Feature

Speldagbok: PlayerUnknown's Battlegrounds

– Herregud som eg hatar dette spelet, og herregud som eg elskar dette spelet

Eg landar på skifertaket til Hacienda del Patròn med eit dunk. Eit hav av fallskjermar forsvinn rundt meg – alle har hatt akkurat den same idéen. «Trur me har litt selskap her,» seier eg, og hoppar ned på ein veranda. Figuren min må ned på kne i landinga, og eg ser nokre av helsepoenga forsvinne.

«Du seier ikkje det,» konstaterer Fredrik, som har landa på den andre sida av villaen. Det aular av fiendar rundt på eigedomen. Dei sprett opp som små maur, klare til å drepe alt dei ser, ete alt dei kjem over. Det er eit vakkert kaos. Alle er desperate etter noko dei kan forsvare seg med, og å kome seg vekk frå denne fordømte staden.

«Me må samle oss,» seier Gabriel. «Så fort som mogleg».

Eg nikkar. Det er sjølvsagt ingen som ser dette i og med at me sit på Discord, men eg tenker ikkje over det i farta. Merksemda mi er retta mot å finne våpen, finne ein måte å overleve på, halde meg unna endå ein runde som tilskodar i ein timelang spelsession. Eg ser meg rundt i andreetasjen av villaen. Eit bord med nokre gamle flasker står ved eit vindauge, ein korridor med slitte tredører går sørover. Eg kan høyre skritt under meg, over meg. Dei er overalt. Maur.

Hacienda del Patròn er plassen å vere for actionfylte rundar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Fyrverkeriet er i gang, og spelartalet går nedover som ei tikkande klokke.

Det byrjar med ei lett putring frå nokre maskinpistolar, skotsalvar som går att og fram mellom ulike lag, før nokon melder seg på med eit drønn frå ei skarpskyttarrifle. Ein granat går av på taket av huset mitt. Lyden får det til å riste i sjølve fundamentet i bygningen, og eg skvett til. Roleg no, tenkjer eg. Fokuser på deg sjølv. «Er alle i live?» spør eg, og opnar den første døra i korridoren på gløtt.

«Trur det,» svarar Harald. «Er på veg til dykk».

Eg tar eit steg inn i rommet. Veggen er dekkja av svarte kulehol, og ei hylle heng på halv åtte over ei barneseng. Ein blå boks med energidrikke er stilt opp på nattbordet ved senga. Eg legg den i lomma på frakken min, snur meg, og smett inn i det neste rommet. Det er prikk likt. Ingenting å hente her.

Dei neste to romma er ikkje til hjelp dei heller. Ein granat, nokre bandasjar. Lite anna. Eg blir ståande i midten av korridoren og lytte. Det er nokon rett under meg. Av og til er PlayerUnknown’s Battlegrounds litt som eit skrekkspel, berre at det er lyst, det er ingen monster, ingen mørk hemmelegheit. Berre folk, folk som sit bak ein skjerm, med kvar sitt tastatur, kvar si mus. Likevel kjenner eg det gå kaldt nedover ryggen. Det kitlar i magen, sitrar i brystet.

Gabriel og Fredrik snakkar med kvarandre, men eg får ikkje med meg kva som blir sagt. Eg rettar all konsentrasjonen min mot lyden av små føter under meg, som søkjer etter byttedyr, etter nokon dei kan plaffe ned med kva enn det er dei har av våpen.

Figuren min legg seg ned på magen. Den svarte frakken skrapar mot det flisete golvet, og eg ålar meg fram mot enden av korridoren. Det er eit ope rom her. Eit vindauge til høgre, ei trapp ned til venstre. Ein veg til fridom, ein veg til kamp. Og der. Noko i hjørnet, noko viktig. Ei grøn eske. Patronar. Ei rifle. Yes. YES. Eg kan kjenne at ein tyngde lettar seg frå meg, men samstundes er det nokon som nærmar seg trappa i underetasjen. Figuren min sprett opp på beina, sprintar bort i hjørnet. Eg opnar lageret mitt, og prøver febrilsk å dra M416-rifla inn i hendene til figuren min. Spelet gir meg motvillig eskene av ammunisjon, men eg drar rifla over fleire gongar, utan noko effekt. Sjølvsagt skal dette skje akkurat no. Er det ein ting eg har lært etter 400 timar med PUBG, så er det at ein aldri kan ta for gitt at ting fungerer som dei skal.

