Feature

Horizon Zero Dawn – PlayStation 4 vs. PlayStation 4 Pro

Horizon Zero Dawn er eit visuelt- og teknisk meisterverk

Sjå samanlikning av dei to PlayStation 4-versjonane.

Guerilla Games har vore med på bryte grensene for PlayStation-grafikk over fleire konsollgenerasjonar. Killzone-serien, sist med Killzone: Shadow Fall, har presentert grafikkløysingar som mange andre utviklarar har henta inspirasjon frå. Men spela har nok så langt blitt meir kjend for innpakking enn innhald, og det har Guerilla Games bestemt seg for å gjere noko med – derav Horizon Zero Dawn.

Vår anmeldar Jonas Magerøy meinte spelet er ein glimrande sandkasse med særpreg, som kombinerer dei fremste styrkane til sjangeren. Vidare poengterte han kor bra spelet ser ut på vanleg PlayStation 4, som denne saka vil sjå nærmare på.

Me har samanlikna dei ulike grafikkmodusane på PlayStation 4 Pro opp mot standardutgåva.

Nær perfekt yting

Standard4 Pro4K4
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro (4K) til høgre

Spelet har imponerande få problem. Det einaste eg vil peike på – og då er eg pirkete – er nokre få problem med kamera som oppfører seg litt merkeleg, små synkroniseringsproblem med lyd og at Aloy kan bli dytta til plassar ho ikkje kjem seg ut frå av maskinane. Eg har strengt tatt ikkje noko anna negativt å seie om dei tekniske sidene av spelet.

Horizon Zero Dawn har låst biletefrekvens til 30 på både Pro og standard PlayStation 4, men korleis dei har fått spelet til å køyre på sistnemnde utan problem med biletedropp er eit mysterium. Ytinga er heilt eminent, med ein nærmast perfekt biletefrekvens. I løpet av 10 timar med spelet har eg enno ikkje merka eit snev til variasjon i yting, og benchmarks viser at ein særs sjeldan kjem under 30 bilete per sekund. Ein venner seg fort til å spele med 30 i staden for 60, så lenge biletefrekvensen er så ekstremt jamn.

Det er sjeldan me får så gode konsollversjonar av spel. PlayStation 4 Pro-versjonen av Uncharted 4: A Thief's End er kanskje det einaste spelet som imponerer meir på plattformen.

Eit visuelt meisterverk

Standard5 Pro4K5
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro i 4K til høgre.

Horizon Zero Dawn oppnår ein briljant kombinasjon av grafisk kvalitet, ljossetting og fargebalanse. Det er eit av dei vakraste spela nokosinne laga.

Utviklaren har vore særs detaljorientert i utviklinga av spelet, der alle nivåa av grafikken har blitt utforma på eit meisterleg vis. Ta den flotte djupneskarpleiken som døme. Eg merka strengt tatt ikkje at spelet hadde djupneskarpleik før eg byrja å skrive denne saken, og spurde meg sjølv om korleis den var. Mens mange andre spel slit med forstyrrande og påtrengande uskarpleik i distansen, klarar Horizon Zero Dawn å skape ein fullstendig naturleg djupneskarpleik. Den er akkurat slik den skal vere.

Les også
Anmeldelse: Horizon Zero Dawn

Skyene er eit anna døme på utviklarens perfeksjonisme. Dei brukar noko som heiter «volumetriske skyer», som gir eit nærmast fotorealistisk bilete av himmelen. Eg har berre sett noko liknande i The Witcher 3: Wild Hunt på PC, men då må ein laste ned ein modifikasjon.

Likevel er det kantutjamninga som verkeleg skiljer seg ut. Forskjellane mellom vanleg PlayStation 4 og Pro-utgåva ser eigentleg ganske små ut, som er på grunn av den solide kantutjamninga på standardversjonen. PlayStation 4 Pro brukar «checkerboard rendering» til å oppskalere biletet til full 4K Ultra HD, men samanlikna med den vanlege versjonen er ulikheitene forsvinnande små (ein vil sjølvsagt merke litt meir forskjell på ein TV enn med samanlikningsbileta). Teksturkvaliteten er skarpare og meir detaljert på PlayStation 4 Pro, men ein skal sjå etter for å legge merke til forskjellen.

Underteikna har diverre ikkje fått testa spelet med «High Dynamic Range», som er tilgjengeleg på PlayStation 4 Pro-versjonen.

Valmoglegheiter på PlayStation 4 Pro

Pro4K13 ProFPS13
PlayStation 4 Pro 4K til venstre, PlayStation 4 Pro med ytingsmodus til høgre.

Dei som berre har 1920x1080-skjerm får nyte av full 4K Ultra HD, nesten like godt som på vanleg UHD-skjerm. Spelet bruker nemleg supersampling – ein form for kantutjamning – som teiknar spelet i 4K og viser det i 1080p, på same vis som NVIDIAs Dynamic Super Resolution.

Som i Rise of The Tomb Raider, har Horizon Zero Dawn forskjellege grafikkinnstillingar på PlayStation 4 Pro. Ein kan velje mellom ein modus som aukar oppløysing, og ein som teiknar spelet i 1920x1080 med høgare detaljnivå enn standard-versjonen, for å auke biletefrekvens. Moglegheita til å skreddarsy grafikk er ein av PC-plattformens fremste styrkar, og me ser at nokre utviklarar har forstått dette. Diverre er det ingen modus som skrur opp biletefrekvensen til 60, men «favor performance»-modusen leverer ein fullstendig feilfri biletefrekvens.

Forskjellen mellom dei to PlayStation 4 Pro-utgåvene er ikkje all verda, men den jamne biletefrekvensen kjem på kostnad av litt lågare detaljnivå og dårlegare anisotropisk filtrering.

Konklusjon

Pro4K10 ProFPS10
PlayStation 4 Pro med modus for auka oppløysing til venstre, og forbetra yting til høgre.

Horizon Zero Dawn eit av dei teknisk beste konsollspela nokosinne. Som i Uncharted 4: A Thief's End er det lite å sette fingeren på, ei enorm verd med veldig få feil. Guerilla Games sin nye grafikkmotor Decima, som brukast i Hideo Kojimas komande storspel Death Stranding, er rett og slett fantastisk. Det er utruleg kor mykje utviklaren får ut av PlayStation 4-maskinvaren. Eg hadde aldri trudd at forskjellane mellom standard- og Pro-utgåva ville vere så små som dei er.

Spelet ser definitivt betre ut på Pro, spesielt viss ein har 4K-TV, men uansett kva versjon du vel, har du ei glimrande oppleving i vente.

Har du fått med deg våre andre samanlikningssaker? Kanskje er du interessert i For Honor, Sniper Elite 4 eller Modern Warfare Remastered?

Fleire samanlikningsbilete leggast under dette. Merk at skilnad i ljosbalanse skuldast ulike tidspunkt på dagen, då det er vanskeleg å finne den eksakt same tida. Fotomodusen fungerer ikkje på alle stadar, som har eit verktøy for å endre tida.

Standard6 ProFPS6
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro med modus for auka biletefrekvens til høgre.

Standard2 Pro4K2
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro med modus for auka biletekvalitet til høgre.

Standard3 Pro4K3
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro med modus for auka biletekvalitet til høgre.

Siste fra forsiden