim Schafer planlegg for Day of the Tentacle.

Legender i sjangeren

Korleis vil den nye versjonen av Day of the Tentacle sjå ut?

Day of the Tentacle var oppfølgjaren til Maniac Mansion (som snart får ein andeleg oppfølgjar), eit av dei aller første peik og klikk-spela. I Day of the Tentacle møtte vi tre unge vener som reiser til ein gammal villa, og endar opp med å måtte reise både fram og tilbake i tid for å stoppe ein mutert tentakkel som har fått det føre seg at han skal ta over verda.

Grim Fandango var det første eventyrspelet frå LucasArts som nytta 3D-grafikk. Spelet var inspirert av både film noir og azteker-kulturen, og i rolla som Manny Cavalera må vi reise til dødsriket for å hjelpe ei vakker kvinne.

I tillegg til Grim Fandango-dato og kunngjeringa av Day of the Tentacle, kunne Tim Schafer òg fortelje at Double Fines Kickstarter-finansierte eventyrspel Broken Age vil bli lansert på PlayStation 4 og PlayStation Vita samstundes med at andre del av spelet blir lansert på PC til neste år.

Siste fra forsiden