Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Noko for ein kvar smak er på veg denne månaden.

For ein månad vi har lagt bak oss. Ikkje berre har vi fått det første Assassin's Creed-spelet på mange år som ikkje tek resten av året å gjere seg ferdig med, men vi har fått ein haug med andre, flotte spel òg.

Både Spider-Man 2 og Cities: Skylines 2 leverte varene i to særs ulike sjangrar, medan Super Mario og vener atter ein gong gjorde det tydeleg for heile verda kven som er kongen over plattformspela i Super Mario Bros. Wonder. Parallelt med det gjorde finske Remedy det svært tydeleg kven som er sjefen over spelgrøss med Alan Wake 2.

Nok fortid, det er atter ein gong tid for å sjå framover mot alt det spanande som ventar i månaden som kjem.

Star Ocean: The Second Story R

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Nintendo Switch
Ute: 2. november

Eit digert verdskart, akkurat slik vi likar det.
Øystein Furevik/Gamer.no

Star Ocean er ein serie med lang fartstid, og starta sitt liv på Super Nintendo. Dette spelet er ein nyversjon av PlayStation-spelet som verkeleg fekk fatt på formelen. Her får vi det strålande rollespelet i ei meir moderne drakt, og det er all grunn til å gle seg, for vi har allereie testa det:

«Det beste med Star Ocean: The Second Story R er derimot kor vanvittig moro det er. Det er hårreisande lett å berre spele litt til, noko som i dette spelet betyr minst ein time. Det er eit kjapt spel som er som skapt for spelaren som fantaserar om å berre blit større og sterkare, og det i ei nostalgisk fantasiverd full av eventyr.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Ocean: The Second Story R

Ikonei Island: An Earthlock Adventure

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 9. november

Dette ser ut til å bli riktig så sjarmerande.
Snowcastle Games

Medan vi ventar på Earthlock 2, har norske Snowcastle Games laga noko heilt anna. Framleis i same univers som Earthlock, er Ikonei Island eit eventyr som hentar inspirasjonen sin frå spel som Stardew Valley og Animal Crossing i staden for japanske rollespel.

Som vanleg er for spel med liknande inspirasjon, gjeld det å utforske den sjarmerande verda, og samle det du måtte finne av nyttige resursar, før du brukar dei resursane til å bygge ting. Du kan bygge verkty, bygge ein base, og kanskje det du treng for å halde monster, piratar og andre skrømt på god avstand. Spelet har vore ute i Early Access på PC ei stund allereie, men no ser det ut til at spelet er klart for den verkeleg store marknaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ikonei Island: An Earthlock Adventure

WarioWare: Move It!

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 3. november

Det er ikkje meininga at du skal forstå-
Nintendo

Heilt sidan starten på GameBoy Advance i 2003 har WarioWare-formelen vore enkel; ei lang rekke svært korte minispel skal utførast på rekke og rad. At serien i år feirar 20 år bør vel vere bevisføring god nok for at serien har blitt rimeleg populær.

WarioWare: Move It! ser ikkje ut til å rokke ved den formelen på nokon som helst måte. Her får vi 200 elleville minispel som tek berre nokre sekund å spele, og det gjeld å vere rask i avtrekkjaren. Du kan spele aleine gjennom ein historiemodus der du skal hjelpe Wario gjennom mange utfordringar, eller du kan spele saman med opp til tre vener på ein skjerm. Korleis du no enn endar opp med å spele, kan du vere sikker på at det blir med ein solid porsjon galskap attåt.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på WarioWare: Move It!

Call of Duty: Modern Warfare III (2023)

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. november

Verdas største skytespelserie er tilbake.
Activision Blizzard

I år feirar Call of Duty-serien utrulege 20 år. Serien går like godt som alltid, og ventar på eit solid trøkk med ivirige spelarar på lanseringsdagen. Som vanleg byr spelet på ein kampanjemodus, samt diverse fleirspelarmodusar. Nytt for kampanjen er at den vil by på opne oppdrag der du sjølv skal få velje korleis du vil handtere oppgåvene dine.

For mange er det berre fleirspelarmodusen som gjeld, og Modern Warfare III vil inkludere alle dei 16 karta frå Modern Warfare 2. Klassiske modusar er tilbake, i tillegg til nye modusar. Nytt for dagen er ei kunstig intelligens-vaktbikkje som lyttar til om folk blir for stygge med kvarandre. I tillegg til dette kjem ein opa verd-zombiemodus som er utvikla i lag med Nazi Zombies-grunderane i Treyarch.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Modern Warfare III

Super Mario RPG

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 17. november

Super Mario RPG er tilbake og godt er det.
Nintendo

Super Mario RPG frå 1996 er ei av dei verkeleg sjeldne eventyra i spelbransjen. Her rotta Nintendo og Square Enix seg saman for å lage noko som nesten var utenkjeleg; eit turbasert japansk rollespel basert på Super Mario. Med grafikk inspirert av Rare sitt Donkey Kong Country-eventyr, var det nesten for godt til å vere sant.

