Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Vampyrar og eventyr med to heilt forskjellige heltar er nokre av høgdepunkta denne månaden.

Det er litt av ei tid vi lev i. Vi har nett lagt bak oss ein månad som har gjeve oss ikkje berre ein, men to solide filmar basert på spel, men ein haug med nye, spanande spel attåt.

Svenske Bramble: The Mountain King sende oss ut på eit mørkt eventyr basert på nordisk folketru, medan Teslagrad 2 strengt tatt gjorde mykje av det same, men på ein heilt annan måte. Vi fekk kverke zombier i Dead Island 2 og ta ein ikkje heilt vellukka tur tilbake til Minecraft-land i Minecraft Legends.

Star Wars Jedi: Survivor var farleg nær ve då levere varene, men hadde skammmeleg dårleg yting som heldt det tilbake.

Med det vender snuten mot sola og ser kva mai har å by på.

Redfall

Tid for å jakte vampyrar
Arkane Studios

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2. mai

Redfall er vårens storsatsing frå Microsoft. Dette vampyrspelet frå Dishonored og Deathloop sender deg ut på vampyrjakt i rolla som ein av fire vampyrhatande personar. Med deg på reisa som du kan ta føre deg enten aleine eller saman med andre får du ein haug med våpen, og stor valfridom.

Spelet vil i kjend Arkane-stil la deg løyse utfordringane på fleire måtar, både via sniking og Rambo-fakter. Dei fire heltane byr alle på særeigne og unike eigenskapar som vil kunne oppgraderast og utviklast via eit talenttre. Om Redfall blir den neste store suksessen for Xbox gjenstår å sjå (men, eh, men vi tvilar på det gitt dagens anmeldelse). Uansett hjelper det nok på at spelet lanserast på Game Pass frå dag ein.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Redfall

Age of Wonders 4

Age of Wonders 4 er eit strategispel som lovar enorm valfridom-
Paradox Interactive

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2. mai

Om du er på jakt etter litt skikkeleg 4X-strategi med turbaserte kampar og stor fridom til å stake ut din eigen kurs, er godt mogleg Age of Wonders 4 spelet for deg. Her er det å lage seg eit kongedøme eit spel i seg sjølv. Set saman ei kroppsform, bestem krefter og sosialstruktur og lag alt frå kannibalske halvingar til dine største favorittroper. Det er i alle fall det utviklarane hevdar.

Her skal du utvikle eit rike for ettertida, og korleis du vil oppnå det er basert på ei lang rekke val du gjer gjennom spelet. Er du ein brutal krigførar som tar over andre rike med makt, eller set du større pris på diplomatiske verkemiddel? Vi blir lova ei verd som snur og vender på seg etter kva du gjer, der kvar gjennomspeling vil bli unik.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Age of Wonders 4

The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom

Dette kjem til å vere livet ditt ei god stund framover.
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 12. mai

Det er nesten ikkje til å tru at det allereie har gått seks år sidan The Legend of Zelda: Breath of the Wild blei lansert. Endeleg er det tid for oppfølgjaren, og som forgjengaren ser vi ut til å få ei enorm og vidstrakt verd, berre enda større, og med langt fleire moglegheiter.

Tears of the Kingdom lovar ein heil haug med nye leikety du kan kose deg med. Høgst på den lista ligg den nye funksjonen som lar deg kombinere gjenstandar. Du kan spleise våpen med kvarandre, eller skru saman heilt vanvittige komboar som rakettar på skjold eller lage dine eigne køyrety som kan ta deg over land, hav eller til og med fly gjennom lufta. Det blir frykteleg spanande å sjå kva galskap folk vil finne på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom

Miasma Chronicles

Taktisk action i Miasma Chronicles.
The Bearded Ladies

Platform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 23. mai

Frå studioet bak det taktiske rollespelet Mutant Year Zero: Road to Eden kjem eit nytt spel med fokus på dystopisk framtid og taktiske kampar. Verda er i fare og blir angripen av den nådelause substansen Miasma som øydelegg alt rundt seg.

I denne verda møter vi den unge mannen Elvis. Han har ein hanske som kan kontrollere miasmaen, og ein storebror som tilfeldigvis er ein robot. Saman må dei legge ut på ei lengre reise for å finne svar på kva denne miasmaen er, og korleis dei kan stoppe den. Undervegs vil dei ta turen innom mange særeigne område i audemarka, og møte eit persongalleri fullt av bisarre karakterar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Miasma Chronicles

The Lord of the Rings: Gollum

Har Gollum det som skal til for å vere hovudperson i eige spel?
Daedalic Entertainment

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. mai

Det er ikkje det at vi har så frykteleg stor tru på at Gollum kjem til å bli ei det beste som har skjedd sidan J.R.R. Tolkien sa seg ferdig med Ringenes Herre, men meir at vi lurer på kva i alle dagar eit spel om Gollum vil ende opp med å vere. Her er det i alle fall, spelet om Gollum. Og kvifor ikkje. Om ein først skal lage spel basert på verka til Tolkien kan eit snikespel med Gollum vere akkurat det som skal til.

I spelet følgjer vi Gollum parallelt med handlinga i i Ringens Brorskap. Eine og aleine må han ut på eventyr for å få tilbake ringen, og på reisa vil han møte ein haug kjende figurar frå bøkene. At spelet får ein lukkeleg slutt er vel heller tvilsamt, men vi får håpe dei erfarne eventyrutviklarane hos Daedalic har skapt ei reise verdt å få med seg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Lord of the Rings: Gollum

Eit sjokk til systemet

System Shock er tilbake i ny drakt.
Nightdive Studios

Først ut med attpåklattane denne månaden har vi den nye versjonen av System Shock. Den har blitt utsett ei stund, og på ubestemt tid til konsoll. PC-spelarane kan uansett sjå fram til eit gjensyn med klassikaren denne månaden.

Vidare finn vi skrekkspelet Amnesia: The Bunker. Denne gong er du som namnet kanskje indikerer innelåst i ein bunker. Triveleg.

Om det blir i skumlaste laget kan det kanskje freiste med litt glad action i Warhammer 40,000: Boltgun. Her får vi heftig Warhammer 40K-action i glad blanding med skytespelmoro inspirert av det beste 90-talet hadde å by på. Meir blanding med 90-talet blir det i Ravenlok, eit eventyrspel som blandar pikselgrafikk med moderne 3D-modellar til noko ganske unikt og kanskje litt sært.

Star Trek: Resurgence er eit eventyrspel i Star Trek-universet frå ein liten gjeng utviklarar som tidlegare jobba hos The Walking Dead-studioet Telltale Games.

Darkest Dungeon II er endeleg ferdig med sin Early Access-prosess og er no klart for full lansering på PC. I dette rougelike-spelet skal du på roadtrip til helvete, med eit knippe barske eventyrar ombord.

Lemmings tatt til sin naturlege konklusjon i Humanity.
tha ltd.

Om du treng noko nytt å bruke PSVR2 på, kjem Hello Neighbor: Search and Rescue, og om det ikkje er interessant, kanskje fordi du ikkje har PSVR2, er kanskje PlayStation 4- og Xbox One-versjonen av Hogwarts Legacy meir aktuell.

Til slutt tek vi med det som kan sjå ut til å bli månadens aller særaste spel. I Humanity styrer du ein førarhund som skal leie ei mengde folk trygt i namn. Det ser litt ut som ein overklokka versjon av Lemmings.

Med det seier vi takk for no. God speling.

Siste fra forsiden