Feature

Desse spela gler vi oss til i juli

Strategi, dinosaurar og reiser i rommet er blant hovudingrediensane denne månaden.

Sommaren er i gang for fullt, og med varmen som har vore over store delar av landet den siste tida er det fullt forståeleg om enkelte faktisk tar seg litt fri. Det gjer derimot ikkje vi. Her har spelinga gått for fullt, om det så er med eit fantastisk nytt Street Fighter-spel, eit nytt spel frå skaparane av eventyrserien Myst, eit solid, men ikkje heilt vellukka nytt Final Fantasy-spel, eller skummel grøss i Amnesia: The Bunker.

Makkverket The Lord of the Rings: Gollum kunne vi derimot lett klart oss utan.

Som alltid ser likevel vi framover, og no er det tid for å sjå kva høgsommaren 2023 har å by på av spanande spel.

Jagged Alliance 3

Jagged Alliance 3 har vore under produksjon frykteleg lenge.
THQ Nordic

Plattform: Windows
Ute: 13. juli

Jagged Alliance blei først avduka for vanvittige 19 år sidan, i 2004. Om det finnest eit spel i verdas kollektive spelhistorie som må kunne seiast å ha hatt ei lang og trøblete utvikling, må det vere Jagged Alliance 3. Spelet har fått nye utviklarar i hytt og pine, og det var strengt tatt ikkje før Nordic Games (no THQ Nordic) kjøpte rettane til serien og gav utviklaransvaret til Haemimont Games, at ting verkeleg byrja å skje.

Så kva har vi i vente? Her blir vi lova taktiske og turbaserte kampar av beste sort der vi får ta i bruk ei lang rekke unike leigesoldatar. Du vil stadig finne nye våpen, men kan òg skreddarsy dei etter eigne behov. Strengt tatt ser det ut til at valfridom blir nøkkelordet i eit taktisk rollespel som lovar ei levande og aktiv verd.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Jagged Alliance 3

Exoprimal

Om du har eit prekært behov for å skyte ein dinosaur, får du sjansen no.
Capcom

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 14. juli

Exoprimal kan raskt bli eit av årets mest bisarre spel. Her har vi eit blodferkst actionspel frå Capcom der målet ikkje berre er å angripe andre spelarar, men å gjere det etter å først ha vassa gjennom eit hav av rabiate dinosaurar. Spelet lovar tøys, tull, action og moro, og vi var overraska over kor moro det heile var etter å ha deltatt i ei prøvekøyring:

«Om spelet vil by på nok variasjon til å vere verdt ei investering veit vi ikkje før lansering. Hadde det vore nokon andre enn Capcom bak rorert akkurat no hadde eg hatt store tvil, men dei går på den eine suksessen etter den andre for tida, så kven veit. Exoprimal er ein retur til klin kokos japansk speldesign, og det kan eg ikkje anna enn å sjå fram til å få spele meir av.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Exoprimal

Pikmin 4

Pikmin 4 byr på nye strategiske utfordringar.
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 21. juli

Om det er nokon som kan kunsten å produsere både sære og sjarmerande spelkonsept, er det Nintendo. I år er dei tilbake med eit nytt kapittel i Pikmin-serien. I desse spela er jobbe din å hjelpe dei små pikmin-skapningane gjennom ei farleg verd. Med di hjelp må dei plukke opp gjenstandar og kome seg forbi ei lang rekke hinder i terrenget. Spela byr på ei rekke ulike pikmin som byr på ulike eigenskapar du kan bruke for å klare kvart oppdrag.

Pikmin 4 blei først kunngjort av serieskapar Shigeru Miyamoto tilbake i 2015, og det har tatt heile åtte år å få det ut til spelarane. Spelet vil by på mykje av det vi kjenner frå før, men vil by på nye utfordringar, nye pikmins, og ein heilt ny hund som vil by på hjelp der det trengs. Historia denne gong tek oss med til krasjlanding på ein fjern planet der du må redde dei stranda romfararane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pikmin 4

Remnant 2

Remnant 2 lovar rikeleg med mørk og dyster action.
Gearbox Publishing

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. juli

Remnant 2 er som namnet tilseier oppfølgjaren til actionrollespelet Remnant: From the Ashes. Spelet kjem til oss frå dei erfarne folka hos Gunfire Games, eit studio som stod opp av oska etter Darksiders-utviklarane Vigil Games. Remnant 2 bygger vidare på det utviklarane skapte med det første spelet. Vi får eit actionrollespel i ei utfordrande verd som i enda større grad enn forgjengaren blir tilfeldig generert.

Der forgjengaren berre bydde på autogenererte nivå i same stil som Diablo introduserte for mange år sidan, har dette blitt utvida i oppfølgjaren. Kvar gong du startar ei gjennomspeling vil du bli tatt med til ei ny verd skrudd saman av dei forskjellige byggeklossane utviklarane har skapt, og med dette hevdar teamet bak at ikkje berre nivådesignet, men og samansetjinga av fiendar, folk, oppdrag og historier vil vere unike kvar gong.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Remnant 2

The Expanse: A Telltale Series

Kan The Expanse-spelet nå same høgder som kjeldematerialet?
Alcon Interactive Group

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. juli

Telltale Games var for ei årrekke sidan storprodusent av episodiske eventyrspel. Mest kjende blei dei for The Walking Dead, men dei skapte òg episodiske spel basert på Jurassic Park, Batman, og mykje meir. I 2018 blei det brått kroken på døra før eit oppkjøpp starta firmaet opp igjen. No har dei saman med Deck Nine skapt eit flunkande nytt episodisk spel basert på Sci-Fi-universet The Expanse.

I The Expanse: A Telltale Series møter vi Camina Drummer, kjend frå både TV-serien og boka den er basert på. I dette eventyret møter vi ho før alle hendingane frå bøkene, og ho er spelt av same skodespelar som i TV-serien. Stort meir enn det veit vi enno ikkje om historia, men den vil bli fortalt over fem episodar som alle vil kome med to vekers mellomrom. Sidan handlinga utspelar seg før hendingane vi kjenner frå før, treng du ikkje kjennskap til serien frå før.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Expanse: A Telltale Series

Stort eventyr og gamle kjenningar

The Legend of Heroes: Trails into Reverie byr på turbasert rollespelmoro.
NIS America

Resten av juli månad har ikkje så frykteleg mykje å by på. Vi får eit nytt spel i den omfattande rollespelserien The Legend of Heroes. Denne gong heiter spelet Trails into Reverie, og vil konkludere fleire av historiene som har bygd seg opp over ei årrekke.

Vidare finn vi ei rekke spel som får nye heimar denne månaden. Tidlegare PlayStation 5-eksklusive Ratchet & Clank: Rift Apart kjem til PC denne månaden for å glede eit nytt publikum.

Strategispelet The Valiant tek derimot turen til konsoll for å prøve å kapre nokre nye strategientusiastar.

Eit anna strategispel som får seg ein ny versjon denne månaden er Might & Magic: Clash of Heroes - Definitive Edition. Dette spelet kom først ut til Nintendo DS i 2009, PlayStation 3 og Xbox 360 eit par år seinare, og no i år til Switch, PlayStation 4 og Windows.

Med det ynskjer vi deg ein framleis strålande sommar.

Siste fra forsiden