Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Det nye året startar med krig, prinsar i knipe, slåsting og ein tur til Hawaii.

Prince of Persia: The Lost Crown, Tekken 8 og The Last of Us Part II Remastered er på lista vår i januar.
Ubisoft, Bandai Namco, Sony Interactive Entertainment

Nytt år, nye moglegheiter og nye spel. Vi har lagt bak oss eit år som for mange har gått ned i historiebøkene som eit av dei største spelåra på lang tid. Baldur's Gate 3, Resident Evil 4 Remake, Super Mario Bros. Wonder og The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom er berre nokre av høgdepunkta frå året som ligg bak oss.

Når vi no ser oss ferdig med kåringa av årets beste spel, og våre personlege favorittar, er det på tide å sjå framover mot eit år som raskt kan bli like heftig, og det startar med nokre riktige godbitar.

Kan du få ei sjukestaue under andre verdskrig opp og gå?
Brave Lamb Studio

War hospital

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 11. januar

Er du lei av at målet ditt så og seie alltid er å ta liv? Heller lyst til å berge dei? Då er kanskje War Hospital spelet for deg. I dette strategispelet blir vi sendt tilbake til 1918 for å ta på oss rolla som ein pensjonert krigsdoktor. Med for få midlar og for få folk må du berge liva til soldatane som går inn i krigen med livet som innsats.

Dette ser ut til å bli eit spel der kvardagen bugnar over med vanskelege val. Kven skal reddast, kven kan reddast, og for kven er det for seint? For å gjere ein best mogleg jobb vil du måtte ta stilling til ei rekke moralske val, og samle ein gjeng med legar og sjukepleiarar som kan redde så mange som mogleg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på War Hospital

Kan The Lost Crown løfte Prince of Persia til gamle høgder?
Ubisoft

Prince of Persia: The Lost Crown

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 18. januar

Det byrjar å bli så lenge sidan førre gong vi fekk eit Prince of Persia-spel, at mange mistenkte det var over og ut for serien. Vi må faktisk heilt tilbake til 2010 for å finne førre spel i serien. I år tek Ubisoft oss derimot tilbake til der det heile starta, i dei sideskrollande dimensjonane.

Prince of Persia: The Lost Crown hiv seg på metroidvania-trenden med spanande område du får utforske og låse opp i tur og orden. Hovudpersonen Sargon får etter kvart ei rekke evner han kan bruke til å bekjempe fiendar med. Som i tidlegare Prince of Persia-spel får vi her òg moglegheita til å manipulere tid. Går det skeis kan du spole tida tilbake for å prøve på ny, men ein interessant vri er at Sargon ikkje den einaste som kan manipulere tid.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Prince of Persia: The Lost Crown

Kor lenge kan du overleve i The Last of us Part II?
Naughty Dog

The Last of Us Part II Remastered

Plattform: PlayStation 5
Ute: 19. januar

Eit av dei potensielt største spela i januar er ikkje akkurat nytt. The Last of Us Part II kom opphaveleg ut i 2020, men kjem no i ei ny utgåve for PlayStation 5. Denne utgåva kjem med grafiske forbetringar, full DualSense-funksjonalitet og ein ny modus der alt handlar om å overleve så lenge som mogleg. Vi likte spelet svært godt då det blei lansert for PlayStation 4:

«Med The Last of Us Part II har Naughty Dog laga eit spel som er teknisk overlegent det meste, samtidig som dei har fortalt ei personleg historie som eg verkeleg føler betyr noko. Det er ei forteljing om motsetningar – mellom hat og kjærleik, hemn og tilgjeving – og det er ei forteljing som konstant får meg til å føle og tenke utruleg mykje forskjellig. Og det er ein god ting.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Last of Us Part II Remastered

Alt klart for pryl of skambank i Tekken 8.
Bandai Namco

Tekken 8

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 26. januar

Det er tid for ei ny runde i grisebingen med kapittel 8 i den legendariske Tekken-serien. Eit mylder av topptrente slåstkjemper er atter ein gong klare til å daske laus på kvarandre til den store gullmedaljen. Vi testa spelet for nokre månader sidan, og om dei får fiksa den haltande nettverksmodusen bør dette bli heftige saker:

«Å hoppe inn i skoa til kjende figurar var nesten som å vende hjem igjen, om enn med eit par nemneverdige tilskot. Spesielt dei nye Heat-mekanikkene kan kome til å ha stor påverknad på flyten i kampane: Det kan verke noko overveldande til å byrje med - særlig fordi det leggast opp til så enorm aggresjon - men eg trur dette er ei spanande nyvinning som kan by på mange heftige samanstøt når spillet endelig lanseres.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tekken 8

Det blir snart nye eventyr med spelverdas villaste hår.
Sega

Like a Dragon: Infinite Wealth

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 26. januar

Etter suksessen med Yakuza: Like a Dragon for nokre år tilbake har Yakuza-serien fått seg ein solid oppsving på verdsbasis, og fleire spel har blitt lansert til god mottaking. No er den direkte oppfølgjaren til Lika a Dragon på veg, og dette spelet ser ut til å eskalere alle konflikter til dramatiske høgder.

No reiser Ichiban til Hawaii på jakt etter ei mor han trudde var død, vår gamle Yakuza-helt Kiryu hat fått kreft, og ein haug gamle heltar og skurkar er på besøk. Spelet byr som Yakuza: Like a Dragon på eit turbasert kampsystem med eit mylder av jobbar å velje mellom. Eit knippe nye sideaktivitetar er sjølvsagt på plass, med blant anna minispel inspirert av Crazy Taxi og Harvest Moon.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Like a Dragon: Infinte Wealth

Gammal advokatmoro på ny i Apollo Justice: Ace Attorney Trilogy.
Capcom

Noko attåt

Vi finn ikkje mange storspel blant dei gjenståande spela denne månaden. Det største på lista er nok Apollo Justice: Ace Attorney Trilogy som samlar ein haug med advokateventyr i ei fin lita pakke.

Det same kan seiast om Another Code: Recollection som er ei samlepakke med to oppussa spel som i første omgang blei lansert på Nintendo DS- og Wii.

BlazBlue Entropy Effect er eit heseblesande actionspel som kjem ut av Early Access denne månaden. Howl er noko ganske anna, og gjev oss eit turbasert folkeeventyr i handteikna stil som kjem til Xbox og PlayStation denne månaden.

Laika: Aged Through Blood er eit metroidvania-eventyr som ser ut som om det er henta rett ut av ein teiknefilm. Spelet tek turen til Switch etter å ha vore på andre plattformer i nokre månader. Får du ikkje nok metroidvania kan kanskje det japanske indiespelet Touhou Luna Nights vere noko for deg.

Blir det for fargerikt i vintermørket kan kanskje grøssaren DreaOut 2 på Nintendo Switch vere eit betre val.

Det var alt for denne gong, god speling, og godt nytt år.

Siste fra forsiden