Test

Endgame Gear XM1 White

Ein soleklar vinnar i skytespel

Billig, presis, lett, enkel og komfortabel: Kva meir kan ein be om?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tidlegare i år imponerte Endgame Gear oss med nye XM1, og fekk oss til å dra fram niaren. Eg hadde nokre få punkt å trekkje på, blant anna når det kom til kabelen, men det har produsenten no fiksa.

Mykje difor ligg til rette for at dette skal kunne vere den perfekte gamingmusa for mange.

For augeblikket er det tre ulike variantar av Endgame Gear XM1 på marknaden. Den gamle er framleis å finne i ein del nettbutikkar, og sameksisterer med dei to nye versjonane. Det er ein i svart og ein i kvit. Skilnaden mellom dei to nye og 2019-versjonen er vel eigentleg berre kabelen og sideknappane.

Difor blir dette ein test av det korte slaget. Eg har allereie sagt det meste eg vil seie om XM1, og det kan de lese i den første testen:

Les heile testen av Endgame Gear XM1 her »

Rimeleg toppmus

For rundt 650 kroner får du ei mellomstor mus på knappe 74 gram, med ei fantastisk form til dei med klogrep. Det er vanskeleg å finne noko betre til skytespel i dette prissjiktet.

Endgame Gear har lagt fokuset på yting over alt anna, med ein feilfri PixArt PMW3389-sensor og knappar som ligg rett oppå brytarane. Produsenten meiner at dette gjer knappane kjappare enn på andre mus, men det kan me vanskeleg teste. Det er snakk om nokre få millisekund ein eventuelt sparar.

Den kvite fargen kler XM1, og no er produktet blitt endå meir behageleg i bruk med ein fjørlett kabel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Museknappane har fin lyd og god tilbakemelding, og sideknappane er perfekt plasserte i forhold til tommelen. Den førre versjonen hadde ei litt mjukare tilbakemelding, som dei no har stramma opp på. Her er me ikkje langt unna perfeksjon.

Det er totalt fem knappar og eit klikkbart rullehjul, der PPT-knappen sit på undersida. Rullehjulet er i det minste laget, men har ei skikkeleg god tilbakemelding.

Det einaste eg trakk for i min test var gummikabelen. Den gjorde at XM1 ikkje var heilt med i tida, men no er altså den nye versjonen utstyrt med ein tøykabel på nivå med Paracord-kabel. Dette er òg ein av dei beste implementeringane av dette eg har sett så langt.

Konklusjon

Grunnen til at eg ikkje gir denne heilt toppscore er at den er av det enkle slaget. Det er ingen RGB, musa er kabla og ho kunne gjerne vore 10-20 gram lettare. At den ikkje er avansert er på ingen måte negativt, men eg syns ein må ha det vesle ekstra for å konkurrere med dei to som er heilt på topp hos meg no, nemleg Logitech G Pro Trådlaus og Razer Viper UItimate.

Til 650 kroner er dette eit av dei beste produkta på marknaden i sin prisklasse.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma er nok heller ikkje heilt for alle. Dei lange og låge museknappane gjer at klogrep vil vere desidert best på XM1. Du må ha kontaktpunktet ganske langt bak på musa for at handflategrep eller fingertuppgrep skal fungere, og det gjer målgruppa litt smalare enn «tryggare» former slik som Viper og G Pro Trådlaus. Men for dei som faktisk har klogrep – noko som er veldig vanleg – vil eg anbefale denne over til dømes Glorious Model O.

Til 650 kroner er det absolutt ingenting å seie på kjøp av denne. For skytespelentusiasten er Endgame Gear XM1 eit soleklart toppval. Du får ei glitrande form, ein feilfri sensor, ein lett, grepsvenleg og solid konstruksjon, eminente knappar, skolissekabel og no ei flott kvitfarge.

Løp og kjøp, seier eg.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

9.5
/10
Endgame Gear XM1 (2020)
Endgame Gear gjer alt rett, og byr på ei enkel og knallgod skytespelmus.
Feilfri sensor
Særs komfortabel passform - men først og fremst for klogrep
Skolissekabel
Låg vekt
Godt grep på finish
Perfekte sideknappar

Siste fra forsiden