Heldigvis får eg plukka opp rifla. Eg set på plass magasinet, og trekkjer ladebolten tilbake. Den sprett inn med eit tilfredsstillande klikk. I same augeblikk ser eg toppen av ein motorsykkelhjelm stikke opp over det nedste trinnet i trappa. Eg set nokre kuler i den. Hjelmen forsvinn, og hovudet til ein fiende kjem til syne. Han går rett i bakken.

Eit klassisk scenario på Hacienda del Patròn.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg held siktet mitt mot han, mens eg lyttar etter andre. Fienden tar tak i eit av trappetrinna, og dreg seg nedover mot underetasjen. Det må vere fleire. Eg kan ikkje risikere at dei får han opp att, så eg fyrer av nokre skot til. Kroppen hans rullar ned trappa og stoppar i ein haug på golvet, ein bylt av sundskotne kleder og blod. Ein lokkande trekasse materialiserer seg på liket hans.

«Tok knekken på ein, her,» seier eg, mens nokon traskar rundt under meg. «Eg trur det kjem fleire. Nokon som kan hjelpe meg?»

«Eg kjem,» svarar Gabriel.

«Svarte, det må vere eit heilt lag,» seier eg, og bøyer figuren min ned på huk. Eg held pusten, mens figuren min snik seg nedover den bratte trappa. Trekassen ligg på eit lite platå, der trappa tar ein u-sving mot venstre, ned til neste etasje. Eg veit at dei sit og venter på meg. Det er det eg ville gjort. Eg veit òg at det er ein dårleg idé å prøve å drepe dei aleine, men det er noko inni meg som presser meg rundt hjørnet, ned mot fiendane. Keisemd, utolmod eller noko liknande. Eg har ikkje tid til å berre sitte her og vente på at dei skal angripe meg.

Det får vere no eller aldri. Figuren min stuper mot neste del av trappa, og eg legg fingeren på avtrekkjaren. Eg kjem ut ein liten gang, der to halvnakne, kvite menn står og kikkar mot meg med kvar si pumpehagle. I nokre få millisekund står me der og betraktar kvarandre, før me heilt veit kva som skjer. Eg flytter siktet mot mannen til høgre, som står bak ein potteplante. Alt han har på seg er ei kvit underbukse, og nokre gråe tøflar. Det slår meg som eit merkeleg val av kampantrekk.

Tida snik seg forbi oss i sneglefart – det er nesten som eg kan sjå den. Både eg og fiendane leitar etter den venstre museknappen, den som skal avgjere kven som kjem seg levande vekk frå dette, og kven som må tilbake til lobbyskjermen. Mannen bak potteplanten er først. Eit regn av hagl sprett ut av haglemunningen, og spreier seg rundt meg som ein halo. Dei smell inn i veggen bak meg, der dei malar ein halvmåne i furupanelet.

Eg trykkjer på knappen, og slepp laus ein skotsalve mot kroppen til fienden. Tre av kulene borar seg inn i brystet hans. Raude flekkar viser seg på huda hans, før han går i bakken. Eg får så vidt hoppa tilbake bak hjørnet mitt når den andre hagla går av. Kulene finn kneskåla til figuren min, og halvparten av helsepoenga mine forsvinn.

Finn du ikkje loot her, er du stort sett død.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Fienden kjem mot meg. Han hoppar over ein liten sofa, og pumpar hagla si. Ei raud patron fell ned på bakken med eit klirr, og trillar bort til blodpølen ved den halvdaude lagkameraten. Eg får så vidt med meg den vakre kontrasten via tredjepersonskameraet, som lar meg sjå rundt hjørnet.

Han kjem med jamne steg mot trappa, hagla hans parat til å drepe. Tolmoda mi byrjar å strekkje seg mot slutten. Fingrane klør etter å poppe rundt hjørnet, ta sjansen på at han ikkje er kjapp nok. Sjølvsagt er det ein idiotisk idé, men det er vanskeleg å ikkje gjere noko. Eg venter. Han nærmar seg, og forsvinn inn i blindsonen min, der kameraet ikkje kan sjå han lengre. Kvar muskel i kroppen min er spent, og eg held pusten. Kjem han no. Kvar er han. Kor lenge må eg vente. Det er i slike augeblikk ein lærer kor høglydt stillheit faktisk kan vere.

Ein liten del av munningen på hagla viser seg på kanten av trappa, og eg reagerer instinktivt. Eg byrjar å skyte. Kulene spyr ut av M416-rifla som ein sverm av illsinte insekt. Fienden slenger seg rundt hjørnet mot meg, og blir møtt av ein storm av bly, ein vegg av død. Han blir tatt av kulene midt i lufta, og dett livlaus ned mot bakken. Liket hans kvilar opp mot veggen, og hovudet nikkar ned mot brystet i eit siste andetrekk.

