Mykje tyder på at Activsion har funne ut at 2013 er skjelpaddene sitt år. Tidlegare i år kunngjorde dei actionspelet Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows, eit spel som sjølv om det er basert på Nickelodeon sin fargerike TV-serie, vågar på seg ein meir realistisk stil der skjelpaddene blir framstilt som barske kampkjemper. Det spelet blir tilgjengeleg digitalt i august.
Out of the Shadows er derimot ikkje det einaste Turtles-spelet som dukkar opp i år. I ei pressemelding har Acitvision kunngjort Teenage Mutant Ninja Turtles, enda eit spel basert på Nickelodeon-serien, men denne gong med ein visuell stil som held seg til røtene sine.
![](https://i.bo3.no/image/47818/4342TMNT_Screen2.jpg?c=0&h=281&w=500)
Slåssing av gammal sort
Teenage Mutant Ninja Turtles blir eit sideskrollande actionspel der opp til fire spelarar kan samarbeide om å banke fiendane. I tillegg til å by på samarbeid der nye spelarar kan hoppe inn og ut som dei vil, lovar pressemeldinga at vi vil kunne oppgradere skjelpaddene, samt bryne oss på mange ulike modusar.
Historia i spelet vil ta plass mellom første og andre sesong av Nickelodeon-serien, og vil fungere som eit bindeledd mellom dei to sesongane.
I motsetning til Out of the Shadows vil Teenage Mutant Ninja Turtles bli tilgjengeleg i butikk.
Teenage Mutant Ninja Turtles kjem i sal i løpet av hausten til 3DS, Wii og Xbox 360.