FEATURE: Desse spela gler vi oss til i sommar
Feature
(Foto: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i sommar

Du trudde du skulle ta fri i sommar? Tru om igjen.

Hoy kor tida flyg. No er det sommar igjen, og speltørka er i ferd med å setje inn. Vi har lagt bak oss ein noko ustabil månad på spelfronten, og har gått frå eit skuffande Rage 2, til det mektig imponerande A Plague Tale: Innocence

Tida framfor oss blir garantert like stappfull av intense høgdepunkt etterfølgt av rolege stunder. Om kort tid brakar den årlege E3-messa laus i Los Angeles, og som vanleg kan vi vente oss mange spanande avsløringar, og nytt om etterlengta spel. Vi sender naturlegvis eit par entusiastiske stabmedlem for å dekke galskapen.

Resten av sommaren er fylt med ei rekke lit mindre, men absolutt spanande titlar.

Warhammer: Chaosbane

Mykje gørr og mykje gugge. Foto: Bigben Interactive

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 4. juni

Warhammer-universet er kanskje eit av dei kulaste fantasy-universa som finnest. Det var ein fundamental inspirasjon for WarCraft, og har regjert miniatyrspelverda i fleire tiår. På den digitale fronten har det derimot vore hakket meir ustabilt. Vi har fått nokre gode Warhammer-spel opp gjennom åra, men også ei lang rekke merkelege, billege og strengt tatt unødige spel.

Vi får satse på at Warhammer: Chaosbane blir det første. Dette er eit Diablo-inspirert actioneventyr der du får ta på deg rolla som ein av fire mektige krigarar som gjev seg ut i kampen mot kaosfiendane. Spelet er skrudd mot samarbeid, så om du har nokon å spele saman med, skal du ikkje sjå bort frå at Warhammer: Chaosbane kan setje litt ekstra farge på årets sommarferie.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Warhammer: Chaosbane

Bloodstained: Ritual of the Night

Om du saknar Castlevania, er dette spelet for deg. Foto: Inti Creates

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows
Ute: 18. juni

Kogi Igarashi er betre kjent som Castlevanias far, og etter at han slutta i 2014 var det mange som lurte på kva han skulle finne på vidare. Svaret blei ein Kickstarter-kampanje for Bloodstained: Ritual of the night, eit spel som berre kan sjåast som ein andeleg oppfølgjar til dei klassiske Castlevania-spela.

Bloodstained er eit sideskrollande actionspel der du tek på deg rolla som den unge kvinna Miriam. Ho må reise gjennom eit gotisk verd for å kjempe mot demonar og monster i kjend Castlevania stil. På vegen vil ho samle inn erfaring, og byggje nye våpen før ho møter enda sterkare og farlegare fiendar. Det har vore ein lang prosess å få Bloodstained ferdig, og heile fire plattformversjonar har blitt kansellert undervegs. Når spelet no er lanseringsklart får vi satse på det innfrir forventingane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bloodstained: Ritual of the Night

Crash Team Racing: Nitro-Fueled

Kan Crash Team Racing ta opp kampen mot Mario Kart? Foto: Activision

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One
Ute: 21. juni

Det er ei god tid for kart-racing-entusiastane. Mario Kart 8 Deluxe går framleis godt på Switch, mai fekk besøk av Sonic og gjengen i Team Sonic Racing, og denne månaden er det Crash Team Racing: Nitro-Fueled som står for tur. Crash Team Racing: Nitro-Fueled er teknisk sett ikkje eit heilt nytt spel. Det er basert på Crash Team Racing frå 1999, men hentar inn element frå andre spel i serien, sleng på litt nytt, og pakkar det heile inn i ei nye og lekker drakt.

Med andre ord er det nesten som eit nytt spel å rekne sidan alt har blitt modernisert for eit, tja, moderne publikum. Her blir det køyring på spinnville baner, ei rekke artige maskotar å ta styringa over, bilar å modifisere til eige behov, samt ei rekke våpen du kan sende i rumpa på bilen føre deg. Oppussinga av Crash Bandicoot-spela blei ein diger suksess, og det blir spanande å sjå kva som skjer i denne omgang.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crash Team Racing: Nitro-Fueled

Fire Emblem: Three Houses

Fire Emblem er endeleg tilbake på storskjem. Foto: Nintendo

Plattform: Switch
Ute: 26. juli

For første gong på 12 år får vi endeleg eit Fire Emblem-spel på heimekonsoll, og med Three Houses ser det ut til at utviklarane vil gjere ein del grep for å fornye serien. Du tek denne gong på deg rolla som ei professor hos eit av tre «hus», og må geleide studentane dine gjennom både det akademiske livet, samt gjennom turbaserte kampar i klassisk Fire Emblem-stil.

På akademiet kan studentane dine lære nye eigenskapar, som til dømes bruken av ridedyr, ulike våpen eller magi. Dei kan trene og bli sterkare før du tek dei med ut i ekte kampar, men det er viktig å hugse på at i kjend Fire Emblem-stil vil dei som døyr i kamp forsvinne for altid. Under den akademiske fasaden vil det sjølvsagt skjule seg ei historie full av både politiske intriger og mystiske mysterium.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fire Emblem: Three Houses

Wolfenstein: Youngblood

Blazkowicz-systrene er klare til å sparke rumpe. Foto: Bethesda Softworks

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 29. juli

Nazifjottane ser ikkje ut til å gje seg med det første, og i Wolfenstein: Youngblood har vi teke steget nokre tiår fram i tid, og møter no eit nazitungt 80-tal. Her møter vi tvillingane Jessica og Sophia Blazkowicz, døtrene til Wolfenstein-helten B.J. Blazkowicz. Dei må reise til Paris for å prøve å finne sin legendariske far, som på ein eller anna måte har forsvunne. Samtidig må dei hjelpe den franske motstandsrørsla med å bli kvitt nazisopphjernane som har okkupert landet sidan andre verdskrig.

Her kan vi rekne med intens action i klassisk Wolfenstein-stil. Heftige våpen ventar, og spelet byr på ein langt meir open struktur enn i tidlegare spel. Oppdrag kan løysast i den rekkefølgja du sjølv vil, og i tillegg kan du velje å spele gjennom spelet saman med ein ven. Skulle du ville spele aleine vil du likevel ikkje vere heilt aleine, sidan tvillingsystrene gjer det meste saman.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wolfenstein: Youngblood

Sommarkos

Cadence of Hyrule byr på nostalgisk moro. Foto: Nintendo

Om du verkeleg treng noko å kose deg med i sommar er det kanskje verdt å ta ein kikk på det folkefinansierte skytespelet Hell Let Loose. Dette er kanskje den rake motsetning til Fortnite. I dette skytespelet basert på andre verdskrig lovar utviklarane brutal realisme i kampar der digre lag på opp mot 50 spelarar møter kvarandre i krig.

Hakket meir lettbeint underhaldning finn vi i Cadence of Hyrule. Dette spelet tek gameplayet frå Crypt of the Necrodancer og stappar det inn i Zelda si verd. Den grafiske stilen er plukka rett ut av The Legend of Zelda: A Link to the Past, så dette bør bli triveleg for dei som saknar 90-talet.

Enda meir moro får Switch-eigarane gjennom Super Mario Maker 2. Som det første spelet får du her alle verkty du kan tenkje deg for å lage dine eigne Super Mario-kart. Det første spelet gav liv til nokre sadistiske utfordringar, og det blir spanande å sjå kva folk finn på denne gong.

Meir bygging får vi i Dragon Quest Builders 2. Om du ikkje fekk med deg det første spelet i serien, er konseptet grovt forklart ei kryssing mellom Minecraft og den japanske rollespelserien Dragon Quest.

Om du treng litt meir action enn som så er moglegvis gjensynet med den gamle slåssespelserien Samurai Shodown for deg. Skulle du i staden ha eit akutt behov for høg fart, dukkar kan du køyre formel 1-bilar i F1 2019.

På tampen tek vi med nokre spel som dukkar opp på nye plattformer. Det taktiske spelet Mutant Year Zero: Road to Eden, samt action  spelet Hellblade: Senua's Sacrifice dukkar opp på Switch i løpet av sommaren, medan det tidlegare Switch-eksklusive rollespelet Octopath Traveler tek turen til PC. Vidare dukkar dei tidlegare PlayStation-eksklusive spela Beyond: Two Souls og Journey opp på ein PC nær deg i sommar.

Med det ynskjer vi deg ein god ferie. Snakkast på seinsommaren.

Cadence of Hyrule

Switch
Slippdato: 13. juni 2019
Sjanger: Eventyr, Musikk/rytme
Utvikler: Brace Yourself Games
Utgiver: Nintendo

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen