Feature

Spillåret 2019 - Bjarte Wathne Helgesen

Ti spel Bjarte gler seg til i 2019

Bjarte ser mellom anna fram til ein zombieapokalypse, eit norsk fjordmysterium, og noko berre Hideo Kojima veit kva er.

1: Steampunk i skyene, mysterier i fjordane
2: Drikkeleikar med djevelen og Kojima-simulator 2019

Me i Gamer-redaksjonen held fram me vår årlege tradisjon: Å lista opp dei ti spela me gler oss mest til i året som kjem. Nå er det min tur.

2018 var eit år der opptil fleire veldig store og veldig påkosta spel gjorde braksuksess, men der me òg fekk stifta kjennskap med titlar me knapt hadde høyrd om før me hadde dei i hendene. Det vesle mobilspelet Florence utvida mi forståing av kva eit mobilspel kan vera. Return of the Obra Dinn skapte sjangeren "dødssudoku". Celeste brukte plattformsjangeren til å retta fokus mot psykisk sjukdom.

Kva så med 2019? Vel, i ei verd som på mange måtar er i ferd med å bli meir skremmande og uføreseieleg, meiner eg likevel at me ser ein spelbransje i positiv utvikling. Me ser stadig oftare stadig meir kreativ bruk av mediet, som får oss til å tenkja på spel på nye måtar, og som får oss til å forstå verda og menneska i den på nye måtar. Stadig fleire mennesketypar blir representerte og kan føla seg heime i spel. Eg trur og håpar denne utviklinga fortset i 2019, og eg ser spesielt fram til følgjande ti spel:

Sjå også listene til:

Sunless Skies

Sjanger: Rollespel
System: Windows, Mac, Linux
Utviklar: Failbetter Games
Kjem: 31. januar

Eg blei fullstendig fortrylla av forløparen Sunless Sea då det kom ut i 2015. Kombinasjonen av ein mystisk og surrealistisk setting, tungt fokus på utforsking og eventyr, og beint fram fantastiske litterære skildringar av dei mange øyane og rare øybuarane på The Unterzee, traff meg hardt i hjarterøtene. Litt meir om dette kan du lesa i den beklagelegvis aldri fullførte speldagboka mi frå eit par år tilbake.

Denne gongen har me altså flytta oss opp i skyene, men så vidt eg har forstått er det framleis utforskartrang og rollespelelement som står i sentrum i det fargerike og steampunk-inspirerte Fallen London-universet. Eg ser overhodet ingen grunn til å tvila på at manuskriptet framleis held eit svært høgt nivå, men det skal bli innmari spennande å sjå kva endringar som er gjort på spelfronten denne gong. Klarer Failbetter å utbetra eller unngå dei små feilstega som kanskje gjorde Sunless Sea litt einsformig i lengda?

Days Gone

Sjanger: Action
System: PlayStation 4
Utviklar: Bend Studio
Kjem: 26. april

Sony har gjort det stort på eksklusivitetsfronten dei siste åra, og med The Last of Us Part II og Death Stranding på tapetet ser framtida òg lys ut for dei. Zombieapokalypsen i Days Gone ser derimot ut til å ha hamna litt mellom to stolar i så måte, kanskje dels fordi Sony ikkje har pusha det så hardt som ein skulle tru dei ville gjera med ein såpass påkosta eksklusiv tittel. Kan det tyda på at dei ikkje heilt har klokkartru på det? Ja, det kan jo for så vidt det, men eg synst eigentleg det ser ganske interessant ut likevel.

Eit spel som lar meg motorsykla fritt rundt i ei stor postapokalyptisk og zombieinfestert verd, er definitivt verdt ein kikk i mi bok. Inntrykket mitt frå trailerane er at Days Gone inneheld element av spel som The Last of Us og Far Cry, kanskje til og med eit ørlite snev av Just Cause – ei blanding som i mine auge kan bli svært smakfull. Klarer Bend Studio å handtera balansen mellom kaoset i zombieapokalypsen og dei stille stundene innimellom slaga, så trur eg faktisk dette kan bli vel verdt ventetida.

