Final Fantasy Type-0 kan framleis kome til Europa

Nytt mobilspel gjev fornya håp for PSP-rollespelet.

Ei sår torn i mang ein spelefinger er PSP-rollespelet Final Fantasy Type-0 frå Square Enix. Dette rollespelet var i utgangspunktet eit ledd i Fabula Nova Crystallis-konseptet til Square Enix som omfatta Final Fantasy XIII, Final Fantasy Versus XIII og Final Fantasy Agito XIII.

Final Fantasy Versus XIII blei tidlegare i år omdøypt til Final Fantasy XV, medan Final Fantasy Agito XIII fekk namnet sitt endra til Final Fantasy Type-0 fordi utviklarane meinte det ikkje lenger passa inn i Fabula Nova Crystallis-mytologien.

Skjermbilete frå Final Fantasy Type-0.

Final Fantasy Type-0 fekk solid mottaking då det blei lansert i Japan, og ei lokalisering av spelet var nesten ferdig. Likevel har spelet aldri blitt lansert utanfor Japan, noko som har vore årsak til stor frustrasjon blant Final Fantasy-fans.

Digital nedlasting neste stopp?

Nyleg kunngjorde Square Enix mobilspelet Final Fantasy Agito som vil foregå i same verd som Type-0. USGamer har snakka med Hajime Tabata som er sjefen for spelet, og han kan fortelje at Agito definitivt vil bli lokalisert. Dette er ingen garanti for at spelet vil bli lansert i Europa, men Tabata fortel vidare at han framleis håpar å få Type-0 lansert, gjerne via PlayStation Network, spesielt sidan han meiner Type-0 og Agito er to spel som høyrer saman.

På tampen kan USGamer fortelje at entusiasmen frå fanskarane rundt Type-0 har fornya Square Enix si interesse i å gjere spelet tilgjengeleg.

Final Fantasy Agito blir utvikla for iOS og Android. Du kan sjå ein trailer nedanfor.

Les også: Sniktitt: Lightning Returns: Final Fantasy XIII Les også: Sniktitt: Final Fantasy X/X-2 HD Remaster

Siste fra forsiden