– Eg ville ikkje prøve noko

Mega Man-skaparen såg ingenting nytt og spanande på messegolvet.

Det finnes mange kritiske røyster innanfor spelbransjen, men ei av dei mest høglydte er utan tvil den som høyrer til Mega Man-skaparen Keiji Inafune. Han har tidlegare påstår at den japanske spelbransjen er ferdig, før han slutta i Capcom for å starte sitt eige spelselskap.

No har Infaune igjen eit par ord å seie om dagens situasjon, men denne gong er det ikkje japanske utviklarar han spesifikt reagerer på. I staden er det heile bransjen som skuffar han med det han meiner er berre ei lang rekke oppfølgjarar og gamle konsept. I eit intervju med Famitsu, via VG247 har han følgjande å seie:

«Eg var ganske oppteken med intervju under E3, men eg såg diverre ingen spel eg hadde lyst til å prøve. Vi er i ferd med å starte ein ny generasjon, og inntrykket mitt var at messa berre bydde på oppfølgjarar og ingen nye titlar.»

Inafunes neste spel er det blodige actionspelet Yaiba: Ninja Gaiden Z.

Konsollane er for like

Vidare synest han det er hakket for lite differensiering mellom dei nye konsollane til Sony og Microsoft, og at fokuset er for stort på å fakke spelarane, i staden for kva plattformene i seg sjølve kan gjere:

«Eg tenkjer ikkje at «dette kan denne maskina gjere» og «den maskina kan ikkje gjere det» når eg ser på PlayStation 4 og Xbox One. Eg tvilar på at mange spelarar tenkjer slik heller. Konsollane har ulik oppbygging og detaljar, men når det kjem til å differensiere seg frå kvarandre ser eg ikkje mykje forskjell.»

Keiji Inafune legg lista for seg sjølv ganske høgt kvar gong han uttalar seg om bransjen. Med hans kritikk av oppfølgjarar i tankane, er det då kanskje litt snodig at hans neste spel er nettopp eit nytt spel i ein etablert serie; Action-spelet Yaiba: Ninja Gaiden Z. Det spelet tok vi ein kikk på under E3, og sjølv om det ser lovande ut, er det lite der som tyder på at Inafune sitt arbeid ligg langt framfor dei han kritiserer.

Les også: Disse spillene imponerte oss mest på E3 2013 Les også: – Zombier er upopulært i Japan

Siste fra forsiden