Eg pustar ut. Ei varm kjensle breier seg utover kroppen min, og eg kjenner pulsen banke så hardt at eg nesten trur blodårene mine vil ut. Dette. Dette er grunnen til at eg speler PUBG. Denne kjensla av å få adrenalin sprøyta direkte inn i blodet.

«Fekk has på dei. Takk så mykje for hjelpa da, Gabriel,» seier eg, og plukkar med meg det eg treng frå lootkassane til dei fallne fiendane mine. «Skal me kome oss inn mot sirkelen? Den kunne jo ikkje vore lengre unna».

«Har det eg treng av utstyr, i alle fall,» seier Harald.

«Same her. Såg ein bil nedi gata her, og verkar som alle andre er døde på eigedomen,» seier Fredrik. Han kjem tilbake med ein rustholk av ein lastebil etter ei stund.

«Ikkje pokker om du får køyre,» seier eg. «Hopp over i passasjersetet».

Eg opnar den knirkande døra, og set meg inn i bilen. Den har høg klarering over bakken, og gir meg utsikt over dei langstrakte slettene rundt Hacienda del Patròn. Eg tar ut eit førstehjelpsskrin frå sekken mens eg ventar på dei andre, og fyller opp helsepoenga mine.

«Alle klare?» spør eg i det sistemann set seg i lasteplanet, og eg tråkkar på gasspedalen.

Ute på biltur med gjengen.
Shacknews

Den golde, endelause ørkenen bølgjer opp og ned i det kuperte landskapet. Me køyrer opp ein bratt bakke, mot eit fjellplatå. Det er vanskeleg å halde meir enn tjue kilometer i timen her. Bilen sprett frå den eine humpen til den andre, som om me er deltakarar i Rally Dakar.

Me pratar om laust og fast mens pick-upen forserer dei elendige vegane. Om gode rundar me har hatt med mange drap, om den sjuke acen me fekk i Counter-Strike: Global Offensive sist veke. Den dei andre skulle sett, og knapt ville trudd viss dei hadde. Tida går.

«Greitt at dei har fiksa køyringa litt, i alle fall,» seier Gabriel. «Ikkje pokker om det her hadde vore mogleg for ein månad sidan».

«Eg tar kvart sekund i bil der ein ikkje har velta som ei positiv overrasking,» seier eg tort.

Me køyrer forbi ein liten landsby. Små, halvferdige skur stikk opp frå sanddynene, omringa av gamle blikkplategjerder. Eg kan nesten sjå stivkrampebakteriane kravle rundt på dei.

«Berre nokre hundre meter til sirkelen her no. Tjue spelarar igjen,» seier Gabriel.

«Trur knapt det har skjedd at me har vore fire i live så seint i ein runde,» seier eg, og styrer bilen opp mot ein fjellknaus. Ein stor dal opnar seg framfor oss. Den intense blåfargen i horisonten gir heile området eit preg av å vere ei einaste stor sandstrand, med himmelen som hav. Hjula på bilen spinn opp nokre sandkorn, som blir stole vekk av ein lett bris. Dei svevar nedover dalen, og forsvinn ut av syne. «Reine turistattraksjonen det her,» seier eg.

«Me går til fots heretter. Ikkje vits i å lage meir lyd i ein så liten sirkel,» seier eg, mens eg sjekkar kartet. Den blå veggen har lukka inne dalen i ei boble. Me står i utkanten, og ser rett mot den andre sida. Knapt ein halv kilometer på tvers.

«Skal me kome oss inn mot midten? Eg ser nokre hus nedi der. Tipper det er folk der,» seier eg, og bøyer figuren min ned. Nokre sandhaugar er alt me har som dekkje mot husa, som tårnar over eit lite gardstun. «Sabla ope her, da».

Gabriel og Harald legg seg i hælane mine, og me snik oss nedover bakken på rekkje. «Vent litt,» seier Harald. «Kvar blir det av Fredrik?»

Klare for kamp.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg snur meg opp mot bilen, og blir møtt med eit tomt blikk frå figuren til Fredrik i sveisehjelmen. Han står heilt stille. «Men svarte, då. Kjem du?» spør eg.

«Spelet crasha,» seier han. «Gi meg eit lite minutt».

«Sirkelen kjem om førti sekund, mann,» seier eg. «Det her kjem ikkje til å gå bra. Me får berre kome oss vidare, folkens».

