Dragon's Dogma får gratis Vita-spel

Strategiske rollespel i 2D er neste stopp for Capcom.

Det mektige rollespelet Dragon's Dogma imponerte oss for første gong i fjor, men fekk ein ny versjon med meir innhald tidlegare i år i form av Dragon's Dogma: Dark Arisen.

I Dragon's Dogma reiser du rundt i ei utstrakt verd saman med eit følgje du kan skru saman sjølv av eit solid utval krigarar og magikarar. I tillegg til å utforske den langstrakte verda, vil du òg hamne i kamp mot tidvis frykttinngytande beist som kan dukke opp i villmarka, og det er her mykje av moroa kjem inn i biletet.

No ser det ut til at Capcom vil introdusere denne moroa for eit hakket meir mobilt publikum. I følgje Siliconera har dei i nyaste nummer av det japanske spelbladet Famitsu kunngjort Dragon's Dogma Quest for PS Vita.

Todimensjonal monsterjakt

Dette blir eit rollespel i 2D der du tek på deg ei strategisk rolle medan opp mot åtte krigarar kjempar mot beista du finn i villmarka. Fire av desse krigarane vil vere dine eigne, medan dei resterande fire på same måte som pawn-systemet i Dragon's Dogma vil vere laga av andre spelarar.

Det ser så langt ikkje ut til at spelaren blir ein aktiv deltakar i kampane, men i staden inntek ei rolle der ho deler ut kommandoar til krigarane. Det skal vere over 150 ulike jobbar å velje mellom for dei ulike krigarane, og spelet vil etter sigande vere fullt av grotter, farlege landskap, byar og sideoppdrag du kan plukke med deg for å sanke inn nokre erfaringspoeng.

Kor vidt vi får sjå spelet i vår del av verda gjenstår å sjå. Så langt er det berre kunngjort i Japan. Der blir det eit gratisspel med mikrotransaksjonar som samtidig krev konstant tilgang til Internett.

Les også: Slik blei ambisiøse Dragon's Dogma skapt

Siste fra forsiden