Devil May Cry-studioet byr på mobilslåssing

Fightback blir gratisslåssing med 80-tallspreg.

Etter at Ninja Theory serverte oss det heidundrande heftige DmC: Devil May Cry i januar skulle ein tru neste steg for det britiske studioet ville vere enda meir påkosta produksjonar. Den gong ei, i dag har dei i ei pressemelding kunngjort slåssespelet Fightback for iOS.

Fightback blir eit slåssespel for iOS som hentar inspirasjon frå det neonfylte 80-talet. Om det blir like sprekkfullt av galskap som Ubisofts Far Cry 3: Blood Dragon er uvisst.

Første skjermbilete frå Fightback.

I ein kommentar fortel Dominic Matthews frå Ninja Theory at «Speling for mobil og nettbrett er eit fenomen vi rett og slett ikkje kunne ignorere, og vi er veldig stolte over å kunne jobba med ein av tungvektarane i bransjen for å sende Fightback ut på marknaden».

Denne tungvektaren er Chillingo, som er understudio hos EA med fokus på mobile spel.

Fightback blir tilgjengeleg til sommaren, byr på trykkbasert slåssing, og blir gratis å spele. Som med dei fleste gratisspel kan vi nok vente oss eit assortert utval av mikrotransaksjonar.

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance Les også: Anmeldelse: Enslaved: Odyssey to the West

Siste fra forsiden