Brølet av ei AWM-rifle bryt gjennom lydbiletet, og eg skvett til. Harald er downa. «Shit, me må kome oss til sikkerheit her,» seier eg, og leiter febrilsk etter ein plass å skjule meg frå dei dødelege prosjektilane. Ei kule rikosjetter av ein stein rett ved meg. «Får me rezza Harald?» spør eg, og får svaret mitt i form av nok ei kule. AWM-skotet kryssar halve kartet, og plasserer seg midt i hjelmen til Harald. Han er ute.

Me nærmar oss dei tre husa, og ein kampestein står i vegen for sikten til skarpskyttaren. «Cover her,» seier eg, og dreg med meg Gabriel bort til steinen. Det er akkurat nok plass til oss begge.

«Der var eg inne igjen ja,» seier Fredrik i det same augeblikket. «Hiv meg i bilen, eg».

«Eh, ja. Harald døydde. Du får kome deg ned. Berre køyr opp til husa,» seier eg, og kikkar mot ein toetasjes bygning femti meter framfor oss. Nokre uthus står på kvar side av bygningen. «Me kjem oss ingen veg. Det er ein sniper mot andre sida av sirkelen, kanskje du kan dekke oss med bilen».

«Den er grei,» seier han, og set i veg ned mot oss, nett då sirkelen byrjar å krympe inn igjen. Den enorme, blå veggen kjem sakte etter han med ein garanti om at her, her skal alle døy.

Køyretøyet rasar mot meg, og eg skimtar Fredrik i førarsetet. «Ro ned farten litt, du,» seier eg.

«Chill,» seier han, og stampar ned på bremsene. Hjulet låsar seg, og bakdelen av bilen svingar ut i ein stilrein boge – den seiglar bortover sanda, utan eit fnugg av feste. «Pokker,» seier Fredrik. Han hoppar ut i fart, rett før bilen snurrar rundt 180 grader, og veltar over på sida. Teksten «Fredrik was knocked out from falling» fyller skjermen min.

« … Du må jo ikkje hoppe ut når bilen er i rørsle, din idiot,» seier Gabriel, hikstande av latter.

Eg legg handa på panna og lukkar augo mine, mens eg humrar for meg sjølv. «Herregud, mann,» seier eg. «Er det mogleg.»

Nitti prosent av køyreturane mine ender slik i PUBG.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

«Ja, whatever,» mumlar Fredrik. Figuren hans ligg nede på alle fire, og kravlar mot steinen vår. «Skal de rezze meg då, eller?»

Skarpskyttaren slår til igjen. I det Fredrik er nokre få centimeter unna steinen, blir han sett av fienden. Han døyr av eit einsleg skot.

«Men i svarte helv-,» byrjar Fredrik, og smell knyttneven ned i tastaturet sitt. Eg gjer absolutt alt eg kan for å ikkje falle av stolen av latter.

«Okay. Okay,» seier eg, og held tilbake latteranfallet. «Sirkelen nærmar seg, og huset er innanfor. Viss me skal ha noko sjans mot dei ti siste spelarane, må me kome oss inn dit, Gabriel».

«Eg har røykgranat,» seier han, og tar fram ein grøn boks.

«Kvifor i all verdas namn og rike sa du ikkje det før no?»

Han hiv granaten, og gjer eit poeng ut av å ignorere meg. Den trillar nedover bakken, før ein tjukk, kvit røyk byrjar å ose opp frå sanda. «Eh, me får vel berre springe, då,» seier eg. Røyken strekkjer seg oppover mot himmelen, og gir oss dekkje frå skarpskyttaren.

Me kjem ned til veggen til det største huset etter nokre nervepirrande sekund, og kikkar inn i kvart vårt vindauge. Det ser klart ut. Eg styrer figuren min inn vindaugskarmen, og det klirrar i knust glas idet eg stuper gjennom. Eit 8x-kikkertsikte ligg på golvet på innsida. «Ser ikkje ut som det har vore nokon her,» seier eg, og monterer siktet på den eine rifla mi.

«Det er nokon på nedsida av huset,» seier eg, og styrtar opp trappa til andre etasje. Eg ser ned mot bakken, og sant nok, der kjem det fire spelarar. «Fullt squad. Er du klar?»

Gabriel byrjar å skyte. Eg byrjar å skyte. Fiendane byrjar å skyte. Ein blir drepen frå ein spray av kuler frå ein anna retning, og eg får has på to.

«Shit! Han tok hjelmen min. Eg må heale,» seier Gabriel, som framleis er nede på bakkenivå og siktar ut av ei dør som er så sundskoten at den ser ut som drivved. Den siste fienden stormar opp mot huset, og smell ned dei siste plankebitane i døra. Han spring rett forbi Gabriel, som sit og legg på nokre bandasjar.

