Er Wii U-datoen avslørt?

Mykje tyder på at Wii U blir tilgjengeleg i god tid før jul.

Om du lagar utstyr til konsollar, kan presentasjonsmøte for potensielle kjøparar vere farlege greier. Det fekk i alle fall ein stormunna stakkar erfare under eit møte med GameStop i USA. I følgje Kotaku har ein representant for for utstyrsprodusenten PDP forsnakka seg litt. Det vesle gullkornet var at utstyert deira skal vere ute i butikkane i tid for Wii U si lansering 18. november.

Nintendo har så langt vore stumme kva lanseringsdato angår. 13. september skal dei derimot ha ei tilstelning i New York der dei etter alt å døme vil kunngjere den eksakte lanseringsdagen.

Det er uansett svært sannsynleg at 18. november blir dagen. Nintendo har lenge hatt for vane å sleppe stortitlar og maskinvare på søndagar. Ein enda større indikasjon på at 18. november blir dagen er at dette er siste søndag før Thanksgiving. Som mange sikkert veit blir Thanksgiving etterfølgt av Black Friday, den største handledagen i heile USA der folk går mann av huse for å tømme kontoen sin på både rusk og rask.

Om Nintendo vil ha ein pangstart for Wii U finnest det knapt eit betre tidspunkt å lansere maskina på.

Skjermbilete frå Wii U-grøssaren ZombiU.

Vi tok ein nærare kik på den nye maskina til den japanske giganten under E3-messa i juni, og var temmeleg nøgde med det vi fekk sjå. Den nye kontrollaren har potensiale til å by på mykje moro, og det sosiale aspektet ved maskina er noko heilt unikt:

– At Wii U har eit stort potensiale til å skape nye opplevingar herskar det ingen tvil om. Dei endringane Wii U bringer med seg er så langt ofte små, men likevel fundamentale. Noko så enkelt som å måtte kike ned på ein skjerm for å sjekke inventaret gjev ein heilt ny dimensjon til eit skrekkspel som ZombiU. Dette er berre byrjinga for Wii U, og det blir uhyre spanande å sjå kva utviklarane vel å gjere med den nye kontrollaren.

Les også: Sniktitt: ZombiU Les også: Gratis nettspilling på Wii U

Siste fra forsiden