Far Cry 4 kjem til hausten

Ubisoft har stadfesta at dei er i full sving med det neste kapittelet i skytespelserien.

Ubisoft

Etter suksessen med Far Cry 3, og den absurde avstikkaren Far Cry 3: Blood Dragon var det nok få som tvilte på at Ubisoft ville lage fleire spel i serien. I ei pressemelding Ubisoft nett har sendt ut får vi vite at Far Cry 4 er på veg, og det kjem allereie til hausten, nærare bestemt 20. november.

Vi har motteke få konkrete detaljar rundt kva spelet vil handle om,men pressemeldinga stadfestar rykta frå tidlegare i år som sa at vi i Far Cry 4 ville ta turen til Himalaya. Reisa tek oss til Kyrat, ein vakker, vill og farleg region styrt av ein despotisk og sjølvoppnemnd konge. Her fortel Ubisoft at du vil få ta i bruk eit stort utval våpen, køyrety og dyr for å skrive di eiga historie i dette opa-verd skytespelet.

Til nye høgder

Dette blir det første spelet i Far Cry-serien som kjem til den nye generasjonen med konsollar. Spelet kjem til både PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One, såvel som PC. Wii U ser derimot ikkje ut til å vere med i korta. Ubisoft har store mål med spelet, og produsent Dan Hay kjem med følgjande beskjed i pressemeldinga:

«Etter suksessen med Far Cry 3 ville vi ta serien til eit nytt nivå, og lage eit spel som ville overraske spelarane, og overgå forventningane til fansen. Med den unike settinga trur vi at Far Cry 4 vil skilje seg ut som ein førsteklasses førstepersonskytar, og vi gler oss til å avsløre meir om spelet i dei komande månadane.»

Desse avsløringane kan ventast snarleg. Ubisoft lovar å vise fram meir frå spelet under E3-messa som startar om ein knapp månad, og der vil vi sjølvsagt vere til stades.

Om du treng ein oppstivar kva Far Cry-serien angår, lanserte Ubisoft tidlegare i år ei samlepakke med alle spela i serien.

Siste fra forsiden