«Kva i?» høyrer eg frå Gabriel, som tar fram ein pistol frå beltet sitt, og plaffar ned fyren. «For eit nek».

Samstundes har kartet vist oss kvar siste sirkel er. Den blå rundingen har konsentrert seg rundt det eine uthuset, aust for bygningen vår.

«Siste sirkel, no! Me kan vinne denne jækelskapen her, berre me gruser dei to siste folka,» seier eg, og merkar at nokre få sveittedropar formar seg på hendene mine. Eg må sleppe musa for å tørke dei av på genseren min, men dei kjem tilbake med ein gong.

Me kjem oss ut på baksida, og sjekkar alle kantane rundt oss. «Det ser klart ut,» seier eg. «Trur du dei er inni skuret?»

«Det hadde vore typisk vår flaks det, ja,» svarar Gabriel. Den blå veggen er berre nokre meter unna no, den er svolten etter å ta oss. I utkanten av gardstunet, på toppen av ein liten sandhaug, står uthuset. «Me må bort dit, uansett kva,» seier eg.

Skuret er knapt høgare enn figuren min, men likevel verkar det som det tårnar over oss. Det er alt som står mellom oss og sigeren.

«Dei er inni der. Garantert. Elles ville me vore døde no,» seier eg. Sirkelen har smyge seg forbi gardshuset, og resten av området er berre sand. Lyden av eit magasin som klikkar på plass bekreftar mistanken min.

Skuret har ei dør på baksida, og eit improvisert vindauge mot vest. «Me må ta dei i vindauget,» seier eg.

Eg drar ut splinten på ein granat, og pælmar den alt eg maktar inn mot hòlet. Granaten byrjar å skru. Den svevar elegant mot det opne «vindauget» – før den smell inn i kanten av hòlet, og kjem i retur.

«AAAAAAAAAAA-,» skrik Gabriel, som ser granaten sprette rett opp i ansiktet sitt. Ein eksplosjon av gule og oransje fargar drep han på sekundet, og stel med seg mesteparten av helsepoenga mine.

«Kva i svarte faen?!» utbryt Gabriel, som no kryp febrilsk rundt på bakken, mens blodet renn som ein foss frå figuren hans.

«Men eg skulle jo berre … » byrjar eg, og kikkar forfjamsa på skjermen. Synet av ein hjelm som rører på seg inne i skuret trekk meg ut av transen, og rettar siktet mot vindauget. Det er ingen veg utom. «Eg må nesten berre la deg døy,» seier eg, og fokuserer på fiendane.

«Veit du kva? Fuck deg,» seier Gabriel, med ein eddiksur tone.

Dei siste sirklane i PUBG gir deg intense kampar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg sirklar rundt uthuset, skyt nokre skot kvar gong eg ser teikn til rørsle. Fiendane tør ikkje ta sjansen på å titte ut av holet i veggen. Dei ligg på golvet under.

Døra på baksida er lukka. Eg grip sjansen til å sette inn eit nytt magasin, og slepp laus ein eldstorm av dimensjonar mot døra. Kulene trenger seg gjennom treverket. Dei første tretti rundane riv vekk døra, og finn målet mitt. Ei kvinne med ein alt for stor ryggsekk blir knocka ned i bakken. Eg finn dekke bak den eine sida av skuret, og høyrer fotstega til den siste når han kjem ut. Han går ut på feil side. No. Kyllingmiddagen er min.

«Vent, hæ?» spør eg.

Ein beskjed kjem opp på skjermen min. PUBG.exe process has crashed. Send crash report?

«I SVARTE HELVETE. ER DU SERIØS?» skrik eg inn i mikrofonen, så høgt at det brenn i lungene mine.

«Fyren kjem til å drepe deg, kvifor rører du ikkje på deg?» spør Gabriel.

«Spelet crasha jo, for faen. Helvettes, faens, pokkers drittspel. Dette er den siste dråpen. No avinnstallerer eg skiten».

«HAH,» utbryt Gabriel. «Det er så fortent».

Eg lukkar Discord, skrur av datamaskinen. Ein solstråle snik seg forbi gardina mi, og speglar seg i den blanke, døde skjermen. Eg blir sittande og stirre på den. Eit raseri ulmar i brystet mitt, det vil ut.

Eg sit slik i ei stund, fram til ei Facebook-melding tikkar inn på mobilen min. Det er Fredrik. Klar for ein runde til?

Sjølvsagt!

--

Dette er tredje del av ein dagbokserie.

Siste fra forsiden