Feature

Desse spela gler vi oss til i april

LEGO, sport, og eit knippe gamle heltar er blant ingrediensane denne månaden.

Det har vore ein travel månad. Ein solid skur av spel har så godt som hagla over oss, og det har nesten vore vanskeleg å halde følge. Ei rekke fantastiske opplevingar har sigla vår veg, og blant dei finn vi Zelda-inspirerte Tunic, spøkelsesjakta i Ghostwire: Tokyo, nydeleg strategi i Triangle Strategy, samt fabelaktig racing i Gran Turismo 7.

Eit og anna bomskot dukka òg opp, der Unhcarted-filmen spesielt stod ut som noko unødvendig.

No skal vi igjen sjå framover, og etter ein intens månad er det eigentleg greit at ting roar seg ned litt med ein månad der pusterommet er litt større.

LEGO Star Wars: The Skywalker Saga

Det blir hakket meir action i dette LEGO-spelet.
Traveller's Tales

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 5. april

Sjølv om Traveller's Tales har vore gjennom det meste av Star Wars-sagaen før, stoppar ikkje det dei frå å fortelje heile historia på ny. Her får vi presentert alle dei tre filmtrilogiane som utgjer Skywalker-sagaen, og etter kvart vil det dukke opp ekstrainnhald basert på andre filmar og seriar.

Fordelt på dei tre trilogiane som kan spelast i den rekkefølgja du sjølv ynskjer, vil vi få bryne oss på heile 45 nivå. Gameplayet har fått litt modernisering sidan serien starta i 2005, og om du til dømes spring rundt med lyssabel vil du få eit hakket meir avansert kampsystem å leike deg med, samt meir actionorienterte kameravinklar når ein spring rundt med skytevåpen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på LEGO Star Wars: The Skywalker Saga

MLB The Show 22

Skap di eiga baseball-legende i MLB The Show 22.
Sony

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 5. april

Sonys baseballserie som tidlegare var eksklusiv for PlayStation er tilbake med eit nytt innslag, og kjem i år til Nintendo Switch for første gong. Vi får òg full støtte for speling på tvers av plattformer, samt kryssplattform-lagring. Spelet vil by på heile 160 legender frå baseballens historie, og vil i tillegg la deg skru saman eigne spelarar for å skreddarsy din eigen veg mot toppen i spelets noko rollespelinspirerte Road to the Show-modus.

Om du finn like mykje glede i sjølve stadioane sporten blir spelt som i idretten sjølv, kan du få bryne deg på å byggje eigne baseball-stadionar. Som med fjorårets utgåve, kjem MLB The Show 22 òg til Game Pass på dag ein.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på MLB The Show 22

Chrono Cross: The Radical Dreamers Editions

Endeleg kjem Chrono Cross til Europa.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Nintendo Switch, Windows
Ute: 7. april

Gjennom stortida til Squaresoft på 90-talet med ei lang rekke klassiske spel på Super Nintendo og PlayStation var det eit og anna spel som aldri nådde fram til Europa. Blant dei finn vi Chrono Cross, eit spel som går føre seg i same verd som den langt meir kjende Super Nintendo-klassikaren Chrono Trigger.

Chrono Cross byr på eit ny gjeng eventyrarar som i staden for tidsreisene i Chrono Trigger, må handtere parallelle verder. Vi blir med dei på eit langt og fargerikt eventyr. Som ein ekstra bonus får vi med Radical Dreamers. Denne visuelle novella blei i si tid berre lansert i Japan via modem-tillegget Stellaview for Super Nintendo. Radical Dreamers var inspirasjon for mykje av det som skjer i Chrono Cross, og byr på mange av dei same karakterane og tema.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Chrono Cross

Nintendo Switch Sports

Kan Nintendo Switch Sports nå same høgder som Wii Sports?
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 29. april

Ein av dei største suksessane til Nintendo opp gjennom åra var galskapen som herja verda då dei lanserte Wii og Wii Sports. No kjøpte til og med besteforeldre spelkonsollar – til seg sjølve – for å få ta del i moroa. Med Wiimote-kontrolleren kunne vi spele alt frå tennis til golf, og Wii Sports definitivt spelet som sette rørslespel på kartet.

No prøvar Nintendo seg igjen med ein ny og kraftig oppgradert versjon av det gamle sportspelet. Med dei langt meir nøyaktige Joy-Con-kontrollarane kan vi vente oss kvassare presisjon når vi får spele alt frå fotball og volleyball, til tennis og fekting. Om Nintendo Switch Sports vil bli ein like stor suksess som Wii Sports gjenstår å sjå, men at potensialet er det, burde det ikkje vere mykje tvil om.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nintendo Switch Sports

Det er hos Nintendo det skjer

Fargerike Crystar byr på solide doser action.
Spike Chunsoft

Resten av godsakene denne månaden fell ganske greit inn i kategorien gamle ting på ny. Først finn vi det fargerike actionrollespelet Crystar som kjem til Switch. Eit anna Switch-prosjekt er The House of the Dead: Remake som lovar å dra full nytte av Joy-Con-kontrollane.

Enda meir Switch moro får vi frå dei resterande spela denne månaden. 13 Sentinels: Aegis Rim tek turen over frå PlayStation 4, medan Star Wars The Force Unleashed gjer akkurat det same etter heile 15 år på andre plattformer.

Eit enda eldre spel som kjem til Switch finn vi i Pocky & Rocky, eit skytespel som først dukka opp på Super Nintendo i 1993, men no har blitt tatt fram i dagslys igjen.

Heilt til slutt tek vi med at zombiene inntar Switch i Zombie Army 4: Dead War.

Siste fra forsiden