Demonisk taktikk til hausten

Det neste spelet i Disgaea-serien har fått lanseringsdato.

For ti år sidan lanserte Nippon Ichi det taktiske rollespelet Disgaea: Hour of Darkness til stor jubel frå både publikum og presse. Spelet var eit klassisk japansk taktikkrollespel, men tok så og seie alt veldig mykje lengre enn liknande spel. Disgaea var proppa fullt av sær humor, avanserte kampmekanikkar, og eit erfaringssystem som let deg byggje opp karakterane dine nesten i det endelause.

Disgaea har fått nokre oppfølgjarar opp mellom åra, men ein direkte oppfølgjar til det første spelet har så langt glimra med sitt fråvær. Dette har vore leit for mange som har sakna den noko spesielle trioen av hovudpersonar frå det første spelet.

Her må du tenkje før du handlar.

Gamle heltar om igjen

No vil Disgaea-fans snart få eit gjensyn med Laharl, Etna og Flonne, sidan Nippon Ichi i ei pressemelding i dag har kunngjort at PlayStation 3-rollespelet Disgaea D2: A Brighter Darkness har fått spikra fast ein lanseringsdato 27. september.

I Disgaea D2 møter vi som sagt igjen Laharl, Etna og Flonne. I dette nye kapittelet i serienhar Laharl blitt demonkonge, men det er ikkje alle demonane som er like imponerte over driftene hans. Difor må han reise ut på eit eventyr for å vise kva han er laga av.

Nippon Ichi lovar at spelet vil by på mange gode grunnar for å kome tilbake. Blant anna vil nye system gi deg enda større kontroll over korleis du vil skru saman figurane du tek med deg i kamp. Samtidig vil eit meister og elev-system gi deg enda fleire måtar å byggje opp solide krigarar på. I tillegg vil gjenstandverda returnere. Her kan du gå på eventyr i våpen og anna utstyr for å gjere dei enda betre.

Som vi kan sjå er det tydeleg at jakta etter rå makt er like viktig som alltid i Disgaea-serien.

Disgaea D2: A Brighter Darkness kjem i sal for PlayStation 3 27. september.

Les også: Anmeldelse: Disgaea 3 Les også: Anmeldelse: Fire Emblem: Awakening

Siste fra forsiden