Les også
Anmeldelse: Death Stranding

Beyond Blue

Sjanger: Eventyr
System: Windows, Mac, Linux, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: E-Line Media
Kjem: 2019

Forholdet mitt til havet er ikkje heilt ukomplisert. Det er lite som gir meg meir ubehag enn tanken på å befinna seg midt utpå djuphavet med fleire tusen meter ned til botnen under meg. Noko så banalt som å farta over Stillehavet på satelittmodus i Google Maps gir meg ein prikkande uro i kroppen. Samtidig kjenner eg ei sterk tiltrekking til havet som setting, både i spel og andre medier. Eg beint framt elskar Finding Nemo. Abzû var ein av mine absolutte favorittar i 2016.

Beyond Blue er utvikla av E-Line Studio, folka bak Never Alone, eit spel som fortalte ei tradisjonell historie frå ein urbefolkning i Alaska. Denne gong skal dei vera inspirerte av BBCs naturserie Blue Planet, og havforurensing skal vera eit tematisk sentrum. Eg veit ærleg talt ikkje så mykje meir om spelet enn at det inneber utforsking i dykkardrakt, men det utgangspunkt er i grunn godt nok for meg. Og ja, eg veit at eg bør spela meir Subnautica. Eg skal berre, skal berre.

Draugen

Sjanger: Eventyr
System: Windows, Linux, Mac, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Red Thread Games
Kjem: 2019

Det er allereie eit halvt tiår sidan Draugen først blei annonsert av norske Red Thread Games. Eg hadde nesten byrja å frykta at spelet skulle hamna på den berykta vaporware-skraphaugen. Men så, utan forvarsel, dukka det plutseleg opp igjen i haust. Det kan verka som om sjølve premissen bak spelet har endra seg ein del i løpet av dei åra som har gått sidan sist me høyrde om det, frå utforsking av ei mystisk folketom bygd til ei leiting etter hovudpersonen si syster. Det treng aldeles ikkje vera negativt.

Men eit slags bygdemysterium ser det i alle høve ut til at me står overfor, plassert inst i ein norsk fjord på 1920-talet. Traileren under tydar på ein estetisk stil som er svært gjenkjenneleg for oss som har vore ørlite borti norsk kulturhistorie. Ragnar Tørnquist sin evne til å fortelja engasjerande historier er heller ikkje til å kimsa av. Legg så til det lett overnaturlege elementet som er antyda av tittelen, så skal du ikkje sjå vekk ifrå at du er på sporet av noko litt magisk.

The Outer Worlds

Sjanger: Rollespel
System: Windows, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Obsidian
Kjem: 2019

Enkelte vil kanskje påstå at Fallout-namnet har fått seg eit par riper i lakken i det siste. Eg vil ikkje seia meg direkte ueinig i det. Nå er jo ikkje Outer Worlds eit spel i den serien, men det er nok ikkje utan grunn at spelet blei annonsert med merkelappen «frå folka som skapte Fallout». For dette ser veldig ut som eit Fallout frå ein alternativ dimensjon, der me har hamna i verdsrommet, og ein liten bit BioShock har blitt med på reisa.

Som ein av dei som er veldig fascinert av stilen og settinga til Fallout, men ikkje er heilt overbevist av retninga serien har tatt i seinare tid, er eg særdeles spent på kva rollespel-ekspertisen i Obsidian kan få til i eit slikt univers, med presumptivt fullstendig frie tøyler. Me veit rett nok ikkje veldig mykje ennå, men det vesle me har sett, har iallfall gått rett heim hos meg.

1: Steampunk i skyene, mysterier i fjordane
2: Drikkeleikar med djevelen og Kojima-simulator 2019

Siste fra forsiden