Det var det derimot ikkje. Super Mario RPG blei ein stor suksess og eit fantastisk spel som no får ein heilt ny versjon slik at alle som var for unge den gong då kan få sjansen til å spele perla. Denne oppussa versjonen av Super Mario RPG byr på ei lang rekke forbetringar, heilt ny grafikk, og bearbeida musikk frå originalkomponist Yoko Shimomura. Det har vore eit kanonår for Super Mario, og det er ikkje ferdig heilt enno.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario RPG

Noko for alle

November kjem til å bli ein tettpakka månad så full av spel at det skal noko til å få med seg så mykje som ein brøkdel. Eit nytt League of Legends-eventyr i form av Song of Nunu: A League of Legends Story er rett rundt hjørnet, og dette er utvikla av folka bak nydelege Rime.

RoboCop: Rogue City blir noko heilt anna, for her skal du i rolla som RoboCop vaske kriminalitet ut av byen, med makt.

Om eventyr og problemløysing er meir di greie, kan du prøve deg på The Talos Principle 2, Tintin Reporter - Cigars of the Pharaoh, eller kanskje det snodige rollespelet Thirsty Suitors som byr på både rullebrett og turbaserte kampar.

RoboCop er villig og klar til å rydde opp.
Nacon

Over til noko heilt anna, for eit nytt Football Manager 2024 er rett rundt hjørnet. Det er òg spanande The Invincible, eit dystopisk sci-fi-spel basert på skriveria til den polske forfattaren Stanislaw Lem. Om fantasy er meir di greie sjølv om dystoopi framleis er in, kan Banishers: Ghosts of New Eden frå Life is Strange-studioet vere eit alternativ.

Blir alt dette for trasig, er Nickelodeon All-Star Brawl 2 eit solid alternativ. Eventuelt kan du leike deg med å vere den slemme herren over mørke korridorar i Dungeons 4.

Held vi oss i mørkret ei lita stund er det ein idè å nemne at oppfølgjaren til Salt and Sanctuarty – Salt and Sacrifice – er rett rundt hjørnet. Vidare på lista finn vi eit nytt Yakuza-spel som no har skifta namn og heiter Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name.

The Day Before er eit MMO-spel med zombier der det handlar om å overleve mot alle odds. Om vi held oss i post-apokalypsen passar det å ta med Broken Roads. Dette rollespelet tek oss med til ein dyster versjon av Australia der mykje av inspirasjonen er henta frå klassiske PC-rollespel.

Før vi gjer oss ferdig med ei kjip verd å leve i, må vi ta med The Kindeman Remedy. I dette blasfemiske management-spelet skal vi styre eit fengsel på verst mogleg måte. Slemme nonner, eg seier ikkje meir.

Assassin's Creed: Nexus VR akkurat det det høyrest ut som, eit Assassin's Creed-spel i VR. Eigentleg kan vi bruke nøyaktig same orldyd om Persona 5 Tactica, for det er òg akkurat det det høyrest ut som, eit taktikkspel basert på Person 5.

Verdas kulaste serie, Like a Dragon, er tilbake.
SEGA

Naruto x Boruto: Ultimate Ninja Storm Connections er eit samansurium av Naruto-historier i ei herleg pakke, medan In Stars and Time er inspirert av japanske rollespel og sender oss inn i ei tidsslynge.

Om du no nesten fekk panikk i frykt for at det ikkje kjem ein einaste Dark Souls-kopi denne månaden kan du slappe av. The Last Faith kombinerer Metroidvania med Soulslike, og Achilles: Legends Untold tek oss med tilbake til mytiske Hellas.

For eit komplett stilskifte ser vi no i retning Granblue Fantasy Versus: Rising eit slåssespel frå maestroane i Arc System Works.

Ein solid haug med spel på veg til nye plattformer denne månaden, men vi nøyer oss med høgdepunkta. Hogwarts Legacy, Gothic II Complete Classic, Biomutant kjem til Nintendo Switch.

Double Dragon Advance og Super Double Dragon kjem til dagens plattformer, og det gjer sanneleg Turok 3: Shadow of Oblivion Remastered òg.

Til slutt tek vi med at Alien Hominid HD dukkar opp saman med flunkande nye Alien Hominid Invasion.

Det får halde. Gå og spel!

Siste fra forsiden