Der for han. Sommaren. Borte for alltid, heilt til neste år. Den var fin i år, og gav oss i tillegg til sol og sommar nokre spanande spel, og gode opplevingar.
Kanskje spelte du eit av dei mange nye spela, eller kanskje du brukte tida godt for å kome deg gjennom spel som har venta på tida di.
Som vanleg var det ikkje dei heilt store spela som prega sommarens siste månad, men i staden ein del smått, godt, og interessant. Noko av det største som har prega sommaren er utan tvil Mafia: The Old Country, men vi har hatt minst like moro med spel som Achilles: Survivor, Ninja Gaiden: Ragebound, og eit triveleg gjensyn med Patapon 1 + 2 Replay.
Og med det ser vi framover mot kva hausten har å by på, og den kan raskt bli minneverdig.
Hollow Knight: Silksong
Plattform: Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows, Linux
Ute: 4. september
Hollow Knight: Silksong går kanskje inn i historia som det mest etterlengta indiespelet nokon sinne. Så populært er det, at andre utviklarar har utsett sine eigne spel for å ikkje måtte konkurrere mot eventyret som har vore under utvikling i over åtte å. Spelet starta faktisk livet som ei utviding til det første Hollow Knight-spelet.
Silksong er som sin forgjengar eit spel som glir greit inn under paraplyen «metroidvania». Det er eit sideskrollande eventyr med fokus på å utforske ei stadig større verd, der du reiser fram og tilbake, låser opp nye, tidlegare utilgjengelege område, og blir stadig kraftigare. Vi vil møte utfordringar i form av både kampar og plattformsekvensar, og vi blir lova ein haug med sideoppdrag som vil gi deg fleire grunnar til å utforske verda nærare.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hollow Knight: Silksong
Borderlands 4
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 12. september
Borderlands har sidan starten i 2009 blitt ein av dei verkeleg store skytespelseriane. Kombinasjonen av samarbeid, stort sett pubertal humor, og så mange våpen at ein nesten kan fylle ein binge før ein tek ein symjetur i dei, har verkeleg slått an, og no er det klar for det offisielt fjerde spelet i serien, sjølv om det teknisk sett er det femte (sjette om vi tel med Tiny Tina's Wonderland).
I Borderlands 4 møter vi eit nytt sett med eventyrarar som reiser til planeten Kairos. Her blir det garantert haugar med utfordringar, oppdrag, skattar og våpen å finne. Som vanleg kan du spele aleine eller saman med opp til tre andre spelarar, og du vil sjølvsagt få spele på delt skjerm. Dette skal bli det største spelet i serien, og opplevinga skal vere fri for lasteskjermar. For å fullt ut utforske verda får vi ein bunke nye køyrety, samt ei gripeklo som raskt tek oss til nye høgder.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Borderlands 4
Dying Light: The Beast
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 19. september
I Dying Light: The Beast tek vi turen til den tidlegare så idylliske feriedestinajsonen Castor Woods. No er den full av vandrande lik, og det er her vi kjem inn. Etter 13 år med eksperimentell tortur er Kyle Crane ein fri mann, men hemn på agendaen. Målet er den mystiske baronen, og for å nå han ventar mange utfordringar og mange fiendar.
Som med tidlegare spel i serien vil du i Dying Light: The Beast få god bruk for parkour-ferdigheitene dine. Du kan òg utforske verda i ein firhjuling. Verda er krydra med zombier som er sløve om dagen, men uhyre agressive om natta, og du vil ha eit solid arsenal med våpen til din disposisjon for å hamle opp med dei på skikkeleg vis. Kyle har gjennom ei rekke eksperiment fått spesielle krefter, og kan gå inn i «beast»-modus for å bli ekstra farleg.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dying Light: The Beast
Sonic Racing: Crossworlds
Plattform: Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. september
Årets neste store kart-racingspel er Sonic Racing: Crossworlds. I dette spelet vil du som i tidlegare spel få velje mellom ein god bunke figurar frå Sonic-universet, finne deg ein kjapp bil, og gjere ditt beste i mange løp, aleine eller med og mot andre spelarar.
Det stoppar likevel ikkje der. På dei 24 banene vil du finne fiffige reiseringar som vil kunne sende deg til nye dimensjonar, eller «Crossworlds». Du vil i tillegg få skreddarsy di eiga kjerre frå eit stort utval av bilar, duppedingsar og forbetringar. Om det aleine ikkje er nok vil du etter kvart få tilgang på sjåførar utanfor Sonic-universet, som til dømes Joker frå Persona 5 og Ichiban frå Like a Dragon. For den som aldri får nok, vil eit sesongpass tilby figurar frå blant anna Spongebob Squarepants og Turtles.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sonic Racing: Crossworlds
Silent Hill f
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. september
For andre gong på under eit år får vi eit Silent Hill-spel å bryne oss. I oktober i fjor fekk vi den flotte nyversjonen av Silent Hill 2, medan det i år er duka for eit heilt ny historie i Silent Hill f. Denne gong tek vi turen til Japan, til ein by på 1960-talet der vi møter studenten og tenåringsjenta Shimizu Hinako.
Heimstaden hennar blir brått dekt i ei mystisk tåke som vrir alt til å bli ei marerittaktig verd med grufulle monster. Alt i velkjend Silent Hill-stil. I rolla som Hinako må du utforske byen Ebisugaoka, løyse det som forhåpentlegvis er utfordrande gåter, samt kjempe mot det som skjuler seg i mørkret. Vi blir lova eit spel som utforskar utrivelege element, deriblant kultur og haldningar frå ei svunnen tid. Musikken kjem frå blant andre serieveteran Akira Yamaoka.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Silent Hill f
Månaden er enno ung
Det blir ikkje roleg resten av månaden sjølv om vi kanskje har fått unna nokre av dei største titlane. For dei som aldri får nok av grøss og ekle ting, byr september på enda meir moro. Folka bak Silent Hill 2 Remake er klare med si nye grøssar Cronos: The New Dawn.
EA Sports FC 26 byr på noko heilt anna, og her får vi traust fotball av trygg sort. Trygt blir det definitivt ikkje i Terminator 2D: NO FATE, eit sideskrollande pikseleventyr inspirert av, du gjetta det, Terminator 2.
Fata Deum er eit strategispel som ser ut til å hente ikkje berre litt, men ganske mykje inspirasjon frå gamle PC-klassikarar som Black & White, sidan du kan inspirere folka dine til å bli snille eller fæle.
Hotel Barcelona er eit actionsamarbeid frå dei japanske særingane Swery og Suda 51, to namne som for innvidde burde seie alt som treng seiast.
Hakket vanskelegare er det å forklare Baby Steps, eit spel der du skal gå over ulike landskap, ein fot om gongen.
Blir det for sært kan kanskje Hell is Us vere noko for deg. Dette er eit actionrollespel med fokus på utforsking og mange mystiske vesen. Her må du følgje instinkta, for det finnest ingen kart eller kompass.
Fans av japanske spel lev godt denne månaden. Final Fantasy Tactics er tilbake i ei ny og tilsynelatande forbetra utgåve for dei som enno ikkje har fått prøvd denne taktikklassikaren. Ein annan japansk klassikar som kjem ut på ny denne månaden er Trails in the Sky 1st Chapter, men her snakkar vi om ei heilt ny tolking som visst nok doblar speletida.
Meir japansk moro blir det i Hirogami, eit sideskrollande spel der alt er laga av origami, medan Ratatan er ein andeleg oppfølgjar til Patapon-spela. Towa and the Guardians of the Sacred Tree er på si side eit sjarmerande actioneventyr frå folk som tidlegare har jobba på Mana-serien.
Frå den andre sida av verd får vi prøve oss på det kjappe og intense skytespelet Metal Eden, eller kanskje litt norrøn monsterslakt i autskytaren Jotunnslayer: Hordes of Hel som kjem ut av Early Access.
Heilt til slutt kan det vere på sin plass å ta med at Indiana Jones and the Great Circle får si første utviding denne månaden i form av den nye historia Indiana hones and the Great Circle: The Order of the Giants.
Det var alt for no, kva gler du deg til mest?