Anmeldelse

A Plague Tale: Innocence

Eit bitande karakterdrama

A Plague Tale: Innocence er ei gripande reise gjennom pest og galskap.

Eg gjekk inn ganske blind. Namnet på A Plague Tale hadde svirra rundt i sfæren ei stund, men eg visste ikkje stort meir enn at i dette spelet ville eg møte mange rotter. Mange rotter blei det, men òg så mykje, mykje meir. Dette er ei av dei opplevingane du ikkje får mange gongar. Den som tek deg på senga, dreg deg med, og gjer deg tidvis litt paff.

Det første som slår deg i trynet er eigentleg kor vakkert det heile er. Kven er Asobo eigentleg? Dette vesle franske studioet som nok er mest kjende for racingspelet Fuel, men som elles berre eit fåtall har høyrt om? Her kjem dei med ein venstrehook og gjer dei fleste store, pengesterke studio til skamme med eit spel så nydeleg og meisterleg regissert at ein nesten bli paff.

A Plague Tale: Innocence er eit spel som viser nøyaktig kvifor vi treng lineære spel. Ingenting av dette hadde vore mogleg i ei fri og opa verd. Dette spelet gjev oss ei minneverdig historie som i eit stødig og avbalansert tempo tek oss frå den eine staden til den andre. Gjennom varierte og spanande område som alle byr på ulike og unike utfordringar.

Ei mørk tid

A Plague Tale er eit utruleg vakkert spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi følgjer tenåringsjenta Amicia som saman med den vesle broren sin Hugo må flykte frå heimstaden sin då både pesten og og inkvisisjonen bankar på døra. Foreldra er føde for skarpe sverd, Hugo skal fangast, Amicia står i vegen.

Det som følgjer er ei nær og sterk historie med born i hovudrolla, noko som får meg til å grine på nasa berre eg skriv orda. Born er nesten alltid eit negativt element i eit spel. Dei er dumme, naive, og har alltid den irriterande stemma til ein vaksen person som gjer seg til på alle dei feil måtane. Ikkje her. Eit register med utruleg talentfulle unge skodeseplarar har teke bustad i desse figurane, og bringer dei til live på ein måte som ikkje berre gjer deg kjend med dei forskjellige personane, og bryr deg om dei når stygge ting skjer med dei.

At desse unge skodespelarane i tillegg har meistra å leggje om engelsken sin til ein svært truverdig fransk akksent gjer det heile berre meir imponerande.

Men lat oss gå tilbake til grafikken. Asobo Studio har bygd opp sin eigen motor, og den presenterer ei verd som ofte er farleg nær fotorealisme, sjølv om alt likevel heile tida er trygt bada i eit lys som heile tida held spelet støtt unna den frykta uncanny valley. A Plague Tale har absolutt ein tydeleg visuell identitet som kjem tydeleg fram uansett kva du ser på. Eit anna viktig trekk i den visuelle presentasjonen er korleis områda er bygde opp.

I A Plague Tale er det freistande å kalle kvart område ein komposisjon. Det er som om utviklarane til ei kvar tid har tenkt på alt som eit potensielt fotografi, og du blir heile tida leia mot eit forsvinningspunkt. Ei stund går du langs ei elv medan sola er på veg bak horisonten og badar det høge, gule graset i eit varmt lys. Den neste ser du først konturane av eit slott i det fjerne, før måneskinet lyser det opp og viser den dominerande bygningen i høgre detalj. Andre gongar blir du nesten distrahert av å studere alle detaljane i ei skita bakgate. Heile tida blir du ført framover av eit jag etter å sjå kva som er lenger framme. Det er som å gå lengre og lengre inn i eit bilete.

Personane er minst like imponerande. Spelet har kanskje ikkje den same, imponerande animasjonskvaliteten som spel som Devil May cry 5 har, men når du ser inn i andletet på vesle Hugo ser du ikkje ein digital skapning, du ser ein redd, liten gut, og denne overbevisande kvaliteten går igjen når du møter mindre hyggjelege figurar.

Inkvisisjonen er på jakt etter Hugo, men kvifor?
Asobo Studio

Aleine i mørkret

Mekanisk er A Plague Tale eit ganske tradisjonelt snikespel i tredjeperson. Menn med rustning og sverd er ute etter å ta deg, og blir du sett er det ofte einsbetydande med ein rask død. Det er altså best å halde seg i skuggane der ingen kan sjå deg. Ditt einaste våpen er ei lita slynge du etter kvart kan gjere betre ved å bruke diverse materiale du finn rundt omkring. Med denne kan du kaste stein i hovudet på fiendane, knuse glaset på lyktene deira, eller kaste diverse alkemiske substansar som til dømes kan tenne på eit bål, eller sløkkje flammar.

I eit typisk scenario finn vi Amicia og Hugo hukande gjennom ein mørk by. Velta tønner, øydelagde vogner og halvetne lik ligg strødd omkring, medan vakter ruslar fram og tilbake, og utvekslar nokre ord det kan vere interessant å få med seg. I skuggane ventar rottene, og det einaste som held dei tilbake er lyktene til vaktene, og nokre faklar som blafrar einsamt. Gøymd bak ei velta vogn dristar du deg til å sløkkje ein fakkel ved å kaste ei klype pulver på den. Ei vakt oppdagar deg, og kjem i din retning, medan du febrilsk prøvar å sløkkje resten av flammane for å sleppe fri rottene slik at du kan få slutt på problemet.

Sjølv om rottene gjer kål på deg den første sjansen dei får, er dei eit uhyre nyttig verkty for å kome seg forbi soldatane som patruljerer mykje av spelet. Der mørkret får herske veltar dei fram som ei bølgje, men tenn eit bål og dei blir kraftfullt pressa tilbake. Å finne vegen gjennom rottehavet er ei av mange utfordringar du får bryne deg på.

Mange av utfordringane i spelet er reine praktiske utfordringar der du veit kvar du skal, men må finne ein sti gjennom. Kanskje må du tenne nokre lys, sløkkje nokre andre for å få bort ein fiende, eller kaste ei urne for å lokke vaktene bort med litt lyd. A Plague Tale er på ingen måte eit actionspel, og tempoet er ganske lavt, men intensiteten er likevel høg sidan du er uhyre sårbar. Å ta livet av ein fiende er ikkje noko du gjer heile tida, og det inneber stort sett ein risiko for at andre kan høyre deg. I tillegg er A Plague Tale eit av få spel som tek ei lita stund for å vise reaksjonen hos hovudpersonen første gong ho tek eit liv. At du kan velje å spele heile spelet utan brukargrensesnitt på skjermen, gjer innlevinga enda betre.

Alle historier har ein roleg start.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei vandrande forteljing

Den kanskje største stjerna i A Plague Tale, ved sidan av det solide gamplayet er korleis historia aldri sluttar å gje. Dette er ikkje eit spel der du får ein liten historiesekvens før du kastar deg ut i alt frå nokre minutt til nokre timar med gameplay, før du igjen får ein ny sekvens. Her går historia heile tida, medan du spring eller snikar deg rundt i dei mørkaste sidene Frankrike har å by på, er det heile tida noko som skjer. Amicia snakkar kanskje med seg sjølv, kanskje med bror sin, kanskje med nokon andre, eller så må ho vere stille fordi nokon andre seier noko det kan vere nyttig å få med seg.

Det skjer heile tida ting, og spelet stoggar sjeldan for å gje deg ein filmsekvens. Dei kjem, og dei er svært gode, men dei er berre ein liten del av ei meir omfattande historie. Resultatet er at grensene mellom spel og historie fullstendig blir viksa ut til strålande effekt. Når eg tenkjer tilbake til gitte punkt i spelet, hugsar eg ikkje berre kva eg gjorde der og då, men minst like mykje kva som skjedde i historia medan eg gjorde det.

Når ei vakt brått trampar ut frå ei smal gate er det godt mogleg eit utbrot frå Hugo som først gjer deg oppmerksam på at noko skjer. Småpraten mellom Amicia og Hugo, eller andre personar som dukkar opp gjennom historia fortel deg utruleg mykje. Ikkje berre om kven dei er, men om verda dei lev i, og kva som eigentleg skjer. Den gjev spelet ein ekstra, menneskeleg intensitet. Igjen er det kjensla av at dette er meir enn eit spel som set seg. Desse folka er menneske, dei framstår som ekte, og difor blir alt som skjer med dei mykje nærare, og difor meir sårbart.

Konklusjon

Rottesvermen pressar på.
Øystein Furevik/Gamer.no

A Plague Tale: Innocence er eit vanskeleg spel å skildre. Joda, eg kan seie det enkelt og kalle dette eit tradisjonelt snikespel sett til Frankrike i 1348, samstundes med utbrotet av svartedauden. Det hadde vore ei fullstendig korrekt skildring av spelet, men likevel ei skildring som ikkje seier noko som helst om spelet. A Plague Tale er eit snikespel der du skal halde deg lengst mogleg unna fiendane, men det er òg noko heilt anna.

Dette er historia om Amicia, det er historia om den stakkars vesle bror hennar og all jævelskapen dei blir utsette for. Det er historia om nokre få tapre vener som prøver å hjelpe dei, og det er historia om korleis dei vaksne som skal vere den trygge hamna til dei små, nokre gongar er den rake motsetning.

A Plague Tale: Innocence er ei oppleving, og det er eit av dei mest umiddelbart oppslukande spela eg har hatt gleda av å oppleve i nyare tid.

9
/10
A Plague Tale: Innocence
Eit av dei mest umiddelbart oppslukande spela eg har hatt gleda av å oppleve i nyare tid.

Siste